Eg og Halldis er mykje med kvarandre for tida. Kvar kveld, før eg sovnar. Ein morgon i ny og ne. Eg ligg i senga og smakar på kvart einaste ord ho gjev meg. Kvart einaste ord. Eg finn ein ny meining med orda hennar rett som det er. Ho er spennande, på den måten. Ein veit aldri heilt kva ho meinar eller kven ho tenkjer på. Men ho tenkjer mykje. Eg og ho er like, på ein måte. Ho seier akkurat det er tenkjer og det eg kjenner på. Ho har tydeligvis vore gjennom det same som meg. Følt det same. Kjent på dei same kjenslene. Det er godt. Støttande, på eit vis.
Takk, Halldis.
ORD OVER EI GRIND
Du går fram til mi inste grind
Og eg går fram til di
Innanfor den er kvar av oss einsam
Og det skal vi alltid bli
Aldri trenge seg lenger fram
Var lova som gjaldt oss to
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
Var møtet tillit og ro
Står du der ikkje ein dag eg kjem
Fell det meg lett å snu
Når eg har stått litt og sett mot huset
Og tenkt på at der bor du
Så lenge eg veit du vil koma i blant
Som no over knastrande grus
Og smile glad når du ser meg stå her
Skal eg ha ein heim i mitt hus
Halldis Moren Vesaas
søndag 28. oktober 2012
lørdag 27. oktober 2012
Ikkje la meg...
Ikkje la meg vera åleine
Det er då dei verste tankane kjem
Ikkje la meg synke ned i mitt mørke
Det er der håplausheita rår
Ikkje la meg fortelje deg at eg har det bra
Det er der eg gjer feil, gong på gong
Ikkje la meg liggje våken om natta
Det er då eg blir åleine, med meg sjølv
Ikkje la meg bli overbevist av tankane mine
Tankane mine, som berre visar meg mørket
Det er i mørket eg blir åleine
Og åleine, bør ingen vera
Tone Mjelde

torsdag 25. oktober 2012
Den fyrste snøen
Den fyrste snøen
kom i dag.
Eg såg den såvidt
men den var der.
Dei fyrste flaka
som markerer starten
på vinteren
på kulden
på mørket.
Dei ser så
harmlause ut
snøflaka,
men eg veit kva dei betyr;
Starta på ei ny årstid
Ei ny årstid
Utan deg
kom i dag.
Eg såg den såvidt
men den var der.
Dei fyrste flaka
som markerer starten
på vinteren
på kulden
på mørket.
Dei ser så
harmlause ut
snøflaka,
men eg veit kva dei betyr;
Starta på ei ny årstid
Ei ny årstid
Utan deg
tirsdag 23. oktober 2012
Meir enn berre fotball
Det er med tungt hjarte eg innser at fotballsesongen går mot
slutten og ein vinter utan lokalfotball står for tur. Det har vore nok eit
flott år med mykje fotball, mange solgte vaflar, sosiale stunder og både glede
og sorg. Som styremedlem i Hausvik FK tilbringe eg litt tid på idrettsplassen
og i klubbhuset i Haus, saman med mange, mange andre flinke og engasjerte
Hausingar. Sjølv om eg sitt i styret og burde vore veldig fotballinteressert,
sett Premier League og iallefall heia på eit lag utanom Hausvik, så er eg
heller av den typen som gjerne er meir opptatt av kor mykje pengar kiosken fekk
inn på ein kamp, enn om det var offside eller ikkje offside. Og som heller er
opptatt om vaflane var gode enn om det var feilkast eller ikkje. Likevel så
sitt eg i eit fotballstyre, ser fotballkampar og plutselig så likar eg fotball
utrulig godt. I alle fall lokalfotballen.
For lokalfotball er ikkje
berre fotball. Den er så utrulig mykje
meir. Sjølvsagt er det viktig å spele god fotball og at ballen går forbi
keeperen i ny og ne liksom, men det er ikkje berre den fotballen det handlar om.
Lokalfotball er fedre, som stolt ser bornet sitt score sitt fyrste mål og
"fotballmammaer", som klagar over kunstgrasknottar i heile huset.
Lokalfotball er å juble over å så vidt behalde plassen sin i 6.divisjon, etterfylgt
av ein heidundrandes fest med allsong og frysningar på ryggen. Det er heiing og
oppmuntring, sjølv om keeperen mista ballen mellom beina. Det er diskusjonar
etter kampen om "drittdommaren", som openbart dømte imot Hausvik. Det er heimelaga bollar i kiosken og litt
utgått brus. Lokalfotballen er ungdomsjenter som møter opp på kampar, totalt
uinteressert i fotball, men fryktelig forelska i spissen og pittelitt i
høgrebacken. Det er trenarar som favoriserer sin eigen son eller dotter og som
skrik heilt til dei blir hese. Lokalfotballen er samtaleemnet på butikken.
Lokalfotballen er limet i bygda.
Dette limet er grunnen til at eg liker lokalfotballen så godt og det er grunnen til at eg sitt i eit fotballstyre. For limet er så utrulig viktig for ei bygd. Det skapar tilhørigheit, samhald og fellesskap. Me finn det ikkje berre i fotballen, men også i resten av frivilligheita i bygda. I musikklaget. I ungdomslaget. I speidaren. Dette limet gjer at ei bygd fortsett å fungere og ikkje dør ut. Det er det som gjer at folk blir buande og kjem tilbake til bygda etter livet i byen. "Fotballpuben" er kjekk ei stund liksom, men etterkvart så saknar ein å stå på sidelinja i Haus med ei varm vaffel i handa. Limet skapar aktivitet og engasjement og det får heile bygda til å legge vekk alt anna enn dugnadsarbeid i to år, slik at ein kan bli ferdig med kunstgraslegging og opprusting av idrettsplassen. Limet gjer at foreldre vil ofre fleire kveldar i veka som trenarar og supporterar. Limet er det som får oss til å føle at me høyrer heime ein stad og at ein høyrer til eit fellesskap. Eit fellesskap som er opent for alle. Ja, berre ein heier på riktig lag då sjølvsagt.
For alle kan møte opp som tilskodar på kampar. Lokalfotballen passar nemlig for allslags folk. Både for dei som faktisk er fotballinteresserte og for dei som "berre" er forelska i midtstopparen. Ein har ein lika god grunn til å ville sjå kampen. Og når ein ser på lokalfotball, så er det lov å skrike på feil plass eller sei at det er offside, sjølv om det soleklart ikkje er det. Eller å skrike straffe sjølv om spelarane ikkje er innanfor 16 meteren eingong. Det er fullt lovlig å heia ekstra på bror sin, som sjølvsagt alltid er banas beste, eller bue litt på han som knuste hjartet ditt på ungdomsskulen.
Så dersom du saknar ein plass der du kan vera uproff og ikkje ha peiling: Du er hjartelig velkommen å sjå på lokalfotball med meg. På sidelinja på Haus Idrettsplass. Kanskje som kioskvakt i ny og ne, med to-tre vaflar i magen. Rundt oss kjem det til å vera folk, som har totalt forskjellige mål og interesser enn oss. Men me har alle ein ting til felles: Me likar lokalfotballen. Fotballen som er meir enn berre fotball.

fredag 5. oktober 2012
Aleine att
No sloknar solbrannen ute.
Eldblomen bjart brenn ned.
Det mørknar alt. Du gjekk ifrå meg nyss,
Og fela di tok du med.
Du spela, og under bogen
Ustanselig blomar spratt,
Eg sat i eit endelaust blomeregn.
- No kan eg ikkje finne dei att.
Er dei alt visne, alle?
Hell var det ikkje meg dei galdt?
Hell tok du dei med da du gjekk istad!
- Helst har eg vel drøymt det, alt

Abonner på:
Innlegg (Atom)