fredag 25. november 2011

Takknemlig

Today its thanksgiving og sjølv om eg er litt imot amerikanske tradisjoner, så er dette ein god ein. Den e jo faktisk frå indianarane (ref: Ida si lærebok 7.klasse). Derfor tenkte eg å remsa opp ein del ting eg er takknemlig over. Å tenke over dette har fått meg til å skjønne kor utrulig godt eg har det og at eg har mykje å vera takknemlig over.

1. Eg er takknemlig over å alltid ha mat på bordet. Eg er aldri sulten (noko som vises på kroppen) og har aldri hatt for lite penger til mat. Magen min er ikke oppblåst fordi den mangler mat, men fordi den har fått for mykje. Det er eg takknemlig over.



2. Eg er takknemlig over å ha ein fantastisk familie. Den er ikkje perfekt. Den har ikkje eit perfekt hus utan støv og kranglar rundt middagsbordet. Men eg er utrulig takknemlig for å ha dei. Den kjærleiken, tryggheita og varmen som finns der er eg utrulig takknemlig for.



3. Eg er takknemlig for å ha ein fungerande kropp, som eg egentlig tar for gitt. Eg kan gjera alt, eg kan få til ka som helst (okei, Mount everest er kanskje litt for optimistisk). Eg har ingen fysiske hindringer (utan asthma og allergi). Det er eg takknemlig for!



4. Eg er takknemlig over å ha muligheten til å bli kva enn eg har lyst til. Omgivnadane mine stopper meg ikkje og det er opp til meg kor langt eg kan nå. Eg kan sjølv bestemme om eg vil bli mekanikar, frisør, professor, kiwi dama, evig student eller lege.



5. Eg er takknemlig for å ha så gode venner. Eg har alltid nokon rundt meg og nokon som bryr seg. Både store og små, i alle aldrer. Nokre som ein drikk kaffi med, nokre ein studerer med, nokre ein grin til langt på natta med og nokre som ein tar røykepause med i glasshuset og filosoferer over livet. Eg er takknemlig for alle deko.



6. Eg er takknemlig for senga mi. Den er så ufattelig GOD!



7. Eg er takknemlig for oppveksten min i Mjeldalen. Eg har kun gode minner frå den tida og båndet som vart danna mellom oss Mjeldalsjenter vil alltid vera der <3




8. Eg er takknemlig for Bergans regnjakken min (og mammo som betalte). Eg hadde ikkje overlevd utan!


Einaste bilde eg hadde av den. Rart egentlig, sidan eg går med den heile tida.


9. Eg er takknemlig for å få lov å vera barneteater instruktør for mange flotte og kreative MUL-ungar.



10. Og tilslutt er eg takknemlig for velferdstaten Noreg. Eg treng ikke ha økonomiske bekymringar for val av skule eller over å ha god nok forsikring for å få best behandling på sjukehus eller behandling i det heile eller økonomisk forskjellsbehandling i andre samanhenger. Noreg er rett og slett ein flott stad å leve, der alle er like mykje verdt og alle har like rettighetar. Det er eg veldig takknemlig for!

onsdag 23. november 2011

Ønskeliste

Jau. Då er det eksamenstid og tankane mine er sjølvsagt heilt andre stadar, nemlig på julegaver! Folk maser g spør iveg om kva eg ønsker meg, så her kjem det ei liste. For deg som ikkje føle deg truffen og ikkje har planar om å kjøpa julepresang til meg, så sjå på dette som (dårlig) underholdning. For deg som føler deg truffen og kjem til å kjøpe julepresang til meg: Høyr med andre slik at du ikkje kjøper det same som andre. (Ja, Lene og mamma. Eg hinter til dykk. To vaffeljern er fint det, men veldig bortkasta for augenblinken).

