Folk er så forbanna lukkelege
Eg høyres bitter ut. Sjalu kanskje. Sint på andre som har det så fuckings bra.
Det er ikkje det. Eg håpar folk har det bra. Håpar folk har verdas beste kjæreste og at hjarta deira er varmt så ofte som mogleg. Men eg veit korleis det er å ikkje vera der. Korleis verda ser ut. Korleis facebook ser ut når alt er mørkt.
Når ein er deprimert, så har ein eit slør foran augene sine. Sløret ligg seg som ei hinne over auga og gjer at alle fargane ute i verda blir fargelause. Gråe. Ein ser verda gjennom dette sløret kvar einaste dag, men ser ikkje sjølv at det er eit slør der. Istadenfor trur ein at sløret har forsvunne og at ein endeleg ser verda slik den er; jævlig. Og ingenting vil gjere den jævla verda betre, så kvifor prøve.
Når ein er deprimert, så blir alt eit ork. Tanken på å gå i dusjen. På å måtte ta av deg alle kledna, ta sjampoen i håret, tørke den stygge kroppen din med handkleet. Å lage seg ei brødskive til frukost blir ein maraton-etappe, heilt utan meining. Heilt utan resultat. Kvifor ete. Kvifor puste. Kvifor leve.
Når ein er deprimert, så isolere ein seg sjølv. Å møte menneske blir det mest utslitande som fins, fordi ein i tillegg til å ha det jævlig, må skjule det. Finne fram maska med smilet klistra på. Så ein møter ikkje menneske. Ein ligg heller der i senga si og blar seg gjennom facebook. Blar seg gjennom instagram og møter verda på den måten.
Der ser ein verda og verda er alt anna enn det du er. Den er lukkeleg. Flink. Sprek. Den har ein familie. Born. Kjærast. Den har gode augeblikk og den set pris på dei. Verda der ute ser feilfri ut og den ser ut som den meiner det. At den smiler med verkeleg glede bak, utan å måtte ta på seg ei maske. Det ser ikkje ut som eit einaste menneske har ein einaste mørk tanke i seg.
Sjå kor fuckings åleine du er. Heilt, heilt åleine.
Menneska sirklar rundt deg, men dei veit ikkje, forstår ikkje, kjenner ikkje den smerta du ber på i hjarta ditt. Dei ser ikkje sløret over auga dine, høyrer ikkje tankane dine som ynskjer å slutte å tenke. Slutte å vera. For det blir ikkje betre og folk kjem aldri til å skjøne. Du viser dei ikkje, fortel dei ikkje, fordi du allereie veit at det ikkje er vits. Dei kjem til å le av deg. Fortelje deg at du må skjerpe deg. Ta deg saman. Tenke positivt.
Du veit at det vil vera dråpen.
Eg er ikkje lenger deprimert.
Eg har det faktisk fuckings bra.
Så bra at eg faktisk ikkje må skrive det på facebook.
Slik eg gjorde då eg var deprimert.
lørdag 31. mai 2014
fredag 30. mai 2014
Venen min
Eg har ein venn. Han er litt som meg; opptatt av konflikten
i Midtausten, glad i ostesmørbrød og er alt for aktiv på Facebook. Han er ofte
våken om natta og treng to koppar med kaffi før han kan fungere. Likevel er han
sjeldan gretten. Han gjer feil, akkurat som alle oss andre. Som den
laurdagskvelden han tok benken utanfor butikken med seg heim, mens han smilte
til overvåkingskamera som filma det heile. Hjarta hans er så ufattelig stort og
det forelskar seg lettare enn noko hjarte eg nokon gong har møtt. Likevel er
han redd for å sleppe nokon inn. Redd for smerta dersom dei ombestemmer seg og
vil ut igjen.
Kvar morgon når han sjekker facebooken sin ligg det som
oftast ei melding å ventar i inboksen hans. Den pleier som oftast å vera stygg.
Den pleier som oftast å fortelje han kor patetisk og ekkel han er. Kor liten
verdi han har som menneske og at han helst bør hoppe frå ei bru enn å spreie
sjukdommen sin vidare i samfunnet. At dei står klar med balltreet neste gong
dei ser han. Ein del vil hjelpe han. Redde han frå helvete, der sånne som han
skal brenne i evigheita saman med andre syndarar. Han viser meg meldingane og
så slettar han dei. Gong på gong.
Det er ikkje fordi han av og til stel benkar i fylla eller
fordi han støtter palestinarane at han får desse meldingane på Facebook. Han
får dei fordi hjarta hans bankar raskare når guten i kassa på Rimi smilar til
han. Fordi han synst menn
med hår på brystet er sexy. Fordi han meiner det er ingenting som er betre enn
å ligge i armkroken til ein mann du elskar og fordi han ikkje er redd for å seie det høgt. Han får hatmeldingar fordi han er homofil.
Eg ser aldri eit utanlandsk namn når eg får sjå meldingane.
Dei som sender heiter Ole, Miriam og Frode og på profilen deira har dei rørande
bilete av seg sjølv med den nyfødde sonen sin. Eller eit skrytebilete frå
Bergen-Voss. Avsendarane er ikkje radikale muslimar, som ynskjer Sharia-lovar i
Noreg, men tilsynelatande vanlege nordmenn, som kunne vore naboen din, tanta
di, klassekameraten din eller venninna di.
Det er gått 42 år sidan Noreg fjerna loven som sa at mannleg homofili var kriminelt. Homofili er framleis kriminalisert i 78 land i verda i dag, men det er ikkje berre i andre land me finn diskriminering, vald og hat mot homofile. Ei undersøking av norsk ungdom i 2007 viste at ein tredjedel av homofile og bifile jenter hadde opplevd truslar om vald. For homofile og bifile gutar sa halvparten av dei spurte at dei hadde opplevd truslar. Når det gjaldt vald så alvorleg at den ramma måtte oppsøke legehjelp sa 40% av dei homofile og 18% av dei bifile at dette hadde ramma dei. I tillegg er homofile sterkt overrepresentert når det kjem til sjølvmordstankar og det å ta sitt eige liv. Dette er Noreg.
Det er ikkje mange månader sidan Den Norske Kyrkja bestemte seg for å fortsetje å nekte å la homofile gifte seg i kyrkja. Frelsesarmeen og andre kristne organisasjonar har lov å nekte homofile menneske å arbeide for dei, berre fordi dei er homofile. Dette er diskriminering av ei kyrkje der nærare 80% av Noregs befolkning er medlem. Betyr det at nesten 80% av alle menneska i Noreg meiner at homofile sin kjærleik er mindre verd enn andre? At venen min sitt hjarte hoppar feil? Betyr det at 80% av Noregs befolkning ser på homofile som mindre verd? Eg håpar ikkje det. Eg håpar det berre er så voldsomt vanskeleg å skrive ut utmeldingsskjemaet, signere det og sende det i posten.
Me er ganske like, men venen min er ikkje som meg. Han lar
seg ikkje knekke. Lar ikkje tårene kome ved frukostbordet dersom han har fått
ei stygg melding på facebook. Han vil ikkje bli likt av alle. Treng faktisk
ikkje at du forstår han ein gong. Det einaste han vil er å få vera seg sjølv
utan all den smerta og skammen samfunnet prøver å gje han kvar dag. For det er
ikkje homofili som skadar og øydelegg menneske. Det er hatet.
søndag 18. mai 2014
Festtale/Tordentale i Lonevåg 17.mai 2014
Gratulera med dagen
alle saman!
Når eg tenker på 17.mai, så dukker ei fin kjensle opp i meg. Kjensla av spenning og glede, som eg har med meg frå eg var liten.
Det skulle altså gå 100 år etter Grunnlova i 1814 før heile Noregs befolkning hadde stemmerett.
For dei fleste av oss er det utenkeleg å leve i eit samfunn utan demokrati og der nokon har meir rett til å stemme enn andre. Men for 100 år sidan var dette tilfelle. I Noreg. Og kva er 100 år?
Ein undersøking av norsk ungdom i 2007 viste at 1/3 av homofile og bifile jenter hadde opplevd truslar om vald. For homofile og bifile gutar sa 50% at dei hadde opplevd truslar. Og når det gjald vald så alvorleg at den ramma har måtte oppsøke legehjelp seier 40% av dei homofile og 18% av dei bifile at dette har ramma dei. Dette skjer i Noreg i dag.
Når eg tenker på 17.mai, så dukker ei fin kjensle opp i meg. Kjensla av spenning og glede, som eg har med meg frå eg var liten.
Eg hugsar
utålmodigheita når sølja skulle på plass og gleda då mamma endelig, på fjerde
forsøk, fekk den til å henge beint.
Eg hugsar lyden frå trommene langt i det
fjerne, som kom nærmare og nærmare.
