mandag 18. mars 2013

Deg

Eg vil berre ligge her
Ligge her,
til eg ser deg igjen

Eg vil berre sitte her,
Sitte her,
til du kjem inn døra

Eg vil berre draume,
draume om deg,
til eg er med deg igjen

Eg vil berre vente
Vente her
Vente på deg

fredag 8. mars 2013

Kjære farfar

Du har vore gamal så lenge eg har kjent deg, du var 70 år då eg vart fødd. Likevel så var du aldri gamal til sinns eller kropp. Du sykla til butikken, hadde moderne meiningar og ynskja deg mobiltelefon. Du var alltid opptatt med eit eller anna prosjekt. Du var ein liten Petter Smart, som såg oppfinningar overalt.

Huset ditt var alltid opent for oss som ville kome på besøk. Uansett om me kom frå alta, oslo eller nabohuset. Me var alltid velkommen, uansett om me berre ville ha sjokolade og brus eller fordi me trong overnatting. Du kom i alle bursdagsbesøk og innleda diskusjonar med alle om alt. Din kunnskap kunne ingen slå. Men du var aldri den som hang i fortida. Du var ikkje den typen som meinte at "alt var betre før". Du var glad i utvikling. Glad i teknologi og du meinte verda utvikla seg til det betre. Du har aldri vore ein farfar som blanda seg bort i livet me har levd med inngrodde meiningar. Du har godtatt oss som me er og det me har gjort.

Kjære farfar.
Du skulle liksom alltid vera her. Du skulle ikkje forsvinna frå oss. Du skulle ikkje dø. Det er rart. Det er uvant og det er trist. Familien sin bauta har gått bort og me står igjen utan heilt å fatte det. For sjølv om du var heile 94 år, så skulle du no iallefall bli 100.

Kjære farfar
Du har rørt og gjort eit inntrykk på så mange. Nokre du berre nett har snakka med, eller heimesjukepleien eller gode, gamle kjente. For det var sånn du var. Du gjorde inntrykk. Du skjønte det aldri heilt sjølv og då eg lagde ei bok til deg med helsingar og godord frå vener og familie, så sa du: "Det kan no ikkje vera meg alle desse fine orda er retta mot". Kvar gong eg møtte deg etterpå så takka du meg for boka. Heilt til siste gong eg såg deg.


Men Kjære farfar
Det er eg som skal takke deg. For det fyrste: Takke deg for livet. For utan deg så ville eg faktisk ikkje vore her i dag. Og det e eg som skal takke deg for den flottaste tanto og dei flottaste onklane ein nåken gong kunne fått.  Fulle av godheit og omtenksomheit. Og da e eg som skal takka deg for verdens beste pappa. Ein pappa som alltid stiller opp og som alltid bryr seg. Da veit eg han har etter deg.


Me er utrulig stolte av deg. Alt du har gjort. Alt du har fått til. Alt du har bidratt med. Og ikkje minst:  måten du har takla livet på, uansett kor mange utfordringar du har fått. Du har ikkje sett vitsen av å dvela med fortida eller dei vanskelege tinga. 

Me lover at me skal ta deg, det du har gjort, og korleis du har vore med oss vidare i liva våre. At me skal føre engasjementet og godheita di vidare.
Og me vil aldri gløyma deg. Men me vil alltid sakna deg.


Kvil i fred, kjære farfar.



 







onsdag 20. februar 2013

tirsdag 5. februar 2013

Lukkeleg

Eg stoppa opp og prøvde å kjenne etter. Tok meg sjølv på leppene og kjente at eg smilte... Sjølv om eg var heilt åleine, sjølv om det ikkje var nokon å smile til. Så rart. Eg kunne ikkje hugse sist eg smilte sånn. Heilt tullette for meg sjølv med ei tullette kjensle som kom heilt innan ifrå. 

Det er måndag. Dagen som alltid har vore vekast mest ulukkelege dag. Den dagen eg garantert tenker negativt, føler meg bedriten og aldri, aldri er god nok. Måndagane, der eg vel å skru av vekkerklokka, sove vidare og lage mi eiga verd. I draumane.

Men, det er måndag. Den fyrste dagen i veka, akkurat slik dei andre måndagane har vore. Denne mandagen er likevel ikkje lik. Den kan likevel ikkje samanliknast.

For på fyrste gong på lenge er eg lukkeleg. Eg trur i alle fall det er den kjensla eg kjenner. Det høyres rart ut, men det er som om eg kjenner den for fyrste gong. .
Kjensla er så ufatteleg sterkt, så sterkt at eg ser det for meg. Eg ser lyset inni meg og eg kjenner det. Korleis det verkar på kroppen og kor sterkt det er. Kor mykje det strålar. Kor mykje det varmar. Eg kjenner at det lysar opp alle dei mørke krokane eg aldri trudde kunne vera anna enn mørke. Eg kjenner at heile meg blir varm. Rolig. Trygg.

Eg kjenner at eg er lukkeleg. Utan å vete kvifor.


mandag 28. januar 2013

Born

Eg er redd for å få born. Eg er redd for mi eiga forming av eit anna menneske. Eg er redd for å forme feil. Forme i heilt feil veg, utan at eg merkar det sjølv.

Før var eg redd for å få mislykka ungar. Ungar som ikkje blir akseptert av resten av verda og som endar opp som taparar i augene til andre. Men no, etter mi eiga prosess, er ikkje dette viktig lenger. I dag er eg redd for å få ulukkelege ungar. Ungar som ikkje ser verdien i seg sjølv og som mistar håpet. Utan at ein veit kvifor. Den redselen er mykje skumlare.

Å vera forelder, lærar eller barnehageansatt handlar ikkje berre om å bytte bleier, hjelpe til med lekser eller holde bornet mett og rein. Det er så mykje meir å tenkje på.  Det er ikkje berre å lære borna rett eller galt i teorien, fordi du heile tida påverkar borna med korleis du er, korleis du snakkar og kva slags verdiar du sprer rundt deg.

For å få lukkelege ungar, så må eg forme riktig og det er nettopp dette som er så skummelt og så fullt av ansvar at eg får klump i halsen berre eg tenkjer på det. For måten eg oppførar meg på og måten eg snakkar på, ikkje berre til dei, men til meg sjølv, formar desse borna. Dersom eg sjølv er misfornøgd med mitt eige utsjåande og person, så vil dette påverke borna og dei vil også tenkje slike tankar. Dersom eg bekymrar meg mykje og stressar med kva andre meinar, så vil dei òg bli stressa og bekymra.
Dersom eg ikkje pushar dei nok og gjev dei for mykje og ufortent ros, kan eg ende opp med  ungar som verken bryr seg eller gidd noko som helst. Eller dersom eg pushar for mykje, får eg ungar som sjølv meinar dei aldri er gode nok. Som alltid kunne gjort meir. Som alltid kunne vore betre. Men eigentlig har eg berre meint det godt, eg har berre villa det beste for dei, men eg har likevel feila.

Eg har så lyst å forme born til å bli sjølvsikre, men samtidig ydmyke. Til å vera snill med andre, men samtidig vite at deira eiga meining betyr noko. Eg vil forme borna slik at dei har sin eigen motivator inni seg, ein del av seg sjølv som dyttar dei fram og ikkje ned. Eg vil forme born som blir trygge, men som òg tørr å prøve det utrygge. Men viktigast av alt: Eg vil ha born som utviklar seg til å bli ein person dei sjølv er nøgd med og eg vil at dei skal vera lukkelege. Frie. Sikre.

Det kokar kanskje ned til at eg er redd for å få born som får det slik eg har hatt det dei siste åra. Men korleis forhindre det? Korleis forme borna mine til å bli ulik meg sjølv? Det verkar umogleg. Det verkar håplaust.

Men kanskje dette er den negative delen av meg som snakkar. Den delen eg ikkje må vise for borna.

onsdag 16. januar 2013

Eg: Ein boikottar

Eg e ein boikottar. Eg boikotter litt her og litt der og det gjeld litt av kvart. Det er alt frå å ikkje kjøpe paprika dyrka i okkupert jord av Israel, til å ikkje kjøpe "se og hør", til å ikkje kjøpe Q-melk, eller til å ikkje sjå "Sirkus Northug" på tven. Simply fordi eg ikkje likar eller støttar væremåten til nokon av desse tre.Og det er ein del eg ikkje støttar og det er ein del eg ikkje likar.

Du skjønner. Å vera boikottar er ikkje lett. Det kreve mykje viljestyrke. For av og til har eg litt lyst å nett berre sjekke Tone Damli Aaberge sin nye frisyre og sjekke ut den nye kjæresten til han derre kjekke prinsen i Sverige, som skal ha blitt avbilda med synlig appelsinhud på låra. Men eg kan ikkje. Eg veit eg ikkje kan. For dersom eg trykkar på dei lenkene, så går beskjeden vidare til avisane og nyhetsbyråa at det er dette eg bryr meg om. Nemlig overfladisk kjendisnytt, kropp og anna overfladisk tull. Det er heller ingen plass eg kan legge inn ein kommentar om at "eg berre nett skulle sjekke og at eg egentlig ikkje liker det altså. Syns faktisk de kan få færre sånne teite saker om teite ting." For uansett kva eg meine, så har eg klikka, og det klikket og alle andre sine klikk forandrar journalistikken og det forandrar fokuset vårt. Det verste for ein boikottar er når ein, ved ein feil, kjem borti klikkeknappen og kjem innpå ei side som ein eigentlig boikottar. DÅ skulle det iallefall ha vore ein plass der ein kunne lagt inn ein beskjed. "Eg klikka feil. Ikkje rekn med klikket mitt. (Ta heller eit ekstra på Syria-saken)"

