Av ein eller annan grunn har eg, når det kjem til praktiske ting, blitt ein "det ordnar seg" person. På alle andre stadar i livet er eg det stikk motsatt. Tenker katastrofe og "DET ORDNAR SEG IKKJE" på det meste, men akkurat med sånne ting som plutselig har dukka opp no når eg bur for meg sjølv, så gjeld det ikkje. Det er kanskje at eg ikkje slappar av andre stadar, så eg tar all avslappinga på dette punktet. Men det skapar problem og uforutsette kostnadar.
Dette gjeld for eksempel rekningar. Eg sleng dei i haugen og tenkar: "Jada, det ordnar seg", heilt til eg får ein purring og eg tenkar: "Kva, ordnar det seg ikkje?". Eg hyv den i same bunken og tenkjer: "Det ordnar seg", heilt til inkassovarselet kjem og eg innser at eg må betale 200 kroner meir grunna latskap og "det ordnar seg" tenkinga mi.
Dette gjeld parkeringsplassar. Det er ein halvtime igjen av betalingstida, men eg tenker "Det ordnar seg" og betaler ikkje på automaten. Heilt til eg kjem tilbake og det ligg ein jævla gul lapp på ruta. Eg hyv den i rekningbunken og tenker "Det ordnar seeeg". Og så... (ja, du skjønar regla).
Dette gjeld avlysning av timar som ikkje passar. Psykologtime (jævla dyrt), tannlege time (jævla dyrt), møte om ny jobb (kunne fått peng). Eg får innkallinga og tenker: "Den timen passar ikkje, men det ordnaaaar seeeg". Heilt til eg får rekning, hyv den i rekningbunken, og ja. Du skjønar regla.
KVA SKJER MED MEG LIKSOM?
KOR MYKJE PENGAR BRUKER EG PÅ DENNE DRITT-TANKEN?
TONE - DET ORDNAR SEG IKKJE!
DU MÅ GJERE DET SJØLV!
DET ER INGEN SOM GJER DET FOR DEG.
DU BUR ÅLEINE.
DU BUR ÅLEINE NO
fredag 5. april 2013
tirsdag 26. mars 2013
Du får ikkje leve lenger
Eg fann eit dikt eg skreiv då eg var rundt 18-19 år. Eg har omformulert meg litt og endra det til nynorsk. (offcourse). Hadde tydeligvis ei bokmål-periode i diktinga mi.
Diktet kjem iallefall frå ei tid då den harde verkelegheita var så hard som den kunne vera. Då urettferdigheita råda og håpet svann.
Du får ikkje leve lenger
Du har fått nok
solnedgongar.
Har nokon bestemt.
Sjølv om du synst
kvar einaste ein er forskjellig
Du har fått nok
kjæreleik.
Har nokon bestemt.
Sjølv om du treng det sårt.
Du har fått nok
tid.
Har nokon bestemt.
Sjølv om tida renn ut
Sjølv om den ikkje strekk til
Du har fått ditt liv
og det endar her
Sjølv om det einaste
du ynskjer er
livet
Dommen er satt
Valet er ikkje ditt
Du får ikkje leve lenger
TM 2008