Kjensla av å ha pynta seg skikkelig, å få lov å ta på seg bunad, nett som dei
vaksne.
Eg hugse irritasjonen over at gutane i klassen aldri klarte å halda den
fana beint, sånn at me kunne vinna konkurransen om å gå finast i toget.
Og eg hugsar fortvilinga når 50 lappen liksom plutselig hadde forsvunne og bunaden
var full i is etter ti minutt.
I 1870 tok Bjørnstjerne Bjørnson initiativet til det første
barnetoget i Kristiania. Der fekk kun gutar vera med, jentene fekk ikkje vera
med før 19 år seinare. Frå Bjørnson sitt initiativ har 17.mai dagen vokst fram
til ein grunnsolid tradisjon. I andre land feirar dei nasjonaldagen sin med
militærparadar, men me feirar den med barnetog. Det seier mykje om oss som
nasjon.
17.mai er barnas dag, seier mange, og eg er einig.
Men 17.mai er meir enn barnas dag. 17.mai er sjølve symbolet
og starta på demokratiet i Noreg. Før dette kunne ikkje Noregs befolkning
stemme eller ha innverknad på korleis landet vårt skulle styrast. Kongen hadde
all makt. Og i år er 17.mai ein ekstra stor dag, for for 200 år sidan vart
grunnlova vår underskrive. Det var ei radikal og demokratisk grunnlov i 1814, men
i dag 200 år etter kan me sjå at den ikkje var særleg demokratisk.
For med grunnlova i 1814 fekk kunn 14% av alle menna i Noreg
stemmerett og ingen av kvinnene. Dette betyr at kun 7% av befolkninga i Noreg kunne stemme. Kvinnene
vart ikkje ein gong myndige før i 1869, noko som betyr at før dette var kvinner
sett på og behandla som born. Dei hadde
ingenting å sei, sjølv om det gjald deira eigne liv. Tvangsekteskap, som ein
forbind med land i Midtausten i dag, var ein vanleg ting i Noreg for mindre enn
200 år sidan.
Stemmeretten vart utvida til å gjelde alle menn etter kvart og i 1913 fekk kvinner stemmerett og kunne bli valt inn på Stortinget.
Stemmeretten vart utvida til å gjelde alle menn etter kvart og i 1913 fekk kvinner stemmerett og kunne bli valt inn på Stortinget.
Det skulle altså gå 100 år etter Grunnlova i 1814 før heile Noregs befolkning hadde stemmerett.
For dei fleste av oss er det utenkeleg å leve i eit samfunn utan demokrati og der nokon har meir rett til å stemme enn andre. Men for 100 år sidan var dette tilfelle. I Noreg. Og kva er 100 år?
I artikkel
1 i menneskerettighetene står det: Alle menneske er født frie og med same menneskeverd og menneskerettigheter. Dei er utstyr med fornuft og samvit og bør handle mot kvarandre i brorskapets ånd.
Alle menneske er født frie. Ein stor del av Grunnlova vår
handlar òg om friheit.
For verda går heldigvis framover og i dag, etter mange endringar, gjev grunnlova vår oss friheit til å vera oss sjølv. I dagens Noreg har dette blitt ein sjølvfølge og dei fleste av oss anar ikkje korleis det er å ikkje vera fri. Men i mange land, og altså ikkje lenger enn for 200 år sidan i Noreg, hadde det vore utenkeleg at eg, ei 24 år gamal jente, utan mann, skal kunne stå her på ei scene og sei meininga mi høgt ut, utan å vera redd for konsekvensane. Utan å bli såtte i fengsel for det eller bli tvungen til taushet. Og i kveld, når eg skal på fest, kan eg kysse kven eg vil, mann eller dame, og foreldra mine treng ikkje godkjenna han eller ho ein gong. Eg treng heller ikkje gå i kyrkja i dag, fordi eg sjølv vel om eg vil tru og kva eg vil tru på.
For verda går heldigvis framover og i dag, etter mange endringar, gjev grunnlova vår oss friheit til å vera oss sjølv. I dagens Noreg har dette blitt ein sjølvfølge og dei fleste av oss anar ikkje korleis det er å ikkje vera fri. Men i mange land, og altså ikkje lenger enn for 200 år sidan i Noreg, hadde det vore utenkeleg at eg, ei 24 år gamal jente, utan mann, skal kunne stå her på ei scene og sei meininga mi høgt ut, utan å vera redd for konsekvensane. Utan å bli såtte i fengsel for det eller bli tvungen til taushet. Og i kveld, når eg skal på fest, kan eg kysse kven eg vil, mann eller dame, og foreldra mine treng ikkje godkjenna han eller ho ein gong. Eg treng heller ikkje gå i kyrkja i dag, fordi eg sjølv vel om eg vil tru og kva eg vil tru på.
