fredag 30. august 2013

Tør du sei det høgt?

Eg dansar
Ikkje fordi eg må
Ikkje fordi alle andre gjer det
Men fordi beina ynskjer det
Fordi hjarta bankar,
som ein bass i kroppen

Eg smiler
Ikkje av nervøsitet
Ikkje for å vera høflig eller grei
Eg berre smiler
Frå hjarta

Eg ler
Ler så mykje at eg grin
Ikkje for å skape god stemning
Ikkje for å prøve å muntre meg sjølv opp
Men fordi eg meiner det
Fordi latteren berre kjem

Hovudet mitt er heva
Ryggen rakare enn nokon gong

Eg latar ikkje
Eg prøver ikkje desperat å vera nokon eg ikkje er

Eg veit det no

At eg er eg
Og eg er god nok

tirsdag 13. august 2013

Ein stad å høyre heime

Frå eg var rundt fem år gamal og oppover livet mitt har eg hatt ein plass eg høyrer heime. Denne staden har fulgt meg og alltid vore der for meg. Den gav meg min fyrste forelsking som 6åring, den gav meg tryggheit i dei mest utrygge tider, den gav meg forbilde og den har gitt meg vener for livet.

Mjeldalen Ungdomslag har vore min stad. Ein stad der eg har kunne gøymt meg vekk og vore meg sjølv, når ungdomstida med jentekranglar og utestenging stod på som verst. Staden der eg har kunne vore gal og bråkete. Der alt har vore lov. Staden der eg fekk ansvar for fyrste gong. Der mi stemme betydde noko. Ein stad som alltid har fått fram eit smil, uansett kor langt nede eg har vore. Og ikkje minst: Ein stad eg har passa inn, fordi alle passar inn.

Dette er det viktigaste og det flottaste med Mjeldalen Ungdomslag. Det er ingen auditions, det er ingen ferdighetskrav og ingen treng ha eit flusst av pengar for å vera med. Kanskje du berre hamna der tilfeldig fordi venen din skulle byrja og trudde du ikkje likte å stå på scena eingong, men enda opp med å finne din stad. Din hobby. Deg sjølv.

For ungdomslaga tilbyr ikkje "berre" kultur. Dei tilbyr meir enn ei teaterframsyning, fine songar og ein stad å samlast. Ungdomslaga driv nemlig med førebyggande arbeid på sitt aller beste! Som Kulturdepartementet skriv i kulturløftet 3: "Kultur gir opplevingar, livskvalitet og helse". Tilbod som Mjeldalen Ungdomslag og andre ungdomslag tilbyr er ekstremt viktige. Dette er ein stad der born, kanskje for fyrste gong, opplever mestringskjensle og rein glede for endelig å ha funne noko dei liker å gjere. Kanskje fotball og idrett aldri har vore noko for dei. Eller kanskje ungdomslaget kan tilby noko i tillegg til fotballtreningen. Ei annan type trening. Trening som me treng som motstand mot det uendelige presset på born og unge i dagens samfunn. Ungdomslaga bidrar kvar dag til ei betre folkehelse og hindrar at nokon dett utanfor.

Dette handlar om menneske, men det handlar òg om politikk. Sidan 2005 har regjeringa satsa sterkt på kultur og frivilligheit. Bevilgningane har økt med 5 milliardar kroner og nærmar seg 1% av statsbudsjettet. Ein milliard har blant anna gått til momskompensasjon til frivillige organisasjonar. Pengar som kjem godt med i den daglege drifta av eit ungdomshus i full aktivitet. Men dette kan endrast til hausten. Fremskrittspartiet, samarbeidspartnaren til Høgre, har gått tydelig ut og ynskjer å kutte i kulturstøtta og overlate sponsinga til private aktørar. Ei ordning som vil vera umogleg for lag som Mjeldalen Ungdomslag, fordi ein rett og slett ikkje har så store sponsorar tilgjengelig. Dette kan føre til økte kontigentar, nedkutting i aktivitetstilboda eller ungdomshus som forfell og som igjen vil føre til at tilgjengeligheita blir dårligare. Det fører til fleire born som aldri finn sin stad. Som kanskje alltid kjem til å kjenne seg utanfor.

Om mindre enn ein månad er det val. Eit val som blir eit retningsval på mange måtar, òg når det gjeld kultur og frivillig arbeid. Me må ikkje gløyme aktivitetar som me har byrja å ta for gitt. Me må fortsetje å kjempe kulturkampen og styrke breidda og mangfaldet i den norske kulturen. Med ein blå valsiger i haust vil skattekutt føre til store konsekvensar for velferdsstaten vår og kutt i støtte som sårt trengs. For det er dette som er framtida og det er borna og ungdommane me enten fangar opp eller gløymer som kjem til å forme framtidas Noreg. Og trygge og lukkelege born, som vil føre landet vårt i rett retning, finn me i eit samfunn med små forskjellar og tilbod for alle.


Stem rett 9.september!