tirsdag 8. september 2015

Eg kan sjå det for meg



Det som irriterar meg mest med denne flyktningsdebatten er at dersom det hadde stått hundre flyktningar på Kvisti, som ikkje eigde nåla i veggen, som ikkje hadde ein stad å sove eller mat til barnet sitt, så hadde me aldri vore i tvil. 

Me hadde stansa bilen og byrja å ringe folk, byrja å ordne ei løysning. Mjeldalen Ungdomslag hadde latt folk få sove der midlertidig, seniorgruppa hadde samla seg og byrja å koke lapskaus, mens nokre andre hadde leika med borna. Alle i bygda hadde kome med klede dei ikkje brukar lenger og veldig mange hadde opna heimane sine. Bedt ein familie på middag, latt dei få låne eit av dei ledige romma dei har i husa sine. For dei fleste av oss har eit ledig rom. Kiwien hadde kome med frukt og drikke. Fotballklubben hadde stilt med sine lokale, delt ut fotballar til borna og musikklaget hadde starta innsamlingsaksjon, som heile bygda hadde bidratt økonomisk i. Ei krone her, og ei krone der. 

Eg kan sjå alle dei fantastiske menneska eg kjenner på Osterøy for meg; I full driv og engasjement for denne saka.

Tingen er at me aldri hadde vore i tvil om å hjelpe, for me hadde sett det med våre eigne auge. Elendigheita. Desperasjonen. Hjelpelausheita. Men ikkje minst så hadde me sett godheita i augene deira, takknemlegheita og varmen. Me hadde sett at dei faktisk er menneske, som kan gjere Osterøy til ein betre stad, berre dei får sjansen. Me hadde oppdaga at nokre av desse menneska, som me kallar flyktningar, faktisk kunne bli framtidige vennar, klassekameratar, arbeidskollegaer og naboar. Me hadde oppdaga at det går heilt fint.

Så kjære regjering, send dei til oss.


Me klarar det.