mandag 27. august 2012

Venter på at livet skal byrje...

Det er akkurat det eg gjer for augenblinken. Altså, eg lever og alt sånn. Lever veldig bra faktisk, men eg venter. Og eg føler at eg byrjer å bli klar for det eg venter på. At eg byrjer å bli klar for livet. For det som også venter på meg. På framtida. 
Når eg tenkjer meg om, så har eg kanskje alltid levd i fortida. Dvela over ting eg har gjort, noko eg har sagt, nokon eg har kyssa. Det er ikkje slik lenger. Eg veit ikkje heilt kortid det skjedde, men noko har forandra seg. Eg ser framover. Eg ser på det eg skal gjere, det eg skal sei, dei eg skal kysse. Han eg skal kysse. 
Denne veka byrjer eg på skulen igjen. I ein ny klasse, med heilt nye folk, og eg gledar meg sånn. Eg kjenner at Tone, den verkelege Tone (uperfekt og sånn), kjem til å kome fram. At eg kanskje ikkje vil sitte stille i ein krok og tenke over kvar minste bevegelse eg gjer. Hate kvar minste bevegelse eg gjer. At Tone, den Tone eg er med folk eg kjenner, òg kan komme fram med folk eg ikkje kjenner. At det framande ikkje er så uhyre skummelt lenger. Berre litt.

Hausten nærmar seg, og eg kjenner at eg elsker det. At eg elsker hausten. For då startar ting igjen. Skulen, teateret, bonderomantikken på tv2. Kvardagen. Og for ein gong skuld, så gledar eg meg til kvardagen, til rutiner og like dagar. Det er lenge sidan sist. Det er lenge sidan eg gleda meg på denne måten. 
Eg trong sommaren. Late dagar, med null stress. Eg trong å kome meg vekk, reise til Midtausten. Kjenne på kroppen at i helvette heller. Dette bryr eg meg om. Dette skal eg kjempe for. At det er noko å kjempe for.
Kanskje eg har funne meg sjølv i sommar. Kanskje eg har funne meg sjølv på nytt. Eller funne ut kva eg vil. At eg har blitt klar. Klar for hausten og det den inneheldt. For det hausten kan tilby. For kva livet kan tilby.

Eg berre ventar, og glede meg sånn til det startar. Til hausten er her. 


onsdag 22. august 2012

Oh my good!

Herrejemen for nokre døgn!
Etter "Dønn-fuckings-lukkeleg" kronikken min kom på trykk i Bygdanytt har alt vorte snudd på hovudet. Dobbeltlivet eg har levd i alle år har vorte avslørt. Av meg sjølv. Perfekte Tone har vorte uperfekte Tone. Og herregud så deilig det er!
Det føltes som lange dagar frå eg bestemte meg å sende artikkelen, til den vart publisert, og all slags tankar dukka opp. Kanskje ingen kom til å sjå meg i augene igjen. Og herregud. Eg sku på jobb dagen etter. På styremøte same kveld. Kva kom folk til å sei? Kom dei til å sei noko i det heile? Eg sov ingenting natt til fredag.

Første meldingen kom 06.53 og etter det har det nesten ikkje vore stille på mobilen og på facebook. Responsen har vore enorm. Og enormt positiv. Eg hadde aldri i min villaste fantasi sett for meg kor stort dette kom til å bli. At reaksjonane skulle vera så sterke og mange. Alt frå klemmer på butikken, fine ord på facebook, til telefon frå TV2! 
Eg har vore langt oppe. Så uendelig langt oppe. Eg har grene gledestårer i dusjen fordi eg er så uendelig glad at eg ikkje har det slik no. At eg ikkje tenker på sjølvmord. At å hoppe frå ei bru verkar heilt, heilt meiningslaust. Men samtidig så veit eg korleis dei tankane er, og kor utrulig aleine og mislykka ein føle seg. Som om alt anna enn å leve er det beste. For deg sjølv, og for alle andre. Eg veit kor langt ned eg kan kome, viss eg ikkje heile tida jobber med meg sjølv og tankane mine. Og samtidig så veit eg at nokon der ute, kanskje ikkje langt vekke frå meg, kjenner på desse tankane akkurat no. At dei føler at verda ikkje bryr seg. At ingen andre har det som deg.