(Tilfeldig rekkefølge)

1. Tynn regnjakke (familie)
2. Gode joggesko (familie)
3. Denne her, sjølv om den e veldig dyr: (omg revolusjonerande lizzm):  http://www.elkjop.no/product/hus-og-hjem/personlig-pleie/barbermaskin-harfjerning/FG1PDK001/silk-n-flash-go-harfjerning
4. Fine klede (du har større sjans te å kjøpa nåkke fint, enn da eg har)
5. Panneband (da må ikke klø, sånn som Carina sitt)
6. Matboks med fleire rom i (for ein fattig student som vil ha ei litt spennande matniste med)
7. Alt som finns av studenthjelpemiddel. Ikkje kalkulator og sånn. Men sånnt som kan gjera studentlivet enklare.
8. Småting som gjer livet lettere. Har egentlig ingen eksempel.
9. Gåvekort. Gåvekort på alt mulig er bra. Og så må du minne meg på å bruke de innan et år. Eg har framleis to frå sist bursdag eg enda ikkje har brukt. GLØYMER DET BERRE.
10. All slags hjelpemiddel eller motivasjonspush som kan få meg slank (og høg)
p.s. JA kjem te å bli fornærma dersom eg får boka: "korleis bli slank"!

Ja. Dette gjekk jo jækla bra. Eg suge tydeligvis på å lage ønskeliste. Men... for å vera 23.november, så synst eg faktisk ikkje det er så gale :)

God natt frå strandgaten 212

lørdag 19. november 2011

Familie

Eg har aldri sett på meg sjølv som ein voldsomt familieknytta type. Har vel egentlig ikkje tenkt så særlig mykje på det heller. Eg har liksom ikkje vore ein type som fortel alt mulig til søstra mi eller foreldra mine. Eg fortel vel egentlig ikkje noko til nokon.
Men i dei siste åra har dette endra seg. Eg merker kor utrulig mykje familien min betyr for meg. Når det har gått ei veke utan dei (noko som sjeldan skjer) så kjenner eg at eg treng å sjå og å snakke med dei igjen. Det treng ikkje vera voldsomme utflukter eller noko planlagt. Kaffi med pappen mens me les avisa er noko av det finaste eg veit. Eller diskusjonar rundt matbordet. Å veta at nokon bryr seg om det eg meiner og vil sei. At nokon er glade for at eg er heime. Det er ei god kjensle.
Eg har også fått eit mykje betre forhold til søskene mine. Lillesøstera mi er blitt min beste ven og lillebroren min og eg har plutselig samme interesser og kan ha lange samtaler om alt mulig. Dei har blitt utrulige viktige personar i livet mitt, som eg aldri ville klart meg utan.
Familien har, rett og slett, blitt den staden eg kan opne meg opp og fortelje om både glede og sorg. Der eg kan vise mi uperfekte side og la tårene renne. Der eg kan vera meg sjølv. Det kjennes så ufattelig trygt og godt å vete at dei er glad i meg, uansett.

Det er vel det familie handlar om ...

torsdag 17. november 2011

Når lyset sluknar

Elendigheita
tek over
Djupet 
drar meg ned

Det lille lyset
langt der borte
sluknar

meir og meir

Tomheita inni meg
Desperasjonen
Einsamheita
Den overgår alt

Det varme lyset
som eingong var der
Det som før overskygga mørket
Det forsvinn

meir og meir

Du ser det kanskje ikkje
på meg
I ettertid er handlingane
ikkje til å forstå

Likevel
Er det slik 
inni meg

Eg meiner ingenting vondt
Eg ønsker ikkje å såre nokon

Likevel. 
vart det slik.

Copyright
Tone Mjelde 
17.11.2011

torsdag 10. november 2011

Dryppet

Alt eg høyrer
er regnets jamne drypp

Det drypp heile dagen
Slutter aldri
å dryppe

Eg ser ikkje lenger
den blå himmelen
Eg høyrer ikkje lenger
fuglesongen

Berre dryppet

Eg kjenner inga glede
Eg ser ikkje smila
Kjenner ikkje lykka
over livet

Dette er dagen min
Dagane mine
Sorga mi