Eg e redd for det perfekte. Redd fordi det får alt med meg sjølv til å verka så fuckings feil. Dei mørke tankane mine, dei svære låra mine og middagskvilen på sofaen. Eg har kjempa lenge mot min trang til å vera perfekt. Min trang til å ikkje visa fram at eg ligg på sofaen. At eg kan sei feil ting. At eg kan gjere feile ting. Trangen til å ikkje visa heile meg. Sårbare meg, som kan sove ein heil dag i strekk og som får lyst å gje opp heile verda inni mellom. Ganske ofte.
I alle fall låra mine.
Eg er kanskje patetisk,
men fotballfruer og andre fruer set meg tilbake.
Eg burde vera glad. Glad for at nokon har det så flott. Så rosa, så perfekt.
Men eg blir redd.
Redd for at det faktisk finst slike personar,
som er akkurat det eg alltid har drøymt om å bli:
Perfekt.
torsdag 28. november 2013
fredag 8. november 2013
Ein gong, der framme
Vær stille, hjarta mitt
Det går fint
Det ordnar seg
Ein gong
Hysj, ro deg ned
Einsemda forsvinn
Hjarta blir varmt
Ein eller annan gong
Ikkje grin, hjarta mitt
Du må fortsette
å pumpe.
Til det ein gong
blir betre
Til det ein gong
blir bra
Hald ut
Vær sterk no
Det kjem ein dag
du kan slappa av
Eg veit
kva hjarte
du vil vera nære
Kanskje får du det
Ein gong
Ein gong
Der framme
Det går fint
Det ordnar seg
Ein gong
Hysj, ro deg ned
Einsemda forsvinn
Hjarta blir varmt
Ein eller annan gong
Ikkje grin, hjarta mitt
Du må fortsette
å pumpe.
Til det ein gong
blir betre
Til det ein gong
blir bra
Hald ut
Vær sterk no
Det kjem ein dag
du kan slappa av
Eg veit
kva hjarte
du vil vera nære
Kanskje får du det
Ein gong
Ein gong
Der framme
tirsdag 5. november 2013
Skjebnar
"Det e mång ei skjebne", hugse eg mora mi sa då me
køyrde forbi Standkaien i Bergen ein laurdagskveld.
Denne veka har eg tenkt på desse orda. På alle ulukkelige skjebnar.
Eg tenker på skjebna til dei
som sitt i ei stove i Årdal,
med ein person mindre rundt middagsbordet.
med ein person mindre rundt middagsbordet.
Eg tenker på skjebna til ein mann frå Sør-Sudan,
som var så desperat og så sjuk utan at nokon såg det.
som var så desperat og så sjuk utan at nokon såg det.
Eg
tenker på skjebna til ein 50år gammal svensk mann,
som tok sin siste tur med bussen heim til Sverige.
som tok sin siste tur med bussen heim til Sverige.
Eg tenker på skjebna til dei som ser ut
som mannen frå Sør-Sudan,
som no blir dømde av så alt for mange.
som no blir dømde av så alt for mange.
Eg tenker på skjebna til ein vanleg bussjåfør,
som ikkje visste korleis arbeidsdagen skulle utvikle seg.
som ikkje visste korleis arbeidsdagen skulle utvikle seg.
Eg tenker på skjebna til resten av Noregs asylsøkarar.
Korleis har dei det, eigentlig?
Korleis har dei det, eigentlig?
Eg tenker på skjebna til
ei 19 år gamal jente,
som berre skulle tilbake til skulen.
som berre skulle tilbake til skulen.
Etter 22.juli var me fulle av sjokk, sorg, kjærleik og fellesskap.
Etter 4.november er me fulle av sjokk, sorg, kjærleik for nordmenn og hat mot framande.
Dette gjer meg redd.
For Noregs skjebne.
Abonner på:
Innlegg (Atom)