tirsdag 21. februar 2012

Er det greitt med religiøse skular i Noreg?

Det har lenge pågått ein liten debatt om Danielsen Ungdomsskule på Osterøy. Nokre kjem med krasse ord, mens andre forsvarar skulen og kristendommen. Danielsen ungdomskule har vore heilt stille og verken kome med forklaringar eller forsvaringar av skulen sin og trua si. Sjølv når Bygdanytt har spurd seriøse og ukritiske spørsmål, spørsmål me alle (ikkje berre foreldre) lurar på, så er dei framleis stille. Danielsen vil unngå ein forferdelig debatt i lokal avisa, som kan såre både elevar og foreldre. Eg trur likevel det er ein sunn debatt. Ein debatt som eigentlig handlar rundt det eine spørsmålet: Er det greitt med religiøse skular i Noreg?
Sjølv om me er ein kristen stat, bestemte regjeringa i 2008 at det ikkje lenger skal vera eit fag som heiter "KRL - Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap" i grunnskulen , men "RLE - Religion, Livssyn og Etikk". Faget vart endra frå å kunn handle om kristendommen til å skulle handle om alle religionar. Det var ein presisering av at opplæringa skulle vera objektiv, kritisk og pluralistisk. At religionar og livssyn vart presentert frå læraren si personlige ståstad, som tidligare var lov, vart no ikkje godtatt. Ein sunn utvikling. For det er her det ligg. Eg har ingenting imot tru og religion i det personlige og kvardagslige plan. Me vel alle korleis me vil vera og kva me vil tru på, og alle burde bli respektert for det. Det er altså ikkje dei personlige kristne det er noko feil med. Poenget mitt er at denne personlige trua har ingenting saman med formidlinga av kunnskap å gjere. Personleg tru + kunnskapsformidling = feil!

For kva lærer elevane på denne kristne skulen, dreven av kunn kristne lærarar, ein kristen rektor og kristen administrasjon? Sjølv om Danielsen ikkje svarar, så er svaret veldig enkelt: Dei lærer om kristendommen. Eg har leita litt rundt på internett for å prøve å finne noko handfast. Det var vanskelig, men eg fann nokre vage setningar i vedtektene til Danielsen. Der står det blant anna at "Danielsen skal i all sin virksomhet søke å skape et læringsmiljø som fremmer et kristent helhetssyn på livet, forankret i troen på Gud som skaper og frelser slik dette er uttrykt i Bibelen og de evangelisk-lutherske bekjennelsesskrifter. Skolen vil i alt sitt arbeid gjøre Kristus kjent for elevene slik at Han kan bli trodd og etterfulgt". Det Danielsen seier, veldig forsiktig, er at den kristne trua er med lærarane i alt dei gjer og alt dei lærer vidare til sine elevar og at målet til skulane er at elevane skal bli kjend med Kristus og byrje å tru på han. Her finn me alle svara Bygdanytt lurer på. Lærarane har med seg den personlege trua si når dei lærar vidare til elevane om korleis verda vart skapt. Dei har den personlege trua si med seg, når dei forklarar og fortel kva ein burde tenke om homofili og seksualitet. Dei har trua på Gud og Frelsaren med seg når dei fortel om krigane i Midtausten og når dei reflekterer om kven som har rett til "det hellige landet". Alle desse spørsmåla kan eg allereie no tippe svaret på. Alle desse svara er ikkje henta frå ei objektiv lærebok, men frå Bibielen.
Me snakkar heile tida om mangfald i det norske samfunnet og i offentlig sektor. Barnehagar og barneskular får ris fordi dei har for mange kvinnelige ansatte. Det sender ut feil signal til ungane, seier mange. Kvifor godtek me då denne skulen, der det ikkje finns mangfald i det heile? Eg meiner skulen i Noreg skal vera full av mangfald. Ein skule skal reflektere samfunnet vårt og på den måten vise alle dei fine sidene med vårt fantastiske opne og demokratiske samfunn. Eg vil ha lærarar som er kristne, muslimar, humanetikarar, homofile, heterofile, ikkje etniske nordmenn, nordmenn, kvinner og menn.  Men mest av alt vil eg ha lærarar som ikkje blandar trua si inn i undervisninga. Eg vil ikkje ha fadervår kvar morgon. Eg vil at elevane skal bli kjend med alle religionar, både dei me er fryktelige redde for og dei me ikkje er så redde for. Og eg vil at dei sjølv skal velje kva religion dei trur på eller ikkje trur på, og ikkje føle at dette valet er feil. Eg vil ha ungdommar som kan sjå på andre kulturar og religionar med opne auge og ikkje fulle av fordommar fordi dei ikkje har lært om verda frå ein nøytralt ståstad. Ein stad der kristendommen er det grunnleggande, det rette og der alt anna e heilt feil. Eg vil ha homoseksuelle elevar, som ikkje gøymer seg og skammar seg, men som reiser seg opp og seier: "Her er eg. Ingenting med meg er feil".
Det heile kokar ned til eit spørsmål: Er det greitt med religiøse skular i Noreg? Ein ting er sikkert. Me hadde aldri godkjent ein islamsk skule i Fotlandsvåg. Me hadde gått i protesttog frå ungdomshuset til "Jokern". Me hadde skrike "Islamisering" og nikka når Siv Jensen kom på tven. Sjølv om Danielsen er "mindre skummel" er det likevel det same. Det er begge to stadar der ungdommen lærer at bøker for over 2000 år sidan har alle dei rette svara og at ny forskning ikkje har det. Eller at nokre menneske, grunna sin legning, tru eller kjønn, har mindre verdi enn andre. Dette er livssyn og verdiar som ikkje burde vore godtatt i dagens samfunn og som absolutt ikkje høyrer heime på skular på Osterøy og elles rundt om i Noreg.
Tone Mjelde