Grunnen til eg sendte denne kronikken var for å prøve å bryte et dårlig mønster som eg meinar samfunnet vårt er på veg inn i. Ikkje berre på facebook (men det er der du ser det tydelig). Eg ville vise at det ligg meir bak Perfekte-Tone. At eg har nedturar, som alle andre. At me alle har nedturar. At det er normalt. Og at me må snakke om det. At alt blir betre då. Du får det betre, og samfunnet blir betre.

Så kjære deg. Kjære uperfekte deg. Vær deg sjølv. Vær deg. For du er god nok!

 


fredag 17. august 2012

Dønn-fuckings-lukkeleg

Me har alle våre opp- og nedturar her i livet, sjølv om det ikkje ser slik ut på Facebook. På Facebook er me alle glade, nøgde og lukkelege. Me har ingen problem; Borna våre er perfekte, mannen super-romantisk og huset alltid ryddig med nysteikte bollar klare på kjøkkenbenken. Dersom nokon spør oss om me har det bra, så svarar me alltid at det har me. Uansett. Alltid. Me vil ikkje vera til bry og me er redde for å innrømme det verkelege livet vårt. Me er redde for å ikkje vera perfekte. For kva naboen skal tenke. For at ryktet skal bli satt på spel. Og derfor latar me. Derfor skjuler me det eigentlige livet vårt, som er full av nedturar og triste stunder.

Denne skjulinga av vårt eigentlige liv, gjer noko med samfunnet vårt. Måten me skriv på facebook, fører til eit samfunn der alle må vera på topp heile tida, sjølv om me nokre gonger er heilt på bunn. Me skaper eit samfunn der ideala våre er superkvinna med det perfekte ekteskapet, med energi til både ungar og drøssevis av fritidsaktivitetar, samtidig som ho ser smashing bra ut. Eller supermannen, som er på treningssenteret kvar einaste ettermiddag etter ein hard dag på jobb, og som alltid kjøper roser til kona si på veg heim. Dette er ideala me skaper. Dei me heile tida konkurrerer mot og aldri klarar å nå til knedna. Fordi dei ikkje finns. Fordi dei er konstruerte, av oss sjølve. For sjølv om nokon har meir energi enn andre, og sjølv om nokon kan vera litt superwoman innimellom, så er det ingen som er lukkelige, sterke og perfekte heile tida. Tru det eller ei.

For nesten eit år sidan var eg uhyre, men godt skjult, ulukkeleg. Rett og slett deprimert. Dette passa ikkje bra med det perfekte bilete av meg sjølv, som eg alltid prøvde å vise fram. Utan svakhetstrekk, alltid på topp. Så sjølv om eg var ulukkeleg, fortsette eg derfor å vera den forbaskade smilande og utrulig lukkelege jenta utad. Eg fortsette med mine facebook-statusar, som alltid understreka kor utrulig flott eg hadde det, samtidig som eg alltid var opptatt og i farta. Det viktigaste var å vera sterk, å holde fasaden, så når nokon spurde om eg hadde det bra, smilte eg mitt største smil og sa at eg hadde det fantastisk. Seinare grein eg meg i søvn, utan å vete kvifor. Utan å vete at eg bygde ein svær mur rundt meg, som gjorde meg endå meir ulukkeleg. Ei natt eg låg vaken, slik eg ofte gjorde, bestemte eg meg for at dette ikkje kunne fortsette. Den kvelden bestilte eg min fyrste psykologtime. Etter mange, mange, mange psykologtimar har eg innsett at måten eg levde livet mitt på, med mål om å vera perfekt, har gjort meg så ufattelig ulukkeleg. For uansett kva eg gjorde, så vart eg aldri god nok. Nokon hadde alltid noko å klage på og eg kunne alltid gjera noko betre. Eg var ikkje perfekt, og eg fekk det slengt i trynet kvar einaste dag, av meg sjølv. I dag har eg endelig innsett at ingen er perfekte, at alle gjer feil og at ein ikkje alltid treng å vera "sterk". Faktisk, så er det menneskelig å vera "svak". Det er det som gjer deg til eit menneske, i staden for ein kald robot utan kjensler.

