tirsdag 31. desember 2013

Hjarta, hjarta!

Eg byrjar å skrive, igjen. Det er måndag, den nest siste dagen i året. Eg sitt i stova i farfar sitt steinmurhus i Mjeldalen og høyrer på Melissa Horn. Klokka er 00:32. Innlegget mitt til Bygdanytt skulle vore sendt for seks dagar sidan. Absolutt siste deadline er i morgon, eller i dag. Eg har byrja å skrive for tredje gong denne månaden. Klokka er 00.33.

Jula er over. Tida då me skal vera på vårt lukkeligaste, mest avslappa, takknemlig og glad. Me sitt oss med middagsbordet på julafta og ventar på dette. På at alt skal bli bra. På at sorga i hjarta skal forsvinne. På julefreden. Me ventar på at kroppen, hovudet og hjarta endeleg skal slappe av og kjenne seg nøgd. På at verda skal verke mindre skummel, fordi ein har dei riktige menneska rundt seg. På framtidshåpet. Me ventar på at dei mørke tankane skal forsvinne, i alle fall for ei lita stund.

Jula mi har vore roleg. Ikkje roleg i den forstand at eg ikkje har handla julepresangar dagen før julafta og at stovebordet ikkje har vore overflauma av gåvepapir, teip og feilskrivne namnelappar. Det har vore kaos, også i år. Men hjarta mitt har vore rolegare, meir nøgd, fordi det kaotiske hovudet med sin dårlege samvittigheit og negative tankar har fått mindre plass. Samvittigheita som fortel meg at eg burde vore lukkelegare fordi eg har det så bra, som masar om at eg ikkje gjer nok for andre. Tankane mine som fortel meg at eg må bake sju kakesortar som eg eigentlig ikkje liker og at eg heller må rydde stovebordet enn å besøke vener som hjarta sårt treng. 

Tidligare har eg aldri høyrt på hjarta. Hjarta mitt som desperat har skrike om at eg går i feil retning. Som har bedt meg høyre meir på det enn på dei evige tankane, det evige presset, om kven eg bør vera. Hjarta har heile tida fortalt meg at eg berre må vera meg sjølv, med rotete stovebord og mine forseinka presangutleveringar klokka tre på julafta. 

I år har ting vore annleis. Hjarta mitt har latt meg få sprenge tidskjemaet allereie på fyrste presangutleveringsbesøk. Det har sagt ja takk til nok ein kaffikopp. Det har bestemt julepresangane heilt sjølv og ikkje latt tankane fortelje kor idiotisk eller feil gåvene er, nok ein gong. Hjarta mitt har latt meg få lov til å sitte saman med pappen min og sjå Harry Potter ein laurdagskveld, i staden for  å vera på fest med ukjente. Fordi hjarta treng pappa og ikkje fleire ukjente. Tankane som fortel at det er viktig kva dei ukjente meiner om meg, Harry Potter og pappa har ikkje fått lov å snakke. Har blitt nekta ein replikk på hjarta sitt innlegg. Hjarta mitt har latt meg få slappe av saman med ein ven til langt på natt, sjølv om tankane har skrike om katastrofe fordi bidraget til avisa skal vera inne om nokre få timar. Hjarta mitt seier at det ordnar seg, hjarta mitt seier at det treng venen meir enn kva Bygdanytt treng eit innlegg.

Eg trur alt for mange av oss høyrer etter på desse tankane og forvekslar dei med fornufta, men tankane dine fortel deg ofte feil ting og er ikkje alltid så veldig fornuftige. Dei kan fortelje deg at du ikkje er verd noko. At du ikkje fortene å ha det bra. At andre si lukke er viktigare enn di eiga. Tankane dine kan fortelje deg at den måten andre lever livet sitt på er riktigare enn den måten hjarta ditt skrik om inni deg. Den måten du eigentleg vil leve, viss du berre kjenner etter. Lar du desse tankane ta overhand lenge nok, så sitt du der med eit utslitt hjarte som bankar og pumper til ein kropp som går ein heilt annan veg enn den burde. For sjølv om me treng fornuft, så treng me ikkje tankar som skadar oss. Som gjer at me lever feil liv. Eit liv som lammar oss og som gjer oss ulukkelege. Som igjen gjer at me heller ikkje klarar å hjelpe andre eller å gjere dei tinga me ynskjer.

Hjarta ditt er heilt unikt. Det er ikkje likt naboen eller søstera di sitt. Det fungerer på sin eigen måte. Har si eiga verd og sine eigne ting det treng. Som alle andre hjarter, så fortene hjarta ditt å bli høyrd på og du fortener å ha det bra. Du fortene alle fine ord du får din veg og du fortene å tru på dei. La hjarta bli varmt og godt av dei. Du fortene å vera forelska; å gløyme verda i nokre sekund og berre nyte den kjensla. Du fortene å gjere akkurat det du ynskjer, sjølv om naboen ser litt rart på deg fordi hjarta hans seier noko heilt anna. Du fortene å drite i alle tankane dine, eit lite sekund. 

Klokka er 02.02. Tankane mine har i heile desember fortalt meg kva eg burde skrive om. Har minna meg på kva som sømmer seg i avisa og ikkje. Eg valde tilslutt å høyre på hjarta. Hjarta mitt som drit i kva som sømmar seg. Klokka er 02.03 og det ordna seg. Det ordnar seg alltid, seier hjarta.

mandag 16. desember 2013

I fritt fall

Korleis føltes det
Å ta det siste skrittet
Var du framleis sikker,
Hadde du ingen tvil

Kor mange spurte deg
Korleis hjarta ditt kjentes
Og slapp du nokon inn
Nokon gong

Var du like sikker
Då du mista kontakten
Med brua
Var du ikkje redd
Eit lite sekund

Kortid vart du han
Som møtte døden åleine
Som frivillig forlot verda
I fritt fall

mandag 9. desember 2013

Verda forstyrrar oss, så lat oss reise

Eg og deg, og fjellet

Eg vil dra deg opp på fjellet
Der berre eg og deg skal vera

Me skal la verda vera att der nede
med sine bilar,  klokker, mobilar

Me skal ikkje ha noko slikt
For det er nok med meg og deg
Meir enn nok

All verdas flotte dingsar klarar ikkje nå deg til knedna

Eg treng berre deg
og fjellet

Eg og deg
og fjellet
 

lørdag 7. desember 2013

Når ein vaknar midt på natta og må skrive

Eg har brukt så lang tid på å finne meg sjølv. Finne ut kven eg er. Kva eg kjenner, djupt der inne, ein stad.
Eg har brukt så lang tid, uendelig med tid, på å finne hjarta mitt. På å kjenne slaga, kjenne varmen. På å finne ut at det som hjarta mitt vil er riktig.
Riktig for meg.

Eg har gjort så mykje teit. Så mykje unødvendig. Sagt så mange feile ord. Sett på verda med heilt feile auge.
Feile auge for meg.

Og no er eg her.
Har funne meg.
Har funne dei riktige augene.
Har funne hjarta.

Men så ligg eg vaken og tenker på alle stiane eg har gått. Stiane som har vist seg å vera blindvegar. Stygge grusvegar utan meining.

Eg berre ligg her.
Vaken.
Med hjarta i hendene.
Med fortida i tankane.
Utan plass til framtida.