lørdag 3. desember 2011

Sjukdom og klaging

Dersom du ikkje har fått det med deg gjennom facebook, der eg har klaga jevnlig, så har eg vore sjuk den siste veka. Kjempe kjekke greier. Så sjuk at eg faktisk måtte utsette den eine og siste eksamenen. Så den kjensla der eg går ut av eksamenslokalet med kladden i handa og kjenner juleferien kjem over meg, dukka aldri opp. I juleferien skal du ha absolutt null ting hengande øve deg. Iallefall ikkje skule ting. Dersom du gjer noko skulearbeid skal dette vera eit pluss, noko du vel og ikkje noko du må. Men neida. No veit eg ikkje kortid denne eksamenen kjem og må vera sånn halvvegs forberedt heile juleferien. Blæ. Jaja. Nok om det. Eg har fått tenkt meir på julepresanger mens eg har vore sjuk og her kjem resten av ønskelista mi:

-Klestativ. Kan vera eit sånt stort, men helst eit sånnt lite som du kan henga truse på liksom. Sånn her: (viss da fortsatt e i salg? mamma har iallefall to sånne)


- Vekkeklokke som får meg opp om morgenen. HEILT SERIØST!!! Denne mååå eg få til jul. Og det gjer ingenting om eg får fleire: http://www.enklereliv.no/productDetails.aspx?catId=141&pId=3738 . www.etenklereliv.no er heilt genialt!

- Abonnement på TV2 sumo (blitt hekta på hotel cæsar (HJELPES VANNESSA ER HEILT GAL FOR TIDA) og me har ikkje kanala)

- Denne her leppetingen. Så mange som mulig, for eg rotar dei vekk:

- Hanskar (sånne enkle. Helst barnestørrelse. Eg har lita hand:
 guuud, der såg den stor ut :D

- ehm. pengar eller/og alkohol!