mandag 18. mars 2013
Deg
Eg vil berre ligge her
Ligge her,
til eg ser deg igjen
Eg vil berre sitte her,
Sitte her,
til du kjem inn døra
Eg vil berre draume,
draume om deg,
til eg er med deg igjen
Eg vil berre vente
Vente her
Vente på deg
Ligge her,
til eg ser deg igjen
Eg vil berre sitte her,
Sitte her,
til du kjem inn døra
Eg vil berre draume,
draume om deg,
til eg er med deg igjen
Eg vil berre vente
Vente her
Vente på deg
fredag 8. mars 2013
Kjære farfar
Du har vore gamal så lenge eg har kjent deg, du var 70 år då eg vart fødd.
Likevel så var du aldri gamal til sinns eller kropp. Du sykla til butikken,
hadde moderne meiningar og ynskja deg mobiltelefon. Du var alltid opptatt med
eit eller anna prosjekt. Du var ein liten Petter Smart, som såg oppfinningar
overalt.
Huset ditt var alltid opent for oss som ville kome på besøk.
Uansett om me kom frå alta, oslo eller nabohuset. Me var alltid velkommen,
uansett om me berre ville ha sjokolade og brus eller fordi me trong
overnatting. Du kom i alle bursdagsbesøk og innleda diskusjonar med alle om
alt. Din kunnskap kunne ingen slå. Men du var aldri den som hang i fortida. Du
var ikkje den typen som meinte at "alt var betre før". Du var glad i
utvikling. Glad i teknologi og du meinte verda utvikla seg til det betre. Du
har aldri vore ein farfar som blanda seg bort i livet me har levd med inngrodde
meiningar. Du har godtatt oss som me er og det me har gjort.
Kjære farfar.
Du skulle liksom alltid vera her. Du skulle ikkje forsvinna frå oss. Du skulle
ikkje dø. Det er rart. Det er uvant og det er trist. Familien sin bauta har
gått bort og me står igjen utan heilt å fatte det. For sjølv om du var heile 94
år, så skulle du no iallefall bli 100.Kjære farfar
Men Kjære farfar
Det er eg som skal takke deg. For det fyrste: Takke deg for livet. For utan deg
så ville eg faktisk ikkje vore her i dag. Og det e eg som skal takke deg for den flottaste tanto og dei flottaste onklane ein nåken gong kunne fått. Fulle av godheit og omtenksomheit. Og da e eg
som skal takka deg for verdens beste pappa. Ein pappa som alltid stiller opp og som
alltid bryr seg. Da veit eg han har etter deg.
Me er utrulig stolte
av deg. Alt du har gjort. Alt du har fått til. Alt du har bidratt med. Og ikkje
minst: måten du har takla livet på,
uansett kor mange utfordringar du har fått. Du har ikkje sett vitsen av å dvela
med fortida eller dei vanskelege tinga.
Me lover at me skal ta deg, det du har gjort, og korleis du har vore med oss vidare i liva våre. At me skal føre engasjementet og godheita di vidare.
Me lover at me skal ta deg, det du har gjort, og korleis du har vore med oss vidare i liva våre. At me skal føre engasjementet og godheita di vidare.
Og me vil aldri gløyma deg. Men me vil alltid sakna deg.
Kvil i fred, kjære farfar.
onsdag 20. februar 2013
tirsdag 5. februar 2013
Lukkeleg
Eg stoppa opp og prøvde å kjenne etter. Tok meg sjølv på leppene og kjente at eg smilte... Sjølv om eg var heilt åleine, sjølv om det ikkje var nokon å smile til. Så rart. Eg kunne ikkje hugse sist eg smilte sånn. Heilt tullette for meg sjølv med ei tullette kjensle som kom heilt innan ifrå.
Det er måndag. Dagen som alltid har vore vekast mest ulukkelege dag. Den dagen eg garantert tenker negativt, føler meg bedriten og aldri, aldri er god nok. Måndagane, der eg vel å skru av vekkerklokka, sove vidare og lage mi eiga verd. I draumane.
Men, det er måndag. Den fyrste dagen i veka, akkurat slik dei andre måndagane har vore. Denne mandagen er likevel ikkje lik. Den kan likevel ikkje samanliknast.
For på fyrste gong på lenge er eg lukkeleg. Eg trur i alle fall det er den kjensla eg kjenner. Det høyres rart ut, men det er som om eg kjenner den for fyrste gong. .
Kjensla er så ufatteleg sterkt, så sterkt at eg ser det for meg. Eg ser lyset inni meg og eg kjenner det. Korleis det verkar på kroppen og kor sterkt det er. Kor mykje det strålar. Kor mykje det varmar. Eg kjenner at det lysar opp alle dei mørke krokane eg aldri trudde kunne vera anna enn mørke. Eg kjenner at heile meg blir varm. Rolig. Trygg.
Eg kjenner at eg er lukkeleg. Utan å vete kvifor.

mandag 28. januar 2013
Born
Eg er redd for å få born. Eg er redd for mi eiga forming av eit anna menneske. Eg er redd for å forme feil. Forme i heilt feil veg, utan at eg merkar det sjølv.
Før var eg redd for å få mislykka ungar. Ungar som ikkje blir akseptert av resten av verda og som endar opp som taparar i augene til andre. Men no, etter mi eiga prosess, er ikkje dette viktig lenger. I dag er eg redd for å få ulukkelege ungar. Ungar som ikkje ser verdien i seg sjølv og som mistar håpet. Utan at ein veit kvifor. Den redselen er mykje skumlare.
Å vera forelder, lærar eller barnehageansatt handlar ikkje berre om å bytte bleier, hjelpe til med lekser eller holde bornet mett og rein. Det er så mykje meir å tenkje på. Det er ikkje berre å lære borna rett eller galt i teorien, fordi du heile tida påverkar borna med korleis du er, korleis du snakkar og kva slags verdiar du sprer rundt deg.
For å få lukkelege ungar, så må eg forme riktig og det er nettopp dette som er så skummelt og så fullt av ansvar at eg får klump i halsen berre eg tenkjer på det. For måten eg oppførar meg på og måten eg snakkar på, ikkje berre til dei, men til meg sjølv, formar desse borna. Dersom eg sjølv er misfornøgd med mitt eige utsjåande og person, så vil dette påverke borna og dei vil også tenkje slike tankar. Dersom eg bekymrar meg mykje og stressar med kva andre meinar, så vil dei òg bli stressa og bekymra.
Dersom eg ikkje pushar dei nok og gjev dei for mykje og ufortent ros, kan eg ende opp med ungar som verken bryr seg eller gidd noko som helst. Eller dersom eg pushar for mykje, får eg ungar som sjølv meinar dei aldri er gode nok. Som alltid kunne gjort meir. Som alltid kunne vore betre. Men eigentlig har eg berre meint det godt, eg har berre villa det beste for dei, men eg har likevel feila.
Eg har så lyst å forme born til å bli sjølvsikre, men samtidig ydmyke. Til å vera snill med andre, men samtidig vite at deira eiga meining betyr noko. Eg vil forme borna slik at dei har sin eigen motivator inni seg, ein del av seg sjølv som dyttar dei fram og ikkje ned. Eg vil forme born som blir trygge, men som òg tørr å prøve det utrygge. Men viktigast av alt: Eg vil ha born som utviklar seg til å bli ein person dei sjølv er nøgd med og eg vil at dei skal vera lukkelege. Frie. Sikre.
Det kokar kanskje ned til at eg er redd for å få born som får det slik eg har hatt det dei siste åra. Men korleis forhindre det? Korleis forme borna mine til å bli ulik meg sjølv? Det verkar umogleg. Det verkar håplaust.
Men kanskje dette er den negative delen av meg som snakkar. Den delen eg ikkje må vise for borna.

Abonner på:
Innlegg (Atom)