For 200 år sidan var det ikkje slik i Noreg. Ein paragraf som
kom med Grunnlova i 1814 var jødeparagrafen, som sa at alle jødar var nekta
adgang til riket berre fordi dei var jødar. Av alle menneske i Noreg var det
ein ostring som foreslo denne paragrafen, Nicolai Wergeland. Denne paragrafen var ikkje ein feil eller ein
glipp, men noko som det var stor einigheit om. Det var ein allmenn oppfatning
at jødane stal arbeid, hadde feil religion, kom til landet for å ta av godene
og hadde skuld i all elendigheit som skjedde. Det er skremmande å sjå liknande
retorikk i debatten om innvandring i Noreg i dag. Me veit i dag at dette
jødehatet førte til at 6 millionar jødar vart drepne, saman med 450 000
sigøynarar og 250 000 funksjonshemma og homofilie.
Mannleg homofili var forbudt i Noreg fram til 1972. Før det
kunne ein bli straffa i opptil eit års fengsel fordi ein var homofil. Det er
berre 42 år sidan! I dag har homofile, bifile, lesbiske og transpersoner like
rettigheiter som hetrofile. Me kan alle gifte oss og få born med kven med vil,
søke på ein jobb eller gå på ein pub utan å bli nekta jobb eller adgang pga.
legninga vår. Det er akkurat slik det bør vera.
Sjølv om lovane i landet vårt gjev alle like rettigheiter i
dag, så ser me heile tida at me, som folk, heng etter. Då Conchita Wurst vann
Eurovision Song Contest for ei veke sidan grein eg der eg satt åleine på
hybelen min i Sogndal. Homofili er framleis kriminalisert i 78 land i verda.
Fleire land og regionar i Sentraleuropa, blant anna i Russland, innføre no
såkalla anti-propagandalover som forbyr positiv omtale av homofili. Det betyr
dersom nokon heng opp eit regnbueflagg eller to menn heldt i henda, to jente kysser,
rett og slett viss homofile og transpersoner lever eit vanleg liv med kjærasten
sin i det offentlige blir dei arrestert. Styresmaktene på si side seier
homofili er det same som pedofili og at sjukdommen kan spre seg dersom den blir
sett eller nemnt. Dette resultere i at homofili og transeksualitet ikkje blir
nemnd i media, på skular eller i det offentlige rom. Born lærer ingenting om
det. Samtidig blir homofile arresterte.
Folk forsvinn. Folk blir banka opp, utan at nokon blir straffa for det, sjølv
om alle veit kven som gjorde det. Det blir stadig blir lagt ut skrytevideoer på
youtube der stolte, tydelige gjerningsmenn bankar opp homofile. I følge Amnesty
International er dette hatet veksande i Europa og mange land prøvde å få
Austerrike sin deltakar utvist frå Eurovision.
Då Conchita Wurst, som lever som både mann og kvinne, sanka stemmer frå heile Europa, mens ho sang om å få vera seg sjølv, sendte ho eit slag i ansiktitet på Putin, Russland og andre land som ser på homofile menneske som sjuke. Derfor grein eg.
Då Conchita Wurst, som lever som både mann og kvinne, sanka stemmer frå heile Europa, mens ho sang om å få vera seg sjølv, sendte ho eit slag i ansiktitet på Putin, Russland og andre land som ser på homofile menneske som sjuke. Derfor grein eg.
Jada, men dette er i Russland kan ein tenke. Og eg tenkte
dette, heilt til eg tok meg ein tur inn på facebook før eg skulle legga meg.
Der eg vart møtt med der var ein enorm mengde av hetsing av årets vinnar på min
eigen facebook, frå eigne facebookvener.
Ein kommentar skilde seg ut: «Det hadde ikkje vore nødvendig med
skuddpremie. Eg hadde skutt for moro skyld».
Eg trur ikkje den eine personen som skreiv dette hadde skutt
Conchita Wurst på moro skuld. Men kva signal sender ein ut når ein skriv dette?