Takk for meg og god natt :)

fredag 25. november 2011

Takknemlig

Today its thanksgiving og sjølv om eg er litt imot amerikanske tradisjoner, så er dette ein god ein. Den e jo faktisk frå indianarane (ref: Ida si lærebok 7.klasse). Derfor tenkte eg å remsa opp ein del ting eg er takknemlig over. Å tenke over dette har fått meg til å skjønne kor utrulig godt eg har det og at eg har mykje å vera takknemlig over.

1. Eg er takknemlig over å alltid ha mat på bordet. Eg er aldri sulten (noko som vises på kroppen) og har aldri hatt for lite penger til mat. Magen min er ikke oppblåst fordi den mangler mat, men fordi den har fått for mykje. Det er eg takknemlig over.



2. Eg er takknemlig over å ha ein fantastisk familie. Den er ikkje perfekt. Den har ikkje eit perfekt hus utan støv og kranglar rundt middagsbordet. Men eg er utrulig takknemlig for å ha dei. Den kjærleiken, tryggheita og varmen som finns der er eg utrulig takknemlig for.



3. Eg er takknemlig for å ha ein fungerande kropp, som eg egentlig tar for gitt. Eg kan gjera alt, eg kan få til ka som helst (okei, Mount everest er kanskje litt for optimistisk). Eg har ingen fysiske hindringer (utan asthma og allergi). Det er eg takknemlig for!



4. Eg er takknemlig over å ha muligheten til å bli kva enn eg har lyst til. Omgivnadane mine stopper meg ikkje og det er opp til meg kor langt eg kan nå. Eg kan sjølv bestemme om eg vil bli mekanikar, frisør, professor, kiwi dama, evig student eller lege.



5. Eg er takknemlig for å ha så gode venner. Eg har alltid nokon rundt meg og nokon som bryr seg. Både store og små, i alle aldrer. Nokre som ein drikk kaffi med, nokre ein studerer med, nokre ein grin til langt på natta med og nokre som ein tar røykepause med i glasshuset og filosoferer over livet. Eg er takknemlig for alle deko.



6. Eg er takknemlig for senga mi. Den er så ufattelig GOD!



7. Eg er takknemlig for oppveksten min i Mjeldalen. Eg har kun gode minner frå den tida og båndet som vart danna mellom oss Mjeldalsjenter vil alltid vera der <3




8. Eg er takknemlig for Bergans regnjakken min (og mammo som betalte). Eg hadde ikkje overlevd utan!


Einaste bilde eg hadde av den. Rart egentlig, sidan eg går med den heile tida.


9. Eg er takknemlig for å få lov å vera barneteater instruktør for mange flotte og kreative MUL-ungar.



10. Og tilslutt er eg takknemlig for velferdstaten Noreg. Eg treng ikke ha økonomiske bekymringar for val av skule eller over å ha god nok forsikring for å få best behandling på sjukehus eller behandling i det heile eller økonomisk forskjellsbehandling i andre samanhenger. Noreg er rett og slett ein flott stad å leve, der alle er like mykje verdt og alle har like rettighetar. Det er eg veldig takknemlig for!

onsdag 23. november 2011

Ønskeliste

Jau. Då er det eksamenstid og tankane mine er sjølvsagt heilt andre stadar, nemlig på julegaver! Folk maser g spør iveg om kva eg ønsker meg, så her kjem det ei liste. For deg som ikkje føle deg truffen og ikkje har planar om å kjøpa julepresang til meg, så sjå på dette som (dårlig) underholdning. For deg som føler deg truffen og kjem til å kjøpe julepresang til meg: Høyr med andre slik at du ikkje kjøper det same som andre. (Ja, Lene og mamma. Eg hinter til dykk. To vaffeljern er fint det, men veldig bortkasta for augenblinken).

