I dag er det den internasjonale Holocaustdagen. 6 millionar jødar, 450 000 sigøynarar og 250 000 funksjonshemma og homofile vart drepen på nokre få år.
Me må ikkje gløyme at Noreg hadde jødeparagrafen i si grunnlov, som sa at ingen jødar fekk kome inn i Noreg. Og ikkje minst at den vanlige mannen på gata var med på den uretten som fann stad. Kor lett det er å havne i eit samfunn der me skiller menneske frå menneske og der nokre har meir verdi enn andre.
Gløymer du historia, kjem du til å oppleve den på nytt!
torsdag 30. januar 2014
onsdag 22. januar 2014
Hovudet i fanget
Han spør om han kan få legge hovudet sitt i fanget hennar.
Ho har aldri hatt hovudet til ein mann på fanget før, men seier ja. Han ligg
der og ser på ho. Ser opp på ansiktet hennar, som sikkert ser rart ut frå den
vinkelen. For å ikkje snakke om polyppen i nasa, som sikkert er ganske synleg
der ifrå. Kvar skal ho sjå, når ein mann ligg i fanget hennar og ser på ho. Ser
ein tilbake? Han lukkar tilslutt augene, seier at han kunne lagt der for
alltid. At akkurat no er han heilt avslappa, som aldri før. Ho slappar ikkje
av, men det er fint likevel. Fint fordi han har det bra og av ein eller annan
grunn liker å ligge der. Liker å sjå på ansiktet hennar frå den verste vinkelen.
Ho lurer om han kjenner dei. Hjarteslaga hennar som bankar i heile kroppen. Om
han kjenner at ho skjelver, utan å sjølv skjønne kvifor. For ho er ikkje redd. Det
er berre uvant. Uvant og fint.
lørdag 18. januar 2014
Du skal ikkje tåle så inderlig vel
Me ser filmar om ein krig som har skjedd. Me ristar på hovudet. Sukkar. Me grin. Skjøner ikkje korleis slikt kunne skje, korleis menneske kunne vera så onde. Umenneskelege, men samtidig berre menneske.
Mens me grin over alt som har skjedd, skjer det same igjen. Overalt. Heile tida. Me sitt stille i heimane våre. Me sukkar ikkje. Me reagerer ikkje. Handlar ikkje.
Men når filmen kjem om nokre år skal me sukke og grine. Og ikkje skjøne noko.
Igjen.
Mens me grin over alt som har skjedd, skjer det same igjen. Overalt. Heile tida. Me sitt stille i heimane våre. Me sukkar ikkje. Me reagerer ikkje. Handlar ikkje.
Men når filmen kjem om nokre år skal me sukke og grine. Og ikkje skjøne noko.
Igjen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)