Me får stadig fleire og fleire inntrykk av korleis liva til
alle menneska rundt oss er. Facebook er den viktigaste staden, der me får eit
unikt innblikk i kvardagen til naboar, slekt, venner og folk ellers i bygda. Kor realistisk dette bildet er, kan
diskuterast, men me får i alle fall eit inntrykk me aldri før har hatt
moglegheita til å få.
Det som blir tydelig med
facebook og med andre sosiale medier, er at det er viktig å vera spesiell. Å
utmerke seg. Å ha den morsommaste statusen, eller den travlaste dagen av alle.
Me må skilje oss ut. Borna skal for eksempel utmerka seg på skulen, vera kaptein
på fotball-laget og ha hovudrolla i teateret. Å vera normalt flink er ikkje
lenger godt nok. Då har ikkje bornet gjort sitt beste, eller læraren har feila.
Borna drøymer ikkje om å bli lærar eller barnehagetante, men statsminister,
tv-kjendis eller vinnaren av Idol. Me vaksne skal reise til spennande stader og
oppleve alt som er mogleg å oppleve. Det normale livet med ein normal jobb frå
9 til 17 er kjedelig og i alle fall ingenting å skrive om på facebook. Ein skal
velje seg eit spennande yrke, med utfordringar og spontanitet. Gjerne i
utlandet. Profilbiletet på facebook er ikkje det tradisjonelle bryllaupsbildet,
men eit bilde frå safarituren i Afrika. Det er spesielt. Det skiljer seg ut.
Eg er slik som dette. I
heile mitt 22 år lange liv, har eg streva etter å bli spesiell. Eg har ynskja å
utmerka meg, prøvd å finna vegen der eg skulle bli minst mogleg normal, minst
mogleg kjedelig, mest mogleg spesiell. Eg kunne for eksempel ikkje bli på
Osterøy, eg kunne ikkje nøye meg med ein vanleg jobb eller ikkje skilje meg ut.
Eg måtte søke etter noko større og eg måtte for all del unngå å bli den
personen som alltid valte det trygge og tilslutt havna i mi eiga lille boble.
Mi eiga normale og kjedelige boble. Eg måtte reise til eit land langt vekke, eg
måtte flytte til byn, eg måtte studere noko ingen andre studerte. Og ikkje
minst: Eg måtte vera best i alt eg gjorde.
Konsekvensane av denne
strevinga etter å vera spesiell og best i alt, er at ingenting eg så langt har
gjort i livet mitt har vore godt nok. Eg har ikkje vore spesiell nok. Nokon er
alltid flinkare enn meg i noko, nokon har alltid noko å klage på, nokon er
alltid meir spesiell. Uansett kor mykje og kor hardt eg har prøvd, så har eg
alltid feila. Eg har aldri klart å nå opp til mine eigne forventningar.
Forventningane som seier at eg skal bli noko stort, noko ingen andre er. Eg endar
alltid opp med å bli alt for normal. Og normalt er ikkje godt nok.
Denne tankegangen har
gjort meg ulukkeleg. For jo meir eg strevar, jo meir finn eg ut at det alltid
er noko eg ikkje klarer. Eg heng meg opp i desse tinga eg ikkje klager. Grubler
på dei i vekevis, og ser ikkje lenger tinga eg faktisk er flink til. Etter å ha
funne ut at dette faktisk gjer meg ulukkeleg, gjekk det samtidig opp for meg at
ikkje alle kan vera spesielle. Tenk deg viss alle skulle hatt hovudrolla i
teateret eller dersom alle skulle vore kaptein på fotball-laget. Det hadde det
blitt kaos. Alle kan faktisk ikkje vera sjefen. Alle kan ikkje bli
statsminister.
Etter å ha innsett dette,
så ser eg moglegheiter overalt. Livet mitt kan faktisk bli akkurat det eg vil
det skal bli. Det treng ikkje å vera spesielt, så lenge eg er lukkeleg. Eg kan
bli ein potetdyrkar, som sel sjølvmalte maleri utanfor Kiwien i Haus. Eg kan
bli ein filosof, som berre tenkjer og tenkjer. Eg kan vera evig singel - reise
verda rundt. Utan å skrive om det på facebook. Eg kan bli ei barnehagetante i
50% stilling, som går fjellturar om søndagane. Eg kan bli ein bonde, med to kyr
og tre sauar. Eg kan bli rørleggar, med rørleggarsprekk, eller få 7 ungar.
Og veit du kva. Eg kan bli statsminister. Viss eg vil då.