






Altså: Det er juleferie!











Etter fyrste tur frå Danmarksplass til Høyden, måtte eg konstantere at eg var full i gnagesår, blodet hadde stoppa i leggen, at skoa føltes som 10 kg på kvar fot, og at eg brukte str. 35 og ikkje str.37. Ei veke seinare såg eg fleire ungar med same sko og eg kunne rett og slett konstantere at eg hadde klart det igjen: Nok eit forbanna dårleg skovalg. © Tone Mjelde
Eg er ein Agnostikar (dersom det er slik me skriv det). Eg trur iallefall på Agnostisme. Dette betyr at eg nekter for at me kan vite noko om det finnes ein Gud eller noko overnaturleg. Derfor tar eg rett og slett ikkje stilling til Gud og allslags spøkelse. Eg orkar ikkje bruka tida mi på dette (utanom å sjå desse nermast underhaldningsprogramma som Åndenes Makt og denne filosoferinga mi her på bloggen). Dette er rett og slett utanfor min forstand, kunnskap og verd. Eg har faktisk meld meg ut av Statskirka, noko som eg overraska meg sjølv med. Det er faktisk overraskande skummelt å vera utanfor det trygge og norske kirkesamfunnet, som me innbiller oss at me er ein del av. For meg vart det iallefall feil å vera ein del av Den Norske Kirke når eg verken gjekk i kyrkja, trudde på Gud eller vil ha eit bryllup eller ein begravelse der dei snakkar om, nettopp: Gud! Den einaste grunnen, som kunne holde meg inne i kyrkja er tradisjonar. Å bryte ut og oppheve tradisjonar er ikkje berre berre. Og kva gjer eg når eg ein gong vil gifte meg eller "døype" ungen min av rein tradisjon. Det forsåvidt greitt å vera gift pga.kjærleik og rettigheiter også, men mykje av desse kyrkjelege tinga gjer me, nettopp fordi det er ein tradisjon som er innskreven i liva våre utan at me trur på Gud.
For meg blir det å bruke tida mi på Gud og det over meg bortkasta. Reglane i samfunnet, verdien i menneske, kjærleiken og samvittigheita mi klarar seg utan at det må stå i ei bok som Bibelen. La den trøyste dei som trøystast kan. Eg vil trøyste meg sjølv.