Dei dystraste tankane og tanken på sjølvmord verkar langt vekke i dag, men for mindre enn eit år sidan var dei der. Eg, ei 22 år gamal frisk jente, som alle trudde var dønn-fuckings-lukkeleg, vurderte sjølvmord. I Noreg, verdas beste land. Det er rart og vanskelig å forstå. Berre ordet sjølvmord skrik av tabu og skam. Ingen snakkar om det, media skriv ikkje om det og ingen forstår. Kvifor er det ingen som forstår? Fordi ingen snakkar. Fordi ingen snakkar om det verkelege livet. Ingen innrømmer at livet er meir enn lukkelege facebook-statusar. For å klare å forstå kvifor nokon vel å ta sjølvmord, treng me å snakke meir om liva våre, også når det ikkje går så bra. Me treng å vera svake. Å tørre å grine. Å tørre å sei at me ikkje veit alt her i verda. Rett og slett vera ærlige og å innrømme at me ikkje er dønn-fuckings-lykkelige tjuefire timar i døgnet, sju dagar i veka.  Så ærlige at me skriv eit leserbrev om eigne sjølvmordstankar, sjølv om det eigentleg er for ærlig for både media og samfunnet vårt. Samfunnet me sjølv har skapt.

Så i dag, fredag 17.august, utfordrar eg alle til å gjere samfunnet vårt litt betre. Litt enklare for oss uperfekte. Eg ber alle om å stå fram som eit godt og uperfekt eksempel og rett og slett skrive ein dønn-ærlig Facebook-status. Utan tilsminking og pynting på verkelegheita. Vær heilt ærlig, sjølv om du er dau trøtt, utan energi og ungane skrik. Drit i at du er til bry for nokon. Drit i at du øydelegg den perfekte facebook-verda.
Og dersom du er dønn-fuckings-lukkeleg i dag, (for heldigvis er me også det innimellom) så skriv om det også. Del og fortel om desse oppturane. Skriv og snakk om dei like mykje som nedturane.

For når alt kjem til alt, så er det eigentlige livet som ei berg- og dalbane; Full av opp- og nedturar


tirsdag 14. august 2012

"Stoltenberg må gå"

Det værste av det værste skjedde 22.juli. Me er framleis i sjokk. Framleis i vantru over at dette faktisk skjedde. Men det skjedde. Med lille og trygge Noreg. Her me stoler på kvarandre og her politiet ikkje har lov å gå med våpen. I fantastiske, flotte Noreg. Ikkje nok med det. Gjerningsmannen vart norsk.Han var blåøyd. Han hadde lyst hår. Kven hadde sett det kome. Ingen.

I dag, eit år etter den forferdelige dagen, skrik folk at Jens Stoltenberg, og fleire med han, må gå. At samfunnet han har leda er totalt mangelfullt. At han må ta straffa for det som skjedde. Som om han er gjerningsmannen. Som om han lagde bomba og som om han skaut. Eg kjenner eg blir sint. Så ufattelig sint...

Eg meiner Stoltenberg har gjort alt rett. Han har leda landet, som ingen kunne gjere det. Ja. Han har vore naiv. Me har vore naive. Heile Noreg har aldri tenkt at dette kunne skje. Me har ikkje visst om desse forferdelige planane og tankane til enkeltmenneske i Noreg. Me har ikkje visst at det er mulig å springe etter og skyte uskyldig ungdom på Utøya, som ber for liva sine. Men heldigvis bur me i Noreg, der sannheita kjem fram. Der regjeringa ber om ein grundig og ærlig rapport. Ein rapport som viser svakheitene, slik at me kan forbetre oss. For ja, det skjedde mykje gale denne dagen.  Sikkerheita kunne vore betre. Rutinene betre. Liv kunne vore spart. Men dersom nokon hadde foreslått å øke sikkerheita i regjeringskvartalet og på Utøya, hadde iallefall eg tenkt at dette var hysteri. At det var unødvendig. At me er i Noreg. Ikkje USA. Me var naive. Det er greit. Men det er ikkje ein god oppsigelsesgrunn.

I sommar var eg i Israel, der sikkerheita og mistenkeliggjeringa er enorm. Du finn ingen naivitet der, men det motsatte. Det ekstremt motsatte. Du kan ikkje gå på eit kjøpesenter, kino eller ein busstasjon utan å måtte scanne baggen din og gå gjennom metalldetektor. Rundt deg går det soldatar med ladde våpen. Soldatar kontrollerer identietskort i hytt og pine. Bussar blir gjennomsøkt kvar 5 km. På Vestbredden har dei bygd ein mur, som skal "sperre inne" "terroristene", noko som gjer at alle Palestinere blir hindra å leve eit normalt liv. På nokre resturanter betaler du eit par sjekel for "sikkerheten", altså ein vakt i døra. På flyplassen blir du avhørt og mistenkeliggjort, som om du var ein terrorist. Du blir rett og slett sett på med mistanke og tvil heile forbanna tida.

