Eg vil leve til
Eg kjenner eg er
lei av å puste
Eg vil leve til
Eg ikkje lenger føler
At det er noko å miste
Eg vil leve til
Øyrene og augene
Har sett og høyrt det meste
Ja, eg vil leve til
Kroppen er klar
For det neste
Eg vil leve til
Verden har blitt
Ein betre stad
Til all urett
Er borte
Og eg kan seie:
”Kva var det eg sa?”
Eg vil leve til
Den dagen eg fornøyd
Kan sjå tilbake
Når eg kan
Godta alle feil og
På sjølvsikkerhet smake
Ja, Eg vil leve heilt til
Eg sjølv seier ”kutt”.
Til eg sjølv bestemmer;
No er det slutt.
Copyright
Tone Mjelde