Jo at årets vinnar er eit menneske, som er så ekkelt og patetisk, med så lite
verdi at det berre kan skytast, for moro skyld. Fordi det er seg sjølv. Fordi
det er tøffare enn dei fleste av oss her i salen nokon gong kjem til å vera. Kva
signal sender det til den 16 år gamle guten som sit heime på rommet på Fossen
og innerst inne ynskjer å vera som Conchita Wurst? Jo, at han bør skamme seg over den han eigentlig er og at sånne som han
er det lov å skade.
Ein undersøking av norsk ungdom i 2007 viste at 1/3 av homofile og bifile jenter hadde opplevd truslar om vald. For homofile og bifile gutar sa 50% at dei hadde opplevd truslar. Og når det gjald vald så alvorleg at den ramma har måtte oppsøke legehjelp seier 40% av dei homofile og 18% av dei bifile at dette har ramma dei. Dette skjer i Noreg i dag.
Me har ein enorm friheit i Noreg, men med denne friheita
kjem det også eit ansvar. Ein stor del av friheita er ytringsfriheita. Retta til
å sei kva ein meiner. Ytringsfriheita er viktig og har blitt eit symbol på
utvikling og demokrati. Men sjølv om ytringsfriheita må beskyttast og sjølv om
den er viktig, er det samtidig vår oppgåve å reagere dersom hatfulle eller
diskriminerande meiningar blir fremma. Det er me som må ta avstand frå ytringar
og handlingar, og reagere dersom kompisen vår på butikken eller facebook seier
noko han ikkje burde sei.
Dette er ikkje alltid like lett. Det er lettare å le med, kanskje gje han ein "like" på face. Men viss me tar dette ansvaret, kvar einaste dag, kan me i framtida få eit samfunn der menneske ikkje blir diskriminert, hetsa eller utsatt for vald fordi dei er seg sjølv.
Conchita Wurst sang ikkje berre om transeksualitet og homofili, ho sang om å få vera seg sjølv, akkurat slik me vil vera. Om det er ein bonde på Njåstad eller ein fotballidiot i Haus. Om det er ein gutt som heller vil synge i kor enn å spele fotball, eller ei jente som vil gå på mekanisk istadenfor helse og sosial. Ho sang, for oss.
Dette er ikkje alltid like lett. Det er lettare å le med, kanskje gje han ein "like" på face. Men viss me tar dette ansvaret, kvar einaste dag, kan me i framtida få eit samfunn der menneske ikkje blir diskriminert, hetsa eller utsatt for vald fordi dei er seg sjølv.
Conchita Wurst sang ikkje berre om transeksualitet og homofili, ho sang om å få vera seg sjølv, akkurat slik me vil vera. Om det er ein bonde på Njåstad eller ein fotballidiot i Haus. Om det er ein gutt som heller vil synge i kor enn å spele fotball, eller ei jente som vil gå på mekanisk istadenfor helse og sosial. Ho sang, for oss.
Demokratiet gjeld også på Osterøy. Her bur nesten 8000
menneske, der alle over 18 år kan vera med å bestemme kven som skal styra øya
vår ved kommuneval. Rundt om i bygdene er det fullt av engasjement. Me kjempar
for den lokale butikken og for grendaskulane våre. Uansett kva som er den beste
løysninga, så ser eg på dette som eit sunnheitsteikn. Engasjement er alltid bra
og ein viktig del av ytringsfriheita vår og demokratiet vårt. Miste me
engasjement for korleis liva, bygda, kommunen og landet vårt skal vera, så
miste me mykje.
Det kan av og til verka som om me bur i ein katastrofalt
dårleg kommune utan håp. Men eg har tru på ei positiv framtid for Osterøy. Øyne
er full av ressursar i form av menneske, som gjer sitt beste kvar einaste dag.
Men ein av dei største utfordringa i kommunen er likevel fellesskap. Å møte
framtida saman som Osterøy og ikkje som kvar enkelt bygd. Det er at på
valestrand støttar bustadfelt i Haus. Det er at dei i Haus støttar utviklinga
på Valestrand og kanskje til og med blir glade dersom Valestrand/Hjellvik
rykker opp ein divisjon. Det er at folk frå Hamre ikkje berre kjempar for sin
eigen skule, men òg for Bruvikskulen. Det er at me ikkje berre bryr oss og
engasjerar oss når noko skjer med oss og vår lille bygd, men òg kva som skjer rundt
oss på Osterøy. At me vil kvarandre godt og støttar alt det positive som skjer
på øya.
