fredag 10. desember 2010

Rødt lys betyr STOPP!

Eg begynner nesten å lure på folk for tida. Kor vanskelig kan det vera å stoppe på eit raudt lys? Ja, eg snakker om den berømte Bybana i Bergen (som eg forresten synest er ein fantastisk oppfinnelse, utenom når gamle ekle menn prøver å føre ein samtale om kor vakre dagens ungdom er... Men sånn er det vell på all kollektiv transport). Bybana krasjer jo i hytten og pytten for tida og det verker som om folk tenker at dette er bybana sin feil. Men det er ikkje bybana som kresjer, men forvirra bilister som tydeligvis ikkje skjønner kva eit RØDT LYS betyr!


Greit. Danmarksplasskrysset kan vera forvirrande (iallefall når eg lærekjørte) med alle sine lys og forskjellige kjørebaner. Det er nok ein av grunnane til at det er der det skjer flest bybaneulykker. Men likevel! Det er faktisk ganske vanskelig å krasje med bybana, sjølv om det ikkje verker sånn. Du må faktisk kjøre på RØDT lys for at noko hakkande gale skal skje og alle klarer vell å stoppe på eit raudt lys (utenom fyllekjørere og sånn, men dei har ein god unskyldning iallefall). I tillegg så tar det ganske lang tid før bybana kjem etter lyset har blitt raudt, så dei fleste skal klare å kome seg over på "den andre sida" sjølv om dei kjører på lyserødt lys.

På bt.no står det oftes at bilistene er i "sjokk" etter ulykka... Ja, det er jo verkeleg eit sjokk å bli påkjørt når ein kjører på raudt lys. Kva skjer med verda?

Når alle desse ulykkene skjer fordi bilistene ikkje klarer å stoppe på rødt lys, så begynner eg å lure på om det alltid har vore sånn. Dette kan jo ikkje vera eit nytt fenomen...? Det hadde iallefall vore veldig tragisk.
"Hey. Nå har vi fått bybane i Bergen. Da kan vi begynne å kjøre på rødt lys. Kjeeempe gøy dere!"

Nei. Dette må ha foregått ei stund og no får desse "eg veit ikkje kva eit raudt lys er" svi som berre pokker. Det kjem sikkert til å bli halvering av folk som består oppgjøring i Bergen, fordi halvparten som skal kjøre opp, kjører på rødt lys og blir truffet av bybana. Kanskje til og med trafikkskulane må innføre ein ny obligatorisk "dag" for å kunne kjøre opp: "Rødt lys = stopp bilen" dag.

Gjer som eg: ta beina fatt (eller ta bybana). Bil er oppskrytt!


2 kommentarer:

  1. Eg e så fullstendig einig med deg, Tone. Eg vert oppgitt av desse bilistane sjølv(også personar for den del, som tar "snarvegen" over sporet). Bynana vert beskyldt for alle ulykker og ant svineri. Eg føler ikkje at hovudpoenget kjem godt nok fram lenger. At bynana faktisk er eit forsøk på å gjera Bergen meir miljøvenneleg. Ikkje eit forsøk på å framkalle ulykker.

    SvarSlett
  2. Bybana er ein kjempe miljøvenleg idè, som får alt for mykje crap. Alt er desse miljøforurensande bilane sin feil!

    SvarSlett