torsdag 17. november 2011

Når lyset sluknar

Elendigheita
tek over
Djupet 
drar meg ned

Det lille lyset
langt der borte
sluknar

meir og meir

Tomheita inni meg
Desperasjonen
Einsamheita
Den overgår alt

Det varme lyset
som eingong var der
Det som før overskygga mørket
Det forsvinn

meir og meir

Du ser det kanskje ikkje
på meg
I ettertid er handlingane
ikkje til å forstå

Likevel
Er det slik 
inni meg

Eg meiner ingenting vondt
Eg ønsker ikkje å såre nokon

Likevel. 
vart det slik.

Copyright
Tone Mjelde 
17.11.2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar