mandag 16. desember 2013

I fritt fall

Korleis føltes det
Å ta det siste skrittet
Var du framleis sikker,
Hadde du ingen tvil

Kor mange spurte deg
Korleis hjarta ditt kjentes
Og slapp du nokon inn
Nokon gong

Var du like sikker
Då du mista kontakten
Med brua
Var du ikkje redd
Eit lite sekund

Kortid vart du han
Som møtte døden åleine
Som frivillig forlot verda
I fritt fall

2 kommentarer:

  1. Utrolig sterkt og vakkert skrevet. Har delt det på FB. Håper at det er i orden.

    SvarSlett
  2. Hei! Tusen takk for kommentar. Berre kjekt at du deler <3

    SvarSlett