Kva er lukke? For meg er lukke å sjå "Dagsrevyen"
heilt åleine, etterfølgt av "Debatten" seinare på kvelden. For meg er
lukke djupe samtalar om religion, lokalfotball og FRP klokka tre om natta. Lukke
for meg er norske eple om hausten, ei
støttande og varm hand på korsryggen eller ein kopp kaffi i sofaen saman med
pappa.
For deg er lukke noko anna. Du hatar kanskje Dagsrevyen eller kaffi. Du synst
kanskje djupe samtalar på fest er totalt unødvendig og vil heller danse natta
lang. Kvifor? Fordi lukke er individuelt. Lukke er forskjellig frå menneske til
menneske og det finns ingen fasitsvar på kva det er.
I desse dagar går ein serie på NRK, som heiter "Oppdrag lykke". Me møter fire forskjellige menneske, som alle er sjølverklært ulukkelige. Dei ynskjer å bli det motsette, nemlig lukkelege, og me følgjer desse gjennom eit program som skal endre korleis dei tenker ved bruk av positiv psykologi. I fyrste episode får dei resultata av ein lukketest dei har tatt og alle får ein bekreftelse på at dei ligg godt under gjennomsnitt-nordmannen når det gjeld å vera lukkeleg. Samtidig informerer NRK om at alle kan ta testen på nrk.no. Eg gjer dette og får spørsmål som : "Generelt sett, hvor lykkelig er du?", "Hvor meningsfylt synes du livet ditt er?" og "Hvor verdifylt synes du livet ditt er?". Store spørsmål, som i seg sjølv gjer meg stressa. Eg ender opp med 39 av 100 i lukkelegeheitsgrad, godt under gjennomsnitt-nordmannen som skal vera 67 ifølge NRK. Vidare får eg spørsmål om kor sosial eg er, kor mykje eg trener og korleis eg ser på framtida. Etterfølgt av råd om at eg må trene meir, vera meir sosial og bli ein optimist som ser lysare på ting. Enkle greier... Dei neste dagane ser eg fleire overskrifter på heimesida til NRK som "Slik blir du lykkeligere", "Slik får du lykkelige barn" og ikkje minst "Lykke er smittsomt". Det er som om kanalen, som elles satse på djupe innslag med mykje kunnskap og refleksjon, er blitt inspirert av VG sine enkle overskrifter og løysningar.
Testen er laga med utgangspunkt i at lukke kan lærast. Dette
er eg ikkje ueinig i. Eg er ikkje ueinig i at ulike måtar å tenke på kan gjere
deg ulukkeleg, og at desse tankane kan endrast eller gjerast noko med, slik at
ein i større grad blir ein meir nøgd og lukkeleg person. Det er det eg har
drive med dei siste to åra, saman med psykologen min. Eg blir likevel, for første
gong i mitt liv, skuffa over NRK, som vel ein sånn overflatisk måte å fortelje
andre om kva lukke er. Programmet i seg sjølv kan eg leve med, det er
interessant å høyre om andre sine tankar rundt eigen lukke og sjå deira prosess.
Eg har òg tru på at personane i programmet kan få ein betre kvardag, fordi dei
får individuell oppfølging. Men ein sånn "slik blir du lukkeleg"
greier som testen til NRK legg opp til og ikkje minst overskriftene på heimesida
deira dei siste vekene, gjer meg kvalm.
Eg blir irritert når nokon prøver å prakke på meg lukke. Si
eiga definisjon på lukke. Eg blir irritert over overskrifter i hytt og pine om
kor lett det er å bli lukkeleg, bli nøgd med eigen kropp og få eit supert
sexliv. Eg irritere meg over fasitsvar, fordi det ikkje finnes fasitsvar. Det
finns ikkje ein måte eit menneske fungere på. Me er ikkje robotar eller
tekniske dupedittar som fungere likt berre ein trykker på dei rette knappane. Og
eg irritere meg, fordi fasitsvar og enkle løysningar gjer folk motsatt av
lukkeleg. Faktisk meir ulukkeleg. For det er jo ikkje så enkelt, som det
verkar. Og kva skjer med desse ulukkelege (i alle fall i følgje testen)
personane som ikkje blir lukkelege sjølv om dei følgjer desse råda? Dei blir
endå meir ulukkelege og endå meir håplause, fordi media og verda seier at
"så enkelt er det".
Og kva med meg? Kan eg aldri bli lukkeleg? Etter to år med
intens jobbing i terapi, så har eg fuckings-39 av 100 poeng i lukke? Ikkje
pokker. Eg hatar testen og testen har feil. Eg er kanskje meir bekymra enn
andre, meir uroa for framtida, mindre sosial, men det er fordi det er sånn eg
er. Det er sånn eg fungere. Eg treng å vera åleine å fordøye alle inntrykk eg
får i løpet av ein dag. Eg har lært å akseptere min eigen måte å vera på, med alle
tankane og bekymringane som fylgjer med. Eg vil aldri bli ein person som ikkje
bekymrar seg for framtida, for seg sjølv og for menneska rundt seg. Eller ein
person som aldri stressar og som alltid har positive tankar. Men eg er blitt
ein person som har akseptert meg sjølv og lar ikkje lenger denne bekymringa og
frykta for alt mulig ta overhand. Det berre er der, oppi hovudet mitt. Eg har
til og med lært å like desse sidene ved meg. Dei er ikkje så negative som dei
verker og eg kan bruke dei på ein god måte. Både for meg sjølv og andre.
Du er kanskje heilt annleis enn meg, eller kanskje litt lik.
Eg veit ikkje korleis du fungerar og eg veit ikkje kva lukke er for deg. Men
ein ting er sikkert: Eg veit, for min eigen del, korleis det er å vera
ulukkeleg. Og i dag så veit eg at eg er lukkeligare enn 39. Eg berre veit det.
<3 Du og eg er so like me! Er visst ikkje berre i utsjånad ser det ut til. Superkusine <3
SvarSlettHar av ein eller annan grunn ikkje sett denne meldinga før no. Det ligg nok noko i blodet, skal du sjå :) <3 Stor klem
SvarSlett