Sjølv om kommunen har dårleg økonomi klarar Osterøy å ha eit
fritidstilbod for alle ungar, ikkje berre for dei som spring raskast i klassen.
Dette kan me takke frivilligheita for. I 2004 vart ordet "Dugnad"
kåra til Noregs nasjonalord og dugnad er det fullt av på Osterøy. Eit eksempel
er fotballbana i Haus som fekk kunstgras og vart opprusta i 2011. Arbeidarane
gjorde arbeid på dugnad til ein verdi av 5 millionar kroner. Dette e enormt og
det synlege resultatet visar at arbeidet vart gjort med nøyaktighet, stolthet
og med kjærleik for bygda si. Slike prosjekt er synlege, med ei synleg
resultat. Men dugnad og frivillighet er ikkje alltid like synleg. Det er mykje
som foregår, som me nesten tek for gitt og aktivitetane er mange. Over alt på
øyne er det vaffelsteikarar, loddseljarar, tidtakarar, kasserarar,
teaterinstruktørar og trenarar, som gjev alt på frivillig basis. Det er ein
person som tar boss-spannet til ungdomslaget ned til vegen kvar torsdagskveld.
Sånt blir ikkje gjort av seg sjølv. Desse aktivitetane som frivillige
organisasjonar skapar for born og unge er gull verd og er utruleg helsefremjande.
Kanskje korpset vart den fyrste staden bornet opplevde mestring. Eller rein
glede, for å ha funne noko det vil driva med.
I eit samfunn der presset på barn og ungdom er enormt, kan
me bidra til at borna får eit positivt sjølvbilete og ein robust sjølvtillit
med seg vidare i livet. Ved å fokusere på mestring og sjølvtillitt og ikkje
flest mål eller raskars 60-meter, vil borna få ein tryggheit på seg sjølv, som
dei tar med seg i møtet med noko ukjent og framand. Som gjer at dei vil
behandle andre menneske med respekt og likeverd i framtida.
Når barnebarna, oldebarna og tippoldebarna våre ser tilbake
på dagens Noreg. Noreg i 2014. Kva ser dei då? Når det har gått 200 år til,
korleis ser dei tilbake på vår tid? Kva val gjorde me og i kva retning førte me
landet vårt? Det er viktig å ha med seg desse spørsmåla i alt me gjer. Når me
stemmer ved eit val. Når politikarane vel å ikkje treffe Dalai Lama. Når eg
skriv noko på facebook. Når kyrkja vel å fortsetje å diskriminere homofile. Når
Stortinget bestemmer om me skal ha eit landbruk i heile landet eller ikkje. Når
du får ein ny nabo, som kjem frå Syria.
Me trur kanskje ikkje sjølv, at me gjer den store
forskjellen. Men val og ansvar me tar kvar einaste dag, forme samfunnet vårt.
Nett som ein stemmeseddel ved stortingsval, som kan verke liten, men som
likevel har stor betydning. Eit ord, ein handling banar veg. For me er frie
menneske og me kan sjølv bestemme kva samfunn me vil leve i. Me kan sjølv føre
Noreg i den retninga me vil, ved å bringa vidare gode verdiar til neste
generasjon, motivera og gje sjølvtillit til borna og gjere slik at dei i framtida
kan sjå tilbake på vår tid, med stolte auge.
onsdag 14. mai 2014
Okkupanten
Hey du!
Du har okkupert
hjarta mitt
Tatt deg til rette
Slått deg til ro
Du er urokkeleg
Sjølv Israel bleiknar
I forhold
Du lar ingen andre
kome inn
Du gjev ingen andre
ein sjangs
Du styrar no
heile kroppen
Frå basen din
i hjarte mitt
Ein okkupant er ofte hata
Møter ofte motstand
Men hjarta mitt
Har alltid lengta
Etter ein okkupant
Som deg
14.05.14 - Tone Mjelde
Du har okkupert
hjarta mitt
Tatt deg til rette
Slått deg til ro
Du er urokkeleg
Sjølv Israel bleiknar
I forhold
Du lar ingen andre
kome inn
Du gjev ingen andre
ein sjangs
Du styrar no
heile kroppen
Frå basen din
i hjarte mitt
Ein okkupant er ofte hata
Møter ofte motstand
Men hjarta mitt
Har alltid lengta
Etter ein okkupant
Som deg
14.05.14 - Tone Mjelde
Abonner på:
Innlegg (Atom)