søndag 30. mars 2014

Eisamflygar

Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i ei jamn, tett rad.

Vinden valde ut denne eine
og kasta han ut av den usynlege lei
som fuglar av hans slag plar følgje.
Han er ikkje lenger ein av dei.

Sin eigen veg må han finne,
eller - om han trøytnar om litt -
gi tapt, la seg falle, gå under,
slik går det desse einsame titt.

Det mørknar vidt over havet.
Ei frostnatt kvesser sine jarn.
Ein fugl flyg einsam under stjerner.
Ikkje gråt for den fuglen, barn.

Haldis Moren Vesaas

onsdag 19. mars 2014

Send inn høyringssvar du og!

Eg har blitt inspirert av Susanne Kaluza, som skreiv dette (link) blogginnlegget for ei vekes tid sidan. Ho oppfordre oss til å sende høyringssvar om reservasjonsrett til regjeringa. For to dagar sidan skreiv NRK at regjeringa hadde fått inn 500 svar frå privatpersonar. Dette er veldig uvanleg og viser kor viktig og engasjerande denne saka er. Eg byrja å skrive ein mail og vips hadde eg sendt den. Difor ein smule uorganisert og vinglete. Men trur eg made my point.
Send inn du og. Til epost postmottak@hod.dep.no, emne: Høring – reservasjonsordning for fastleger
Høyringsrunde angåande reservasjonsordning for fastlegar 
Viser til høyringsbrev 21.01.2014 om reservasjonsordning for fastlegar. I høyringsbrevet blir det opna for at også dei som ikkje står oppført på høyringslista kan gi høyringsuttalelse. Difor dette brevet.

Eg går på høgskulen i Sogn og Fjordane og utdannar meg til å bli barnevernspedagog og dermed ein del av forvaltninga. Forvaltninga er dei som representerer departementa og regjeringa, og som møter den vanlege mannen i gata kvar einaste dag. Som kommande forvaltar har eg, sjølv om eg berre går fyrste året, allereie lært at ein skal vera lojal mot regjeringa og mot lovane i landet vårt. Det betyr at sjølv om me personlege er uenige med dagens politikk eller lovverk, skal me følge det. Me er ein del av systemet og indirekte valt av folket. Me er ein del av demokratiet i Noreg.

I Noreg er det i dag lov å ta abort fram til 12. veke. Kvinna bestemmer sjølv over eigen kropp og dette er ein stor og viktig del av kvinners rettigheiter. Det trur eg me alle er enige om. Eg meinar dette er ein lov heile samfunnet bør forhalde seg til, og spesielt dei menneska og yrkesgruppene som kan møte kvinner som ynskjer abort. Det går ikkje an å reservere seg mot denne lova. Denne rettigheita.

Eg er ein sterk motstandar av miksing og triksing med religion og stat. Med religion og lovar. Eg meiner desse bør vera adskilt og at religion skal praktiserast i sine eigne heimar og sine eigne frivillige organisasjonar etter arbeidstida. Ikkje på eit legekontor eller i eit storting. Me har alle verdiar og interesser, som me tek med oss i arbeidet vårt. Desse kan likevel ikkje stå i vegen for det arbeide me skal utføre. Då må me i såfall skifte jobb. 

For tida har eg om etikk for sosialarbeidarar på skulen. I boka av Chris Beckett og Andrew Maynard: "Values and ethics in social work". står det tydelig om profesjonalitet:
"Its about playing the role that you signed up to when you joined the profession, and setting aside your own personal feelings and interests where they conflict with that role." 

Eg synest det seier alt.Som barnevernsarbeidar skal eg jobbe med all slags mennesker. Det er ikkje sikkert eg kjem til å like alle vala dei har tatt eller vil ta. Kanskje nokre kjem til å vera heilt uforståelige for meg. Men eg kjem ikkje og kan ikkje reservere meg mot det. Det er jobben min. Ein jobb eg har valt.

Ja, til profesjonelle fastlegar. Nei til reservasjonsrett! 

Mvh.
Tone Mjelde

mandag 17. mars 2014

Eg er på desperat jakt etter ting, menneske som skal gjere alt bra. Eg leitar heile tida og trur med jamne mellomrom at eg har funne det. Funne den. Funne han.

Med jamne mellomrom blir eg besatt.

fredag 14. mars 2014

Der ingen er gode nok

Eg sitt i klasserommet og ser rundt meg. Det er fullt av vakre, verdifulle menneske. Dei ser litt trøtte ut, men elles glade, fine og nøgde. Det er lett for å tru at livet deira så langt har vore ein dans på roser og at dei fleste er lukkelege, men så byrjar me å snakke og sanninga kjem fram. Sjølv om dei fleste er over 20 år, er mange usikre, redde og av eiga meining absolutt ikkje gode nok. Det er så mykje dei burde gjere og så mykje dei burde sagt, så mange ting dei gjer feil og så mange ting som kunne vore betre. Vips, så var me visst ganske like likevel. 

