lørdag 19. november 2011

Familie

Eg har aldri sett på meg sjølv som ein voldsomt familieknytta type. Har vel egentlig ikkje tenkt så særlig mykje på det heller. Eg har liksom ikkje vore ein type som fortel alt mulig til søstra mi eller foreldra mine. Eg fortel vel egentlig ikkje noko til nokon.
Men i dei siste åra har dette endra seg. Eg merker kor utrulig mykje familien min betyr for meg. Når det har gått ei veke utan dei (noko som sjeldan skjer) så kjenner eg at eg treng å sjå og å snakke med dei igjen. Det treng ikkje vera voldsomme utflukter eller noko planlagt. Kaffi med pappen mens me les avisa er noko av det finaste eg veit. Eller diskusjonar rundt matbordet. Å veta at nokon bryr seg om det eg meiner og vil sei. At nokon er glade for at eg er heime. Det er ei god kjensle.
Eg har også fått eit mykje betre forhold til søskene mine. Lillesøstera mi er blitt min beste ven og lillebroren min og eg har plutselig samme interesser og kan ha lange samtaler om alt mulig. Dei har blitt utrulige viktige personar i livet mitt, som eg aldri ville klart meg utan.
Familien har, rett og slett, blitt den staden eg kan opne meg opp og fortelje om både glede og sorg. Der eg kan vise mi uperfekte side og la tårene renne. Der eg kan vera meg sjølv. Det kjennes så ufattelig trygt og godt å vete at dei er glad i meg, uansett.

Det er vel det familie handlar om ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar