fredag 25. november 2011

Takknemlig

Today its thanksgiving og sjølv om eg er litt imot amerikanske tradisjoner, så er dette ein god ein. Den e jo faktisk frå indianarane (ref: Ida si lærebok 7.klasse). Derfor tenkte eg å remsa opp ein del ting eg er takknemlig over. Å tenke over dette har fått meg til å skjønne kor utrulig godt eg har det og at eg har mykje å vera takknemlig over.

1. Eg er takknemlig over å alltid ha mat på bordet. Eg er aldri sulten (noko som vises på kroppen) og har aldri hatt for lite penger til mat. Magen min er ikke oppblåst fordi den mangler mat, men fordi den har fått for mykje. Det er eg takknemlig over.



2. Eg er takknemlig over å ha ein fantastisk familie. Den er ikkje perfekt. Den har ikkje eit perfekt hus utan støv og kranglar rundt middagsbordet. Men eg er utrulig takknemlig for å ha dei. Den kjærleiken, tryggheita og varmen som finns der er eg utrulig takknemlig for.



3. Eg er takknemlig for å ha ein fungerande kropp, som eg egentlig tar for gitt. Eg kan gjera alt, eg kan få til ka som helst (okei, Mount everest er kanskje litt for optimistisk). Eg har ingen fysiske hindringer (utan asthma og allergi). Det er eg takknemlig for!



4. Eg er takknemlig over å ha muligheten til å bli kva enn eg har lyst til. Omgivnadane mine stopper meg ikkje og det er opp til meg kor langt eg kan nå. Eg kan sjølv bestemme om eg vil bli mekanikar, frisør, professor, kiwi dama, evig student eller lege.



5. Eg er takknemlig for å ha så gode venner. Eg har alltid nokon rundt meg og nokon som bryr seg. Både store og små, i alle aldrer. Nokre som ein drikk kaffi med, nokre ein studerer med, nokre ein grin til langt på natta med og nokre som ein tar røykepause med i glasshuset og filosoferer over livet. Eg er takknemlig for alle deko.



6. Eg er takknemlig for senga mi. Den er så ufattelig GOD!



7. Eg er takknemlig for oppveksten min i Mjeldalen. Eg har kun gode minner frå den tida og båndet som vart danna mellom oss Mjeldalsjenter vil alltid vera der <3




8. Eg er takknemlig for Bergans regnjakken min (og mammo som betalte). Eg hadde ikkje overlevd utan!


Einaste bilde eg hadde av den. Rart egentlig, sidan eg går med den heile tida.


9. Eg er takknemlig for å få lov å vera barneteater instruktør for mange flotte og kreative MUL-ungar.



10. Og tilslutt er eg takknemlig for velferdstaten Noreg. Eg treng ikke ha økonomiske bekymringar for val av skule eller over å ha god nok forsikring for å få best behandling på sjukehus eller behandling i det heile eller økonomisk forskjellsbehandling i andre samanhenger. Noreg er rett og slett ein flott stad å leve, der alle er like mykje verdt og alle har like rettighetar. Det er eg veldig takknemlig for!

1 kommentar:

  1. Me har mykje å vera takknemmelig for :) Godt at da kjem ein dag i året der ein tenkjer over kor godt ein har det. Eg er blant anna takknemmelig for at eg har deg <3 (Ja, ein lærer mykje at 7. klasse pensum)

    SvarSlett