Presset i samfunnet vårt aukar stadig og media har mykje av skulda. Me ser dei såkalla perfekte menneska over alt og me får tips om korleis me også kan bli så perfekte. For det er mogleg, berre du vil det og berre du arbeidar hardt nok. Rundt oss lyser dei vakraste smila og dei tynnaste kroppane frå plakatar og blader, som før dei gjekk i trykken har blitt retusjert på alle tenkelige måtar. Me ser på Paradise Hotel, der alle andre kroppar enn den tynnaste på hotellet blir hengt ut som stygge og feite. Me les bloggar om seksten år gamle jenter som ser ut som dei skal på ball når dei skal på skulen. Og så fotballfrua då, som spratt opp av fødesenga og rett på tredemølla. Me møter heile tida denne sminka verda, som minnar oss på kor usminka og uperfekte me er og korleis me eigentleg burde vera.

Eg seier ikkje at alle går i grøfta av å sjå på Paradise Hotel, men ein skal vera ganske sikker på seg sjølv for å ikkje la alt dette gå inn på seg og kven er vel det i for eksempel ungdomstida? Me hugsar vel alle korleis tida som ungdom var, med usikkerheit og utfordringane som stod i kø. Sjølv om ungdomstida heilt sikkert alltid har vore tøff, så ser me at stadig fleire og fleire ungdommar stressar seg sjuke. Helsesøstre rundt om på skulane i Noreg har fleire gongar slått alarm dei siste åra fordi dei møter rekordmange utbrente ungdommar, som gjer alt for å vera best på alle område i livet. Ein undersøking frå Sverige visar at ein av tre svenske ungdommar er konstant stressa. Ein av tre! Å leve med stress over lengre tid kan få alvorlege konsekvensar for helsa vår og er ofte ein forløpar til angst og depresjonar. Me risikerer rett og slett å miste fantastiske menneske som gjer sitt beste, men som aldri blir gode nok. 

Da e viktigare no enn nokon gong at foreldre, lærarar og andre viktige vaksne fortel born og unge at dei ideala dei ser på framsida av eit vekeblad, med retusjerte kroppar og uhorveleg med energi ikkje er realistiske. At den jenta som er flinkast på skulen, fordi ho ikkje gjer annan enn å arbeide med lekser, mest sannsynleg kjem til å slite seg ut. Møte veggen ein eller annan dag. At dei bileta og dei fantastiske liva ein ser på Facebook ikkje representerer korleis livet eigentleg er. Born og unge treng å bli fortalt og vist at menneske sin verdi ikkje er avhengig av kor lange bein du har eller kva som står på vekta. Me treng fleire menneske som høgt og tydeleg hyllar menneske i alle form og fargar, som innrømmer at dei slit med å kome seg opp om morgonen og at fødselen var noko herk. Det er ikkje snakk om klaging. Det er ikkje snakk om å legge ut om sine mest djuptgåande problem på butikken. Det er snakk om å visa kvarandre at me er menneske, noko som utruleg nok har blitt lett for å gløyme i desse dagar. 

Dette er ikkje ein kritikk mot rosabloggarane eller mot tynne kroppar. Det er ein kritikk til alle oss som godtar det, som hyller det og som klikkar rundt på alt dette perfekte vaset og trur det er slik det må vera. Det er ein kritikk mot at me finn oss i det, at media faktisk får lov å bestemme at dersom du skal vera på framsida av eit blad så må bladet retusjere deg, ikkje berre tynn, men drittynn fyrst. Eller dersom du skal vera nyheitsankar på TV2, så må du sjå ut som ei dukke med så kvite tenn at dei heime i stova nesten blir blenda. 

For kva samfunn skaper me tilslutt, dersom målet om det perfekte får regjere? Har me plass til personar med nedsett funksjonsevne? Har me plass til psykiske lidingar? Har me plass til nedturar som livet byr på? Har me plass til dei kronisk sjuke? Har me plass til menneske, med sine menneskelege feil og manglar, som alle menneske har?

Eg vil ha eit samfunn der alle kan vera seg sjølv, utan å konstant gå rundt å tenkje at ein aldri blir god nok. Eg skulle ønske me kunne stoppe opp inni mellom og tenke at det ikkje er krise med den derre valken på magen. Eg har ein kropp som fungerar, eit hjarta som forelskar seg og ein hjerne som kan løyse mange problem. Kvar einaste dag gjer eg så godt eg kan, med det eg har. Og jaggu er det godt nok. 

Jaggu, er eg god nok.

Kronikken stod på trykk i Bygdanytt  11/3-14

torsdag 13. mars 2014

Kvardagens sus

Eg treng ein morgon
utan mørke tankar
utan frykt og angst

Eg treng ein dag i solskinn
eller regn
utan bruk for auga i nakken
Stemma i hovudet

Eg treng ein kveld
med den kjensla
du veit den kjensla
Som fortel heile kroppen din
at alt skal gå bra

Du kan slappe av

Eg treng ingen dyr tur
Ingen store festar
Ingen lange feriar
Ingen store bryllaup

Eg treng ein kvardag
Med morgoner, med dagar, med kveldar

Med ro

onsdag 12. mars 2014

I live, utan å leve

Eg er redd for å aldri bli elska
Redd for å elske
Eg er redd for å bli forlatt
Redd for å forlate
Eg e redd for å vakne
Redd for å sovne

Eg er redd for å døy
Eg er redd for å leve

Redd for det meste
Redd
Redd
Redd