mandag 16. desember 2013

I fritt fall

Korleis føltes det
Å ta det siste skrittet
Var du framleis sikker,
Hadde du ingen tvil

Kor mange spurte deg
Korleis hjarta ditt kjentes
Og slapp du nokon inn
Nokon gong

Var du like sikker
Då du mista kontakten
Med brua
Var du ikkje redd
Eit lite sekund

Kortid vart du han
Som møtte døden åleine
Som frivillig forlot verda
I fritt fall

mandag 9. desember 2013

Verda forstyrrar oss, så lat oss reise

Eg og deg, og fjellet

Eg vil dra deg opp på fjellet
Der berre eg og deg skal vera

Me skal la verda vera att der nede
med sine bilar,  klokker, mobilar

Me skal ikkje ha noko slikt
For det er nok med meg og deg
Meir enn nok

All verdas flotte dingsar klarar ikkje nå deg til knedna

Eg treng berre deg
og fjellet

Eg og deg
og fjellet
 

lørdag 7. desember 2013

Når ein vaknar midt på natta og må skrive

Eg har brukt så lang tid på å finne meg sjølv. Finne ut kven eg er. Kva eg kjenner, djupt der inne, ein stad.
Eg har brukt så lang tid, uendelig med tid, på å finne hjarta mitt. På å kjenne slaga, kjenne varmen. På å finne ut at det som hjarta mitt vil er riktig.
Riktig for meg.

Eg har gjort så mykje teit. Så mykje unødvendig. Sagt så mange feile ord. Sett på verda med heilt feile auge.
Feile auge for meg.

Og no er eg her.
Har funne meg.
Har funne dei riktige augene.
Har funne hjarta.

Men så ligg eg vaken og tenker på alle stiane eg har gått. Stiane som har vist seg å vera blindvegar. Stygge grusvegar utan meining.

Eg berre ligg her.
Vaken.
Med hjarta i hendene.
Med fortida i tankane.
Utan plass til framtida.

torsdag 28. november 2013

Fruer

Eg e redd for det perfekte. Redd fordi det får alt med meg sjølv til å verka så fuckings feil. Dei mørke tankane mine, dei svære låra mine og middagskvilen på sofaen. Eg har kjempa lenge mot min trang til å vera perfekt. Min trang til å ikkje visa fram at eg ligg på sofaen. At eg kan sei feil ting. At eg kan gjere feile ting. Trangen til å ikkje visa heile meg. Sårbare meg, som kan sove ein heil dag i strekk og som får lyst å gje opp heile verda inni mellom. Ganske ofte.

I alle fall låra mine. 

Eg er kanskje patetisk,
men fotballfruer og andre fruer set meg tilbake.
Eg burde vera glad. Glad for at nokon har det så flott. Så rosa, så perfekt.

Men eg blir redd.
Redd for at det faktisk finst slike personar,
som er akkurat det eg alltid har drøymt om å bli:

Perfekt.

fredag 8. november 2013

Ein gong, der framme

Vær stille, hjarta mitt
Det går fint
Det ordnar seg
Ein gong

Hysj, ro deg ned
Einsemda forsvinn
Hjarta blir varmt
Ein eller annan gong

Ikkje grin, hjarta mitt
Du må fortsette
å pumpe.
Til det ein gong
blir betre
Til det ein gong
blir bra

Hald ut
Vær sterk no
Det kjem ein dag
du kan slappa av

Eg veit
kva hjarte
du vil vera nære
Kanskje får du det
Ein gong

Ein gong
Der framme

tirsdag 5. november 2013

Skjebnar

"Det e mång ei skjebne", hugse eg mora mi sa då me køyrde forbi Standkaien i Bergen ein laurdagskveld.
 
Denne veka har eg tenkt på desse orda. På alle ulukkelige skjebnar. 

Eg tenker på skjebna til dei som sitt i ei stove i Årdal,
med ein person mindre rundt middagsbordet.
Eg tenker på skjebna til ein mann frå Sør-Sudan,
som var så desperat og så sjuk utan at nokon såg det.
Eg tenker på skjebna til ein 50år gammal svensk mann,
som tok sin siste tur med bussen heim til Sverige.
Eg tenker på skjebna til dei som ser ut som mannen frå Sør-Sudan,
som no blir dømde av så alt for mange.
Eg tenker på skjebna til ein vanleg bussjåfør,
som ikkje visste korleis arbeidsdagen skulle utvikle seg.
Eg tenker på skjebna til resten av Noregs asylsøkarar.
Korleis har dei det, eigentlig?
Eg tenker på skjebna til ei 19 år gamal jente,
som berre skulle tilbake til skulen.
 
Etter 22.juli var me fulle av sjokk, sorg, kjærleik og fellesskap.
Etter 4.november er me fulle av sjokk, sorg, kjærleik for nordmenn og hat mot framande. 

Dette gjer meg redd.
For Noregs skjebne.

torsdag 17. oktober 2013

Lukke-fjas

Kva er lukke? For meg er lukke å sjå "Dagsrevyen" heilt åleine, etterfølgt av "Debatten" seinare på kvelden. For meg er lukke djupe samtalar om religion, lokalfotball og FRP klokka tre om natta. Lukke for meg er norske eple om hausten,  ei støttande og varm hand på korsryggen eller ein kopp kaffi i sofaen saman med pappa.  
For deg er lukke noko anna. Du hatar kanskje Dagsrevyen eller kaffi. Du synst kanskje djupe samtalar på fest er totalt unødvendig og vil heller danse natta lang. Kvifor? Fordi lukke er individuelt. Lukke er forskjellig frå menneske til menneske og det finns ingen fasitsvar på kva det er.

I desse dagar går ein serie på NRK, som heiter "Oppdrag lykke". Me møter fire forskjellige menneske, som alle er sjølverklært ulukkelige. Dei ynskjer å bli det motsette, nemlig lukkelege, og me følgjer desse gjennom eit program som skal endre korleis dei tenker ved bruk av positiv psykologi. I fyrste episode får dei resultata av ein lukketest dei har tatt og alle får ein bekreftelse på at dei ligg godt under gjennomsnitt-nordmannen når det gjeld å vera lukkeleg. Samtidig informerer NRK om at alle kan ta testen på nrk.no. Eg gjer dette og får spørsmål som : "Generelt sett, hvor lykkelig er du?", "Hvor meningsfylt synes du livet ditt er?" og "Hvor verdifylt synes du livet ditt er?". Store spørsmål, som i seg sjølv gjer meg stressa. Eg ender opp med 39 av 100 i lukkelegeheitsgrad, godt under gjennomsnitt-nordmannen som skal vera 67 ifølge NRK. Vidare får eg spørsmål om kor sosial eg er, kor mykje eg trener og korleis eg ser på framtida. Etterfølgt av råd om at eg må trene meir, vera meir sosial og bli ein optimist som ser lysare på ting. Enkle greier... Dei neste dagane ser eg fleire overskrifter på heimesida til NRK som "Slik blir du lykkeligere", "Slik får du lykkelige barn" og ikkje minst "Lykke er smittsomt". Det er som om kanalen, som elles satse på djupe innslag med mykje kunnskap og refleksjon, er blitt inspirert av VG sine enkle overskrifter og løysningar.

Testen er laga med utgangspunkt i at lukke kan lærast. Dette er eg ikkje ueinig i. Eg er ikkje ueinig i at ulike måtar å tenke på kan gjere deg ulukkeleg, og at desse tankane kan endrast eller gjerast noko med, slik at ein i større grad blir ein meir nøgd og lukkeleg person. Det er det eg har drive med dei siste to åra, saman med psykologen min. Eg blir likevel, for første gong i mitt liv, skuffa over NRK, som vel ein sånn overflatisk måte å fortelje andre om kva lukke er. Programmet i seg sjølv kan eg leve med, det er interessant å høyre om andre sine tankar rundt eigen lukke og sjå deira prosess. Eg har òg tru på at personane i programmet kan få ein betre kvardag, fordi dei får individuell oppfølging. Men ein sånn "slik blir du lukkeleg" greier som testen til NRK legg opp til og ikkje minst overskriftene på heimesida deira dei siste vekene, gjer meg kvalm.

Eg blir irritert når nokon prøver å prakke på meg lukke. Si eiga definisjon på lukke. Eg blir irritert over overskrifter i hytt og pine om kor lett det er å bli lukkeleg, bli nøgd med eigen kropp og få eit supert sexliv. Eg irritere meg over fasitsvar, fordi det ikkje finnes fasitsvar. Det finns ikkje ein måte eit menneske fungere på. Me er ikkje robotar eller tekniske dupedittar som fungere likt berre ein trykker på dei rette knappane. Og eg irritere meg, fordi fasitsvar og enkle løysningar gjer folk motsatt av lukkeleg. Faktisk meir ulukkeleg. For det er jo ikkje så enkelt, som det verkar. Og kva skjer med desse ulukkelege (i alle fall i følgje testen) personane som ikkje blir lukkelege sjølv om dei følgjer desse råda? Dei blir endå meir ulukkelege og endå meir håplause, fordi media og verda seier at "så enkelt er det".

Og kva med meg? Kan eg aldri bli lukkeleg? Etter to år med intens jobbing i terapi, så har eg fuckings-39 av 100 poeng i lukke? Ikkje pokker. Eg hatar testen og testen har feil. Eg er kanskje meir bekymra enn andre, meir uroa for framtida, mindre sosial, men det er fordi det er sånn eg er. Det er sånn eg fungere. Eg treng å vera åleine å fordøye alle inntrykk eg får i løpet av ein dag. Eg har lært å akseptere min eigen måte å vera på, med alle tankane og bekymringane som fylgjer med. Eg vil aldri bli ein person som ikkje bekymrar seg for framtida, for seg sjølv og for menneska rundt seg. Eller ein person som aldri stressar og som alltid har positive tankar. Men eg er blitt ein person som har akseptert meg sjølv og lar ikkje lenger denne bekymringa og frykta for alt mulig ta overhand. Det berre er der, oppi hovudet mitt. Eg har til og med lært å like desse sidene ved meg. Dei er ikkje så negative som dei verker og eg kan bruke dei på ein god måte. Både for meg sjølv og andre.

Du er kanskje heilt annleis enn meg, eller kanskje litt lik. Eg veit ikkje korleis du fungerar og eg veit ikkje kva lukke er for deg. Men ein ting er sikkert: Eg veit, for min eigen del, korleis det er å vera ulukkeleg. Og i dag så veit eg at eg er lukkeligare enn 39. Eg berre veit det.