mandag 28. januar 2013

Born

Eg er redd for å få born. Eg er redd for mi eiga forming av eit anna menneske. Eg er redd for å forme feil. Forme i heilt feil veg, utan at eg merkar det sjølv.

Før var eg redd for å få mislykka ungar. Ungar som ikkje blir akseptert av resten av verda og som endar opp som taparar i augene til andre. Men no, etter mi eiga prosess, er ikkje dette viktig lenger. I dag er eg redd for å få ulukkelege ungar. Ungar som ikkje ser verdien i seg sjølv og som mistar håpet. Utan at ein veit kvifor. Den redselen er mykje skumlare.

Å vera forelder, lærar eller barnehageansatt handlar ikkje berre om å bytte bleier, hjelpe til med lekser eller holde bornet mett og rein. Det er så mykje meir å tenkje på.  Det er ikkje berre å lære borna rett eller galt i teorien, fordi du heile tida påverkar borna med korleis du er, korleis du snakkar og kva slags verdiar du sprer rundt deg.

For å få lukkelege ungar, så må eg forme riktig og det er nettopp dette som er så skummelt og så fullt av ansvar at eg får klump i halsen berre eg tenkjer på det. For måten eg oppførar meg på og måten eg snakkar på, ikkje berre til dei, men til meg sjølv, formar desse borna. Dersom eg sjølv er misfornøgd med mitt eige utsjåande og person, så vil dette påverke borna og dei vil også tenkje slike tankar. Dersom eg bekymrar meg mykje og stressar med kva andre meinar, så vil dei òg bli stressa og bekymra.
Dersom eg ikkje pushar dei nok og gjev dei for mykje og ufortent ros, kan eg ende opp med  ungar som verken bryr seg eller gidd noko som helst. Eller dersom eg pushar for mykje, får eg ungar som sjølv meinar dei aldri er gode nok. Som alltid kunne gjort meir. Som alltid kunne vore betre. Men eigentlig har eg berre meint det godt, eg har berre villa det beste for dei, men eg har likevel feila.

Eg har så lyst å forme born til å bli sjølvsikre, men samtidig ydmyke. Til å vera snill med andre, men samtidig vite at deira eiga meining betyr noko. Eg vil forme borna slik at dei har sin eigen motivator inni seg, ein del av seg sjølv som dyttar dei fram og ikkje ned. Eg vil forme born som blir trygge, men som òg tørr å prøve det utrygge. Men viktigast av alt: Eg vil ha born som utviklar seg til å bli ein person dei sjølv er nøgd med og eg vil at dei skal vera lukkelege. Frie. Sikre.

Det kokar kanskje ned til at eg er redd for å få born som får det slik eg har hatt det dei siste åra. Men korleis forhindre det? Korleis forme borna mine til å bli ulik meg sjølv? Det verkar umogleg. Det verkar håplaust.

Men kanskje dette er den negative delen av meg som snakkar. Den delen eg ikkje må vise for borna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar