tirsdag 21. februar 2012

Er det greitt med religiøse skular i Noreg?

Det har lenge pågått ein liten debatt om Danielsen Ungdomsskule på Osterøy. Nokre kjem med krasse ord, mens andre forsvarar skulen og kristendommen. Danielsen ungdomskule har vore heilt stille og verken kome med forklaringar eller forsvaringar av skulen sin og trua si. Sjølv når Bygdanytt har spurd seriøse og ukritiske spørsmål, spørsmål me alle (ikkje berre foreldre) lurar på, så er dei framleis stille. Danielsen vil unngå ein forferdelig debatt i lokal avisa, som kan såre både elevar og foreldre. Eg trur likevel det er ein sunn debatt. Ein debatt som eigentlig handlar rundt det eine spørsmålet: Er det greitt med religiøse skular i Noreg?
Sjølv om me er ein kristen stat, bestemte regjeringa i 2008 at det ikkje lenger skal vera eit fag som heiter "KRL - Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap" i grunnskulen , men "RLE - Religion, Livssyn og Etikk". Faget vart endra frå å kunn handle om kristendommen til å skulle handle om alle religionar. Det var ein presisering av at opplæringa skulle vera objektiv, kritisk og pluralistisk. At religionar og livssyn vart presentert frå læraren si personlige ståstad, som tidligare var lov, vart no ikkje godtatt. Ein sunn utvikling. For det er her det ligg. Eg har ingenting imot tru og religion i det personlige og kvardagslige plan. Me vel alle korleis me vil vera og kva me vil tru på, og alle burde bli respektert for det. Det er altså ikkje dei personlige kristne det er noko feil med. Poenget mitt er at denne personlige trua har ingenting saman med formidlinga av kunnskap å gjere. Personleg tru + kunnskapsformidling = feil!

For kva lærer elevane på denne kristne skulen, dreven av kunn kristne lærarar, ein kristen rektor og kristen administrasjon? Sjølv om Danielsen ikkje svarar, så er svaret veldig enkelt: Dei lærer om kristendommen. Eg har leita litt rundt på internett for å prøve å finne noko handfast. Det var vanskelig, men eg fann nokre vage setningar i vedtektene til Danielsen. Der står det blant anna at "Danielsen skal i all sin virksomhet søke å skape et læringsmiljø som fremmer et kristent helhetssyn på livet, forankret i troen på Gud som skaper og frelser slik dette er uttrykt i Bibelen og de evangelisk-lutherske bekjennelsesskrifter. Skolen vil i alt sitt arbeid gjøre Kristus kjent for elevene slik at Han kan bli trodd og etterfulgt". Det Danielsen seier, veldig forsiktig, er at den kristne trua er med lærarane i alt dei gjer og alt dei lærer vidare til sine elevar og at målet til skulane er at elevane skal bli kjend med Kristus og byrje å tru på han. Her finn me alle svara Bygdanytt lurer på. Lærarane har med seg den personlege trua si når dei lærar vidare til elevane om korleis verda vart skapt. Dei har den personlege trua si med seg, når dei forklarar og fortel kva ein burde tenke om homofili og seksualitet. Dei har trua på Gud og Frelsaren med seg når dei fortel om krigane i Midtausten og når dei reflekterer om kven som har rett til "det hellige landet". Alle desse spørsmåla kan eg allereie no tippe svaret på. Alle desse svara er ikkje henta frå ei objektiv lærebok, men frå Bibielen.
Me snakkar heile tida om mangfald i det norske samfunnet og i offentlig sektor. Barnehagar og barneskular får ris fordi dei har for mange kvinnelige ansatte. Det sender ut feil signal til ungane, seier mange. Kvifor godtek me då denne skulen, der det ikkje finns mangfald i det heile? Eg meiner skulen i Noreg skal vera full av mangfald. Ein skule skal reflektere samfunnet vårt og på den måten vise alle dei fine sidene med vårt fantastiske opne og demokratiske samfunn. Eg vil ha lærarar som er kristne, muslimar, humanetikarar, homofile, heterofile, ikkje etniske nordmenn, nordmenn, kvinner og menn.  Men mest av alt vil eg ha lærarar som ikkje blandar trua si inn i undervisninga. Eg vil ikkje ha fadervår kvar morgon. Eg vil at elevane skal bli kjend med alle religionar, både dei me er fryktelige redde for og dei me ikkje er så redde for. Og eg vil at dei sjølv skal velje kva religion dei trur på eller ikkje trur på, og ikkje føle at dette valet er feil. Eg vil ha ungdommar som kan sjå på andre kulturar og religionar med opne auge og ikkje fulle av fordommar fordi dei ikkje har lært om verda frå ein nøytralt ståstad. Ein stad der kristendommen er det grunnleggande, det rette og der alt anna e heilt feil. Eg vil ha homoseksuelle elevar, som ikkje gøymer seg og skammar seg, men som reiser seg opp og seier: "Her er eg. Ingenting med meg er feil".
Det heile kokar ned til eit spørsmål: Er det greitt med religiøse skular i Noreg? Ein ting er sikkert. Me hadde aldri godkjent ein islamsk skule i Fotlandsvåg. Me hadde gått i protesttog frå ungdomshuset til "Jokern". Me hadde skrike "Islamisering" og nikka når Siv Jensen kom på tven. Sjølv om Danielsen er "mindre skummel" er det likevel det same. Det er begge to stadar der ungdommen lærer at bøker for over 2000 år sidan har alle dei rette svara og at ny forskning ikkje har det. Eller at nokre menneske, grunna sin legning, tru eller kjønn, har mindre verdi enn andre. Dette er livssyn og verdiar som ikkje burde vore godtatt i dagens samfunn og som absolutt ikkje høyrer heime på skular på Osterøy og elles rundt om i Noreg.
Tone Mjelde