fredag 30. november 2012

Ønskeliste :)

Då synke eg til det nivået at eg legg ut ønskelista mi her på bloggen. Anbefaler alle å flytte inn i ein leilighet litt før jul, for då har ein så masse ein ønske seg og kan skriva ei laaang ønskeliste :) Sjølv om ønskelista kan verka litt kjedelig for utenforståande, så synst eg sjølv at den egentlig ikkje er det i det heile tatt :)

Tilfeldig rekkefølge sjølvsagt :

1. Ein kvit puff med oppbevaringsmuligheter :)
Denne her (kvit): http://www.ikea.com/no/no/catalog/products/S59885809/#/S39885829

2. Denne lampen:
http://www.ikea.com/no/no/catalog/products/90148766/

3. Grytekluter og kjøkkenhåndkle (dette e ein sånn kjedelig ein, men eg treng da verkeleg)

4. Opplevelser. Ein kinotur med deg. Ein teaterframsyning. Eit show. Ein tur. Ein kaffiavtale :)

5. Gåvekort på diverse stader er alltid genialt

6. Alkohol! (helst ikkje raudvin)

7. Kjøkkenstoler! (helst kvite eller limegrønne)

8. Gåvekort på tv2 sumo!!!

9. Datapute! (gjerne med høgtalarar). Akkurat sånn som denne faktisk:
http://www.dinside.no/836229/logitech-speaker-lapdesk-n700

10. Teskjeier og anna kjøkkenutstyr:D

11. Øyenskygge (gjerne jordfarger)

12. Symbolske gåver (Dette ønsker eg verkeleg altså og blir veldig glad for, spesielt dersom de vel: "Retten til et hjem":) http://www.symbolskegaver.no/Retten-til-et-hjem

13. Ting som gjer at eg kan finne ut kva eg skal bli...

14. Gode bøker. Denne her feks.: http://oktober.no/Boeker/Skjoennlitteratur/Romaner-noveller/Syngja

15. Gitarbok. Alltså ei bok med sangar med gitargrep :)

16. Treningsklede (kanskje eg begynne å trena då?)

17. Denne: http://www.enklereliv.no/sovnmaskin.html

18.  DENNE HER: http://www.enklereliv.no/pillehusker.html

19. Oooog denne: http://www.enklereliv.no/solskygge.html


Og fred i verda sjølvsagt :)

onsdag 21. november 2012

Eit heilt folk - gløymt av verda


I sommar reiste eg og ei studievenninne på ein månads tur til "dei heilage landet" i Midtausten. Israel for nokon. Palestina for andre. Før eg reiste var eg klar over mange av dei forskjellige sidene i denne konflikta og at situasjonen er komplisert. Ting er ikkje svart/kvitt. Det er så mykje meir. Desse månadane etter eg kom heim har eg prøvd å samla alle tankane, meiningane og inntrykka frå turen slik at eg på ein eller annan måte skal kunne sitte igjen med ei løysning på problemet. Det har ikkje vore så lett. Eg vil likevel prøve å fortelje kva eg har sett og kva som skjer i dette litle, men store landet i Midtausten. For uansett kva konflikten handlar om, så skjer det store brot på grunnleggande menneskerettigheitar utan at verda bryt inn. Utan at nokon veit det. Me snakkar om eit heilt folk, gløymt av verda; Palestinarane. 

Landet Israel er full av kontrastar. I løpet av den månaden me var i landet reiste me frå sør til nord, frå vest til aust. Den eine dagen gjekk me rundt på Vestbredden omringa av ein 8 meter høg betongmur, mens me nokre dagar seinare låg på stranda i storbyen Tel-Aviv, ein time eller to vekke frå det heile, med ein drink i handa, utan bekymringar. For dette er Israel. Eit moderne og fantastisk land, med rettigheiter, gode vegar og velferdstilbod. For israelarane... Me opplevde mange flotte bygningar, historiske stadar og møtte mange flotte menneske i heile Israel. Både jødar, kristne og muslimar. Eg kunne ha skrive mykje om reisa vår, men vil i denne artikkelen konsentrere meg om det me opplevde og dei inntrykka me  fekk på Vestbredden, Palestinarane sitt område, som i dag er okkupert av Israel.