(Tilfeldig rekkefølge)

1. Tynn regnjakke (familie)
2. Gode joggesko (familie)
3. Denne her, sjølv om den e veldig dyr: (omg revolusjonerande lizzm):  http://www.elkjop.no/product/hus-og-hjem/personlig-pleie/barbermaskin-harfjerning/FG1PDK001/silk-n-flash-go-harfjerning
4. Fine klede (du har større sjans te å kjøpa nåkke fint, enn da eg har)
5. Panneband (da må ikke klø, sånn som Carina sitt)
6. Matboks med fleire rom i (for ein fattig student som vil ha ei litt spennande matniste med)
7. Alt som finns av studenthjelpemiddel. Ikkje kalkulator og sånn. Men sånnt som kan gjera studentlivet enklare.
8. Småting som gjer livet lettere. Har egentlig ingen eksempel.
9. Gåvekort. Gåvekort på alt mulig er bra. Og så må du minne meg på å bruke de innan et år. Eg har framleis to frå sist bursdag eg enda ikkje har brukt. GLØYMER DET BERRE.
10. All slags hjelpemiddel eller motivasjonspush som kan få meg slank (og høg)
p.s. JA kjem te å bli fornærma dersom eg får boka: "korleis bli slank"!

Ja. Dette gjekk jo jækla bra. Eg suge tydeligvis på å lage ønskeliste. Men... for å vera 23.november, så synst eg faktisk ikkje det er så gale :)

God natt frå strandgaten 212

lørdag 19. november 2011

Familie

Eg har aldri sett på meg sjølv som ein voldsomt familieknytta type. Har vel egentlig ikkje tenkt så særlig mykje på det heller. Eg har liksom ikkje vore ein type som fortel alt mulig til søstra mi eller foreldra mine. Eg fortel vel egentlig ikkje noko til nokon.
Men i dei siste åra har dette endra seg. Eg merker kor utrulig mykje familien min betyr for meg. Når det har gått ei veke utan dei (noko som sjeldan skjer) så kjenner eg at eg treng å sjå og å snakke med dei igjen. Det treng ikkje vera voldsomme utflukter eller noko planlagt. Kaffi med pappen mens me les avisa er noko av det finaste eg veit. Eller diskusjonar rundt matbordet. Å veta at nokon bryr seg om det eg meiner og vil sei. At nokon er glade for at eg er heime. Det er ei god kjensle.
Eg har også fått eit mykje betre forhold til søskene mine. Lillesøstera mi er blitt min beste ven og lillebroren min og eg har plutselig samme interesser og kan ha lange samtaler om alt mulig. Dei har blitt utrulige viktige personar i livet mitt, som eg aldri ville klart meg utan.
Familien har, rett og slett, blitt den staden eg kan opne meg opp og fortelje om både glede og sorg. Der eg kan vise mi uperfekte side og la tårene renne. Der eg kan vera meg sjølv. Det kjennes så ufattelig trygt og godt å vete at dei er glad i meg, uansett.

Det er vel det familie handlar om ...

torsdag 17. november 2011

Når lyset sluknar

Elendigheita
tek over
Djupet 
drar meg ned

Det lille lyset
langt der borte
sluknar

meir og meir

Tomheita inni meg
Desperasjonen
Einsamheita
Den overgår alt

Det varme lyset
som eingong var der
Det som før overskygga mørket
Det forsvinn

meir og meir

Du ser det kanskje ikkje
på meg
I ettertid er handlingane
ikkje til å forstå

Likevel
Er det slik 
inni meg

Eg meiner ingenting vondt
Eg ønsker ikkje å såre nokon

Likevel. 
vart det slik.

Copyright
Tone Mjelde 
17.11.2011

torsdag 10. november 2011

Dryppet

Alt eg høyrer
er regnets jamne drypp

Det drypp heile dagen
Slutter aldri
å dryppe

Eg ser ikkje lenger
den blå himmelen
Eg høyrer ikkje lenger
fuglesongen

Berre dryppet

Eg kjenner inga glede
Eg ser ikkje smila
Kjenner ikkje lykka
over livet

Dette er dagen min
Dagane mine
Sorga mi