Israel har ikke hatt mange terrorangrep etter desse tiltaka vart satt i gang. Det skal dei ha. Men etter å ha sett dette og følt mistenkeliggjeringa på kroppen, så lurer eg på: Er det eit slikt samfunn me ynskjer? Der alle går rundt å mistenkeliggjer og frykter det værste. Vil me ha eit samfunn i Noreg med politi, soldater og våpen i gatene? Som skal beskytte oss mot Breivik og andre terrorister. Eller berre dei som ser litt skummel ut. Vil me ha eit hysteri med sikkerhetsvakter og metalldetektorer? Vil me ikkje stole på kvarandre? Tru godt om folk, til det motsatte er bevist? Er ikkje det Noreg? Er ikkje det ein av verdiane våre? Dei norske verdiane som me vil holde på.

Min meining er at terroristar alltid vil klare å gjere skade og skape frykt, uansett kor mykje sikkerheit ein har,men for å klare å stanse terrorisme må me møte terrorisme med meir tillit og meir kjærleik til kvarandre. Det høyres ut som ein klishe, men eg er heilt sikker på at det er slikt det er. Menneska i Israel (og då meiner eg arabere) som blir mistenkeliggjort og ydmyka kvar dag, blir sakte men sikkert terroristar. Dette samfunnet utan naivitet skaper splid, krig og terrorisme. Istaden for felleskap, fred og kjærlighet. Og veit du ka? Eg vil heller ha eit naivt Noreg, enn eit splitta Noreg.

Me sa at gjerningsmannen ikkje skulle klare å forandre samfunnet og verdiane våre. Så for helvette! Ikkje la han gjere det då!

lørdag 11. august 2012

Sør Afrika


Eg las gjennom bloggen min frå Sør Afrika og her kjem eit av innlegga og nokre bilete frå den 2,5 mnd lange turen, der eg jobba frivillig i ein barnehage i slummen. 

Nolitas creche

Nolitas creche er ein barnehage, der eg og Torill jobber. Nolita er barnehagetanta der og det er 28 registrerte born i barnehagen frå 2 til 5 år. Vanligvis pleier det å vera mellom 13 til 16 ungar. Vel, berre og berre. Det er meir enn nok.

Heile barnehagen
Barnehagen er ein liten container, utan toalett, med eit lite stormkjøkken i eine hjørne. Ingen leikar, utenom nokre ødelagte bøker. Doen er ei potte utanfor der ungane sjølv ordner alt. Så det er ikkje mykje bleiebytting eller tørking av rumper her i gården nei. Dersom nokon av ungane ikkje klarer å tørke seg skikkelig, snn at dei byrjar å lukte eller er våte etter å ha tissa på seg, blir dei gjort til latter av både barnehagetanta og ungane. Ungane får lov å stå å peike og le av den uheldige ungen. Nolita seier at dette gjer at ungen ikkje gjer det samme igjen. 

I dag kom me til barnehagen. Det var ca 20 ungar der og ingen barnehagetante. Det endte opp med at eg og Torill var åleine med ungane heilt til 11.30. Då hadde ingen fått frukost og me hadde ingen aning kor barnehagetanta var og om ho i det heile tatt kom til å komme. Dottera hennar kom kl.11.30 og fortalde at me kunne ta lunsj, mens ho passa ungane. Dottera er max 12 år... Då me kom tilbake frå lunsj var Nolita framleis vekke. Kl.13.30 kom ho endelig... Nevnte et at ungane ikkje skjønne eit einaste ord engelsk? Og ikkje har noko respekt for oss sidan me ikkje slår? Det var kaotiske tilstandar.

Strukturen i barnehagen er altså ikkje mykje å skryte tå. Eller. Det er ingen struktur. Ungane styrer på og lagar sine eigne reglar. Det er mykje slåing (frå både barnehagetanta og ungane), opplagt mobbing, "den sterkaste overlever prinsippet" og sultne ungar som slår og forhandlar seg fram til meir mat. Eg har ikkje stor erfaring med ungar eller barnehagar, men her er det ingenting som heiter "innestemme", "deling", og "alle barn er like mykje verdt". Det er også uforståelig at ungane treng kjærleik og ein klem i ny og ne. Dei vaksne skjønar ikkje kvifor me heldt ungane i hendene, løftar dei opp og klemmer dei. Det er ikkje normalt her.


Alle ungane skrik etter oppmerksemd. Nokre slår for å få deg til å sjå på dei, andre berre heldt seg rundt deg heile tida og vil ikkje forlate deg. Kjensla av ein liten gutt som klenge seg inntil deg i armane dine, som han ikkje har nokon andre å stole på og at han aldri vil sleppe deg, er heilt ubeskrivelig. Iallefall når ein veit at desse ungane kjem til å sitte utanfor eit kjøpesenter og tigge i framtida. Eller kanskje mykje værre. Dei er berre born. Dei fortener så utrulig mykje meir. Dei fortener det livet og dei mulighetane me har i Noreg.



Eg har alltid tenkt at eg vil adoptere og tenker det framleis, men når eg ser dette så skjøner eg kor utrulig utfordrande det er. Desse borna tar med seg alt dette vidare i livet. Dei tar oppførselen med seg til sitt nye land. Å kjempe seg fram. For mest oppmerksemd. For mest mat. Den sterkaste overlever...


Alt er så utrulig annleis her. Både på godt og vondt. Men akkurat dette er vondt.




fredag 10. august 2012

Fridom

Slår til med eit dikt eg skreiv til bygdanytt då "homo-debatten" pågjekk for fullt i lokalavisa.


- Fridom -

Dei andre sitt blikk
Blikket dømmer
Korleis får eg dei til å forstå?
Nei, eg rømmer!

Hjarta seier meg:
Snu, fortel dei og lev!
Men blikka deira er der,
redsel dei meg gjev

Dei andre,
dei har mange grunnar.
Dei ramsar dei opp
frå sine hatfulle munnar.

Min fridom
betyr ikkje mykje.
Eg bør gjere som dei fleste,
gløyme mi lykke.

Men så høyrer eg nokon
som kviskrar meg i øyra;
"Kva har du gjort gale?
La meg få høyra".

Eg snur, vender heim.
Eg fortel. Eg lever.

Så kjem blikket.
Og eg mitt hovud hever.


Copyright Tone Mjelde

onsdag 8. august 2012

He won`t go



Some say I'll be better without you,
But they don't know you like I do,
Or at least the sides I thought I knew,
I can't bear this time,
It drags on as I lose my mind,
Reminded by things I find,
Like notes and clothes you've left behind,
Wake me up, wake me up when all is done,
I won't rise until this battle's won,
My dignity's become undone,

But I won't go,
I can't do it on my own,
If this ain't love, then what is?
I'm willing to take the risk,
I won't go,
I can't do it on my own,
If this ain't love, then what is?
I'm willing to take the risk,

So petrified, I'm so scared to step into this ride,
What if I lose my heart and fail, declined,
I won't forgive me if I give up trying,
I heard his voice today,
I didn't know a single word he said,
Not one resemblance to the man I met,
Just a vacant broken boy instead,

But I won't go,
I can't do it on my own,
If this ain't love, then what is?
I'm willing to take the risk,
I won't go,
I can't do it on my own,
If this ain't love, then what is?
I am willing to take the risk,

There will be times, we'll try and give it up,
Bursting at the seams, no doubt,
We'll almost fall apart, then burn to pieces,
So watch them turn to dust,
But nothing will ever taint us,

I won't go,
I can't do it on my own,
If this ain't love, then what is?
I'm willing to take the risk,
I won't go,
I can't do it on my own,
If this ain't love, then what is?
I am willing to take the risk,

Will he, will he still remember me?
Will he still love me even when he's free?
Or will he go back to the place where he will choose the poison over me?
When we spoke yesterday,
He said to hold my breath and sit and wait,
I'll be home so soon, I won't be late,

He won't go,
He can't do it on his own,
If this ain't love, then what is?
He's willing to take the risk,
So I won't go,
He can't do it on his own,
If this ain't love, then what is?
I'm willing to take the risk,

'Cause he won't go,
He can't do it on his own,
If this ain't love, then what is?
We're willing to take the risk,
I won't go,
I can't do it on my own,
If this ain't love, then what is?
I'm willing to take the risk.


Adele

søndag 5. august 2012

Kjærlighet

"Spør nogen hvad kjærlighet er, da er den intet andet end vind som suser i rosene og derpå stilner av. Men ofte er den også et ubrytelig seil som varer for livet, varer til døden."

Knut Hamsun