På Vestbredden bur det i dag ca. 2,5 millionar palestinarar. Dette er palestinarar som nekta å rømme frå heimstaden sin då Israel vart danna for over 60 år sidan eller flyktningar som rømte frå palestinske landsbyer som Israel jevna med jorda eller jaga vekk befolkningen. Menneska på Vestbredden blir i dag okkupert av Israel og i tillegg bur det rundt ein halv million jødiske busettarar der. Desse  er ansett å vera i strid med folkeretten, fordi dei er oppretta på okkupert territorium. Rundt Vesbtredden har Israel bygd ein 8 meter høg mur, eller eit sikkerheitsgjerde som Israelarane sjølv kallar det. Som om muren ikkje er nok, så fylgjer den ikkje grensa mellom Vestbredden og Israel, men snik seg mellom hus, vener og familiar inne i dei palestinske områda. Israel hevder muren blir bygd (den er over 10 år gamal, men endå ikkje ferdig) av omsyn til sikkerheita. Målet med muren er, i fylgje den israelske regjeringa, rett og slett å hindre terroristar som ynskjer å ramme Israelske mål, ved å sperre eit heilt folk inne (eller ute, alt etter som). Palestinarane meinar muren er bygd for å gjere kvardagen deira så tøff at dei heller vel å flytte.
Huset deira med mur på alle sider
Uansett grunn: Konsekvensane av denne muren er ekstreme og det såg me sjølv på turen vår. Mellom Jerusalem og Betlehem trefte me ein familie som budde rett ved hovudvegen som gjekk mellom Jerusalem og Betlehem før muren vart bygd. Familien hadde då butikk og bilverkstad og tente gode pengar. I dag er huset deira omringa av muren på tre sider. Dei er skilt frå venner, slekt og naboar som budde rundt dei og er økonomisk konkurs. Familien hamna på Betlehemsida, skilt frå alle på Jerusalemsida. Før kunne dei gå til naboane sine, i dag er det nesten umogleg å reise på besøk. Dette fordi dersom ein arabar, som bur på Vestbredden, vil inn i Jerusalem må han søke om lov. Dette tar dagar og veker å få godkjent. Som oftast får ein nei som svar. Familien kan heller ikkje gå opp på taka sine, så dersom vatnbehaldaren på taket ryk må dei vente fleire dagar på godkjenning. I mellomtida er dei utan vatn. Mora i familien fortalde oss om sine traumatiserte born, som kom heim frå skulen og oppdaga at huset var blitt innestengt med mur på alle kantar og om soldatar på muren som trua og kjefta dersom borna spelte fotball i gata utanfor heimen sin. Borna hadde forandra seg kraftig og sleit psykisk grunna denne totalforandringa av kvardagen sin. På grunn av muren. 

 
               Utsikten frå huset deira                                         Mur på alle sider

Me var så heldige og fekk møte Kirkens Nødhjelp i Betlehem og høyre om deira arbeid på Vestbredden. Dei overvåker blant anna checkpoints. Checkpoints er opningar på muren, strengt kontrollert av israelske soldatar, der palestinarar som skal gjennom og inn på andre sida av muren må stå i kø, gå gjennom metalldektorar og vise identifikasjon og godkjenning. Representanten me møtte, Elsa frå Noreg, kunne fortelje om soldatar som med vilje brukar lang tid, stenger checkpointer utan grunn og forvarsel, og som håner og trakasserer Palestinarar. Ein veit aldri kor lang tid ein gjennomgang vil ta. Palestinarar med jobb i Jerusalem ventar vanlegvis frå kl.4 til kl.7 om morgonen for å kome seg på jobb, kvar einaste dag.  På checkpointen er det unge og gamle som står i timevis i kø for å vente på sin tur til å vise sine identitetspapir til unge Israelske soldatar som har all makt over liva deira. I eit land dei sjølv vart fødd i. I eit land dei ser på som sitt heimland. Der generasjonar av slekta deira har levd, dyrka jorda og vandra fritt. Dei er no innestengde og blir behandla som terroristar.

På veg inn i ein checkpoint mellom Jerusalem og Betlehem ein rolig ettermiddag. Her står palestinarane som sild i tønne kvar morgon

Muren skil ikkje berre menneske frå menneske, men også menneske frå jorda si. Me møtte mange Palestinarar som har mista jorda si og oliventrea sine fordi menneska og jorda deira har hamna på forskjellige sider. Oliventre som har vore i familien i generasjonar og som også er levebrødet deira. Dei mister jorda si og levebrødet sitt, sidan Israel har ein jordbrukslov som seier at dersom ein ikkje dyrkar jorda si på tre år, så blir den staten si. Med ein mur mellom menneska og jorda deira, blir dyrking (logisk nok) umogleg.

Då me reiste til Hebron, den største byen på Vestbredden, fekk me oppleve ekstreme forhold. I denne byen har 500 jødiske busettarar busett seg, saman med dei 550 000 Palestinarane som budde der frå før. Busettarane hevdar Gud har gitt dei rett til å ta over byen og at byen høyrer til Israel. Dei er med andre ord ekstremt ideologiske og religiøse. Mange kjem frå USA. I ryggen har dei 3000 israelske soldatar som beskyttar dei. Me fekk høyre historier om busettarar som ulovleg har overteke palestinske hus midt på natta og som stadig trakasserer og er valdlege mot born og vaksne. Me fekk også sjå videoar og høyre historiar om soldatar og busettarar som angrip lokalbefolkninga, ofte små skuleborn, både verbalt og fysisk.
Då me gjekk rundt i Hebron, skjøna me kvifor deler av byen blir kalla spøkelsesbyen. I eine delen av byen var det heilt stille i gatene. Dette fordi ingen born torer leike i gatene og marknadane er blitt stengde. Byen likna skremmande på Apartheidstyret i Sør Afrika, med forskjellige vegar for israelarar og palestinarar. Dersom palestinarar går i feil veg kan dei bli arrestert i fleire månadar, mistenkt for terrorisme. Det er soldatar på kvart einaste hjørne, tungt bevepna. For oss nordmenn, som sjeldan ser våpen, var dette skremmande og uvant. Me følte oss mistenkeleggjort og usikre. Me kom til gater der marknadane framleis var opne. Over oss var det netting og plastdukar, full av steinar og søppel. Palestinarane har prøvd å beskytte seg for dei jødiske busettarane, som har tatt over etasjar i hus ovanfor butikkane og dagleg kastar ned urin, maling, store steinar og anna søppel i gatene. Me såg sjølv med eigne auge Israelflagga som hang ut vindauga saman med store steinar som hang i nettinga nokre meter over oss. 



Me høyrte også om ekstrem vald og "Molotov-cocktails" som blir kasta inn i palestinske hus av jødiske busettarar. Hjå ein familie me besøkte hadde eit born på 18 månadar blitt drepen av ei slik bombe, men  ingen blei  straffa for det. I følgje FN blir meir enn 90% av anmelde saker om busettarvald henlagt utan tiltale og  rapporterte angrep frå busettarane har auka sterkt dei siste åra.
Ekstreme settlarar høyrde me også om i Jerusalem då me besøkte huset til ei palestinsk kvinne. Ho var 80 år gamal og hadde tepper hengande framfor vindauga sine. I alle fall halvparten av dei. Resten av huset hennar var overtatt av jødiske settlarar. Kvar dag stod desse naken i vindauga, urinerte bort på hennar del av huset og ropte skjellsord og trua ho. Desse teppene var hennar beskytting mot trakasseringa ho opplevde kvar dag. Ingen andre greip inn for å stanse det og i den israelske retten har ho ikkje ein sjans mot busettarane. Slike historiar var ikkje vanskelige å finna, men dei er framleis vanskelige å forstå.

                                           Fredsdua med skotsikker vest. Gatekunst av Banksy.

Jente som leiker i Hebron

For kvifor gjer Israel dette? Det er viktig å hugse på opp i alt dette at regjeringa i Israel har mange grupper å tenkje på. Frå sekulære til ekstremt religiøse. Det er også viktig å hugse på at Israel opplevde mange sjølvmordsbombarar i tida før muren kom og at desse er blitt kraftig redusert etter bygginga av muren vart starta. Likevel; etter å ha sett konsekvensane av handlingane til regjeringa i Israel, spør eg: Er det rettferdig å behandle eit heilt folk for det nokon gjorde? Ein skal aldri akseptere terrorisme og sjølvmordsbombing, men blir hatet mot Israel mindre ved å bygge ein mur og ved å behandle menneske på denne måten? Blir hatet og terrorismen mindre ved å undertrykke og diskriminere?  Guiden vår, som viste oss rundt på Vestbredden, fortalde om Palestinarar utan håp. Om ungdom som slutta seg til motstandsbevegelsar, som ser på terrorisme som einaste utveg. Han var skremt av denne utvikliinga, men forstod også desse unge palestinarane. Verda ser dei ikkje og høyrer ikkje, samtidig som landet dei alltid har budd i og elska blir tatt frå dei, sakte men sikkert.


Det har vist seg at Palestinarar nektar å la seg rokke med og kjempar sin eigen stille kamp. Dei blir værande og nektar å reise, sjølv om kvardagen deira verkar både håplaus og vanskeleg og sjølv om verda ikkje løfter ein finger for å forbetre situasjonen. Det er tydelig at muren/sikkerhetsgjerde, som skulle vera løysninga på problemet, heller har ein skapt eit sinne og ei kjensle av undertrykking, som ein dag vil renne over. Slik blokaden av Gazastripa også fører til. Nemlig meir hat og meir ekstremisme.
Ein kan diskutere lenge om kven som eigentlig har rett på dette heilage landet i Midtausten og korleis ein skal få fred mellom partane. Eg har ikkje kome fram til ei løysning, men skjønar no at ein aldri får  fred ved å stenge eit folk inne, splitte familiar og vener, og fjerne dei frå jorda si. Ein får ikkje fred ved diskriminering, audmjuking og mistenkeleggjering.  Ein får ikkje fred dersom ein ikkje kan forstå og anerkjenne den andre parten,  slik me menneske må gjere, dersom me skal leve saman. Ein får aldri fred dersom Israel fortsette på denne måten.

EM-kamp på storskjerm i Jerusalem
På reisa vår oppdaga eg også ein annan viktig ting, som er lett for å gløyme. Nemlig at dette er menneske. Menneske som fortene å bli beskytta av anna enn plastdukar og tepper foran vindauga sine. Dei er menneske som meg og deg. Som går på skule, som ser fotball, som er forelska og som har draumar og kjensler. Menneske som berre ynskjer å leve liva sine, der dei alltid har levd det og med familie og venar som dei alltid har levd med. Dei ynskjer å sjå EM i fotball med energidrikk og solsikkefrø som snacks og å kunne spele fotball i gata utanfor heimen sin.
Uansett om ein meiner at dei trur på feil religion, ikkje har rett å bu der dei bur, tenkjer feil eller handlar gale, så bør ein behandle dei som menneske. Menneske med rettigheitar og verdigheit. Etter turen vår til Vestbredden kan eg med handa på hjarte seie at det blir ikkje palestinarane i dag.

torsdag 8. november 2012

Det er noko fint

Det er noko fint
med å høyre lyden av oppvaskemaskina,
som du veit du har tatt på og som du veit du skal tømme.

Det er noko fint
med fatet på benken,
som du veit du satt der og som du føler kan stå der litt til.

Det er noko fint
med lysa i vindauga,
som du har tent og som du kan slukke.

Når du vil.

Det er noko fint
med rotet i senga.
Sjølv om du skulle hatt eit nattbord

Det er noko fint
med den planten som har visna.
Det er di skuld og du veit det.

Det er noko fint
med å sitte i sofaen og vete at den har du kjøpt.
Den er din.

Det er noko fint
med å bu for seg sjølv
og lydane og rotet sitt

Det er noko fint
med å leve åleine
med tinga sine
med tankane sine

Ja, akkurat no,
er det er ganske fint

onsdag 7. november 2012

Der var han

Det var som om noko gnistra mellom dei to. Ho skjønte ikkje kvifor eller kva det var, men ho kjende det på heile kroppen. Ho prøvde å konsentrera seg og holde fokus, men kroppen og tankane hennar søkte han. Ho drøymte seg vekk. Fantasterte korleis det ville vera å ta på han. Korleis det hadde vore å bli tatt på, av han.
Han gjorde ingenting spesielt, berre gjekk og snakka som alle andre, men likevel var ho heilt satt ut av å vera i nærleiken av han. Måten han bevegde seg på gav ho frysningar på ryggen. Måten han smilte på, gjorde at hjarta hennar vart varmt og rolig. Alt han sa, gav ho lyst til å grine. Grine fordi alt var så riktig. Han og orda hans.

Ho såg ryggen hans mens han gjekk ut døra og tenkte: Der var han. Der var draumemannen.

mandag 5. november 2012

Lykketjuvane

I helga har eg vore på stressmestringskurs på Solstrand Hotell, saman med 10 andre flotte personar. Sjeldan har eg kjent på ei sånn rolig kjensle inni meg. Eg kan ikkje hugse sist eg sovna med eit smil om munnen på denne måten. Med ei kjensle om at alt kjem til å ordne seg.

Eg vil dele eit utdrag frå papirheftet me hadde. Ein beskrivelse av depresjon, som eg kjenner meg veldig godt igjen i:


Lykketjuvane

Depressive lidelsar er tjuvar som tar lykken frå menneske. Dei stjel sjølvtillit, energi og livslyst. Depresjon er å miste evna til å vera glad, men depresjon er også å miste evna til å føle sorg. Som opplevelse kan depresjon minne om sorg, men er verken sorg, vemod eller tristheit. Depressive lidelsar angrip sjølvbilete på ein heilt annan måte.
Depresjon er å miste delar av evna til samhørighet med andre. Det er ein djupt einsam tilstand. Depressive lidingar gjer menneske sjølvsentrerte, men ikkje egoistiske.

Depresjon er å dø av tørst, med eit vannglass foran deg.

Ein deprimert person kan lengte etter kontakt, men skyv andre frå seg og isolerar seg. Det som er så trist, er at ein også mister seg sjølv som støttespelar. Istaden får man ein kritikar inni seg som ser det negativ i alt. Når kritikaren blir for sterk er det lett å sjå på seg sjølv som verdilaus, oppfatte livet som meiningslaust og miste håpet om eit betre liv


Ensomheten

Og ensomheten er huset ved veien
du raver dødstrett inn i
og finner varmt og trygt og godt
Og ensomheten er frosten
som gjennomsyrer deg senere på natten,
vinden som iser gjennom åpne sprekker
og istykkerslåtte vinduer,
og jager deg ut igjen.
Men ensomheten er fortvilelsen
som hyler over veiene.

Gunvor Hofmo

lørdag 3. november 2012

Stressa

Det er rart. At ein kan få panikk. Bli stressa. Så stressa at kroppen skjelv. Av berre ein liten filleting, som egentlig ikkje betyr noko. Som du egentlig ikkje treng å stresse over og som du ellers ikkje hadde tenkt over eingong. Men akkurat i dag, så stressar du. Noko voldsomt.

Eg er flink å stresse. Stressar når eg er vaken, og når eg søv. Heile tida. Nokre gongar meir enn andre, men det er alltid stressing inne i bilete. For småting, men også for store ting. Dei store spørsmåla i livet. Kva ein skal bli. Kven ein skal vera. Kva ein skal gjere med resten av livet sitt.

Eg slapper aldri av.
Eg stressar.

Fordi eg er ein stressar.