Folk klagar over at fokuset til media er feil. At elendigheita i verda ikkje kjem fram. Men likevel så klikkar folk i veg på unødvendige ting og skjøner ikkje makta dei har som forbrukar. Dei klikkar på Tone Damli, og Petter Northug og på "sex-tips", som skal revolusjonera sexlivet deira. Det hjelper ikkje å sei at ein synst det er teit, fordi du har klikka og då liker du det, då vil du sjå det. Då støttar du det. Folk klikkar mest på sånne unødvendige ting faktisk. Mykje meir enn på dei nødvendige og saklege tinga. Korleis eg veit det? Jo, fordi desse tullesakene berre aukar og aukar. Dei tar heilt over, fordi aviser og nyhetsbyrå alltid gjev folket det dei vil ha. Det folket vil lese om.

Samtidig som eg er ein boikottar, så er eg ein masseklikkar òg. Eg klikkar på alle saker som har med Midtausten å gjere og alle saker som har med elendigheit å gjere, sjølv om dei står med lita skrift og sjølv om ei halvnaken Rihanna blinker ved sida av. Eg les elendiheitsakene skikkelig òg altså. Går heilt ned på sida, sånn i tilfelle avisene kan finne ut om du berre klikkar for å klikke og ikkje klikkar for å lese heile artikkelen. Ein veit jo aldri kva dei kan finne ut av.
Men å lese om all denne elendigheita, absolutt all elendigheit eg finn over heile nettet, kan sette ein dempar på humøret. Elendigheita får meg til å føle meg hjelpelaus, sint og lei og kjensla av å berre ville gje opp, sette seg ned og slå på "God kveld Norge" i staden for pressar seg på. Men eg kan ikkje. Eg kan rettt og slett ikkje.

For eg e ein boikottar, og ein boikottar må boikotte.

torsdag 10. januar 2013

Før eg dør

Eg har snudd døgnet. Eg snur eigentleg alltid døgnet. Må vera sinnsjukt trøtt om kvelden for å ikkje snu det. Da e så jævla rart. Eg kan sovna kortid som helst på dagen, og då meine eg kortid som helst, men når eg legg meg i senga om natta så er det som om kroppen nekte å gjere det den skal gjera. Det alle andre gjer: Sove. Då kjem alle tankane og bekymringane. Dei heldt meg vaken.

I natt har eg prøvd å sjå positivt framover på ein måte og bestemte meg for å skrive ei "Må gjere før eg dør -liste". Eigentlig veldig patetisk og eg har brukt over ein time på dei tinga eg har vrabla ned sålangt. Det var vanskeligare enn eg trudde. Å la seg sjølv draume, men samtidig ikkje skrive noko ein eigentleg ikkje meinar. Sånn "hoppe i fallskjerm" for eksempel. Eg trudde ein gong at eg verkeleg ville hoppe i fallskjerm, men etter å ha sett videoen frå systra mi sitt hopp i Sør-Afrika, så passer den tingen betre på "Eg skal aldri gjere før eg dør" lista.

Det er ikkje så enkelt. Å vete kva ein vil. Kanskje ein vil ting berre fordi andre vil det. Eller fordi du trur det er det folk forvente av deg. Eg slit med å skilje mine eigne ynskjer frå desse andre ynskja. Det er ikkje tydelige lister oppe i hovudet mitt. Ynskjene og tankane berre svirrar rundt der oppe utan mål og meining og utan ein merkelapp på seg, som visar om eg skal bry meg om dei eller ikkje. Eg klarar det betre no, å skilje tankane, men det er likevel vanskelig og uvant å tenkje på sine eigne tankar. Ignorere dei og ikkje tru på dei. Det er uvant. For eg har alltid trudd på dei før.

Uansett. Eg har skrive ei liste, som eg meinar. Som eg verkeleg meinar. Eg sitt her og smiler for meg sjølv, fordi denne lista lyser av håp. Den er full av små og store ynskjer for livet. Livet mitt. 


Lære å snakke arabisk flytande
Reise tilbake til Sør-Afrika

  Reise på bilferie til Lofoten
Få born
 Pusse opp farfar sitt hus
Prøve å starte opp ei kultur-kro 
Jobbe (frivillig?) på asylmottak
 Bu i Midtausten (første prioritet: Palestina)
 Gje ut ei bok/diktsamling
Kysse ein arabar