mandag 15. juli 2013

Verda er full av urett

Fortell meg kva du ser


For eg ser menneske


Eg ser born


Eg ser håp


I Jerusalem



Foto: Tone Mjelde

mandag 8. juli 2013

Stemma

Kvifor går dei orda ho sa på repeat i hovudet mitt?
Ord, som er sagt for lenge sidan. År sidan.
Kvifor har orda hennar, meininga hennar, blitt sanninga?
Meiningar, som ingen lenger bryr seg om.

Kvifor bryt ikkje heile verda saman av slike ord? Slik eg gjer.
Korleis kjem folk seg vidare? Slik eg ikkje gjer.

Orda festar seg, grev seg inn til hjarta mitt. Røskar i det. Skapar sprekker som blir større og større. Dei er berre ord. Berre meiningar. Men for meg blir det sanninga. Verkelegheitsbilete som alt surrar rundt. Kva eg meinar sjølv, kva resten av verda meinar, betyr ingenting. For det er sanninga.

Eg er stygg. Eg er dum. Eg er utan vener.

Ingen treng meg. Ingen liker meg. Ingen vil vera med meg.

Eg hater deg.
Eg hater stemma di og eg er drita lei.
Drita lei orda dine, som berre gjer vondt. Som aldri oppmuntre, som alltid trekke meg ned.

Ein dag skal eg klare det. Oversjå deg, argumentere for det motsatte, bli kvitt deg.
Ein dag skal eg ikkje stoppe og høyre etter på stemma di.

For egentlig veit eg det.
At du lyg.
At du ikkje er verdt det.
At eg ikkje trur på deg.

Sånn egentlig.


fredag 5. juli 2013

Kroppen

Alle fargane rundt ho
forsvinn.
All varme frå sola
flyg vekk med vinden

Hjerteslaga,
som før kjentes så sterke,
så raske, så varme.
No kan ho ikkje lenger kjenne dei.

Smila hennar,
som før berre kom,
som berre dukka opp på munnen.
Dei kjem sjeldnare no.
Dei må tvingast fram.

Tårene,
som før var gledestårer.
Dei svir. Dei er fulle av salt.

Kroppen kjennes tom.
Den kjennes forlatt.
Reist ifrå. Avvist.

Og sjølv om hjarta nektar å høyre,
sjølv om hjarta framleis vil slå,
forteller hjernen:

Kroppen har rett.


torsdag 20. juni 2013

Aleine att

No sloknar solbrannen ute.
Eldblomen bjart brenn ned.
Det mørknar alt. Du gjekk ifrå meg nyss,
og fela di tok du med.

Du spela, og under bogen
ustanseleg  blomar spratt,
eg satt i eit endelaust blomeregn
- No kan eg ikkje finne dei att.

Er dei alt visne, alle?
Hell var det ikkje meg dei gjaldt?
Hell tok du dei med da du gjekk i stad?
- Helst har eg vel drøymt det, alt.

Halldis Moren Vesaas

fredag 7. juni 2013

Hjarta mitt

Det er utruleg kor mykje eit hjarte kan tåle.
Det bankar så ufatteleg sterkt, så raskt, at eg ikkje skjøner at det kan fortsette sånn utan å stoppe. Utan å få nok. Men det stoppar ikkje. Det bankar berre hardare, raskare. På veg ut av brystet.

Det er utruleg kor varmt eit hjarta kan bli.
Så fullt av kjærleik. Så fullt av begjær. Det kjennes som det skal brenne opp og bli til aske. At det vart for mykje kjærleik, for eit så lite hjarte. Men det fortsetter å brenne. Det varmar berre endå meir.

Det er utruleg kor kaldt eit hjarta kan bli.
Så kaldt at du kjenner det i resten av kroppen. Så kjenslelaus. Utan styrke til å hjelpe resten av kroppen. Det verkar som det skal forvitre. Skal knusast av kulde. Men det er der, framleis like kaldt.

Det er utruleg
at dette er mitt hjarte.

Eit hjarte, eg ikkje visste fanns.

tirsdag 28. mai 2013

Redselen for å vera eit menneske

Eg har ikkje tal på kor mange morgonar eg har, i staden for å stått opp, bestemt meg for at det er tryggare under dyna. Under dyna er det ingen utfordringar, ingen konfrontasjonar, ingen redsel. Der er det ingen som dømmer eller ser på meg med eit blikk eg ikkje heilt klarar å tolke. Det er trygt der, men jævla einsamt. 
For sjølv om eit døgn under dyna verkar som verdas beste idè, så er det aldri det. Den øydelegger alt. Sett meg heilt tilbake og forsterkar alle dei negative tankane og redselen. Den forsterke angsten og bekrefte at eg er mislykka. At eg er ei som ikkje ein gong klarar å komme meg ut av senga.

I pinsehelja har eg holdt 17.mai tale foran heile Haus, og sunge og dansa på scena i Mjeldalen foran ein fullsatt sal. Ei utfordrande helg, men likevel ikkje ei av dei værste. For eg er litt rar sånn. For meg er det ikkje værst å stå halvnaken på ei scene i Mjeldalen eller halde 17.mai tale (sjølv om sistnemnte var heavy). Det er dei små samtalane, dei små blikka på butikken eller dei to som ser ut som dei kviskrar om meg på ein fest, som er verst. Det er å kunne sei at eg har ein dårlig dag, at eg ikkje har svaret på alt eller å vise at eg ikkje er perfekt. Å kunne vise at eg er eit menneske. Det er då eg stressar, då eg vil springe heim under dyna eller putte på min perfekte fasade. Og det er dei situasjonane er unngår.

Det er mange fordommar og mykje uvitenheit om korleis det er å ha sosial angst, for det er det dette er. Mange set angstproblem saman med latskap. Folk trur at du berre er giddalaus og løysninga er at du må skjerpe deg med ein einaste gong. Ta seg saman og kome deg ut. Det er jo så utrulig mange i verda som har det så mykje værre, som verkeleg har noko å klage over. Kva har du å klage over, du som har alt. Desse fordommane er dei me med angst er mest redd for og det er desse tankane me sjølv høyer oppe i hovudet vårt kvar einaste dag. At ein må skjerpa seg, ta seg saman. Men uansett kor mykje ein får høyre det, enten av seg sjølv eller andre, så klarar ein det ikkje. Fornuft og angst høyrer ikkje saman. Angst er følelsar og tankar som tar heilt overhand og som tar kontroll over liva våre. Som isolerer oss og som gjer oss ulykkelege. Kjensla av å vera mislykka, ein tapar, ein som ikkje eingong klarar å kome seg opp om morgonen, er enorm. Den rakke ned på sjølvbiletet vårt og verdien vår som menneske synk betraktelig.

Det er kome fram at ca. 50% av alle sjukemeldingar i 2012 vart gitt grunna "trøyttheit"/"slappheit" , noko som er ei stor auke i løpet av dei siste åra. Dette er bekymringsfullt og eg trur det visar ei utvikling i samfunnet vårt. Me legg eit enormt press på oss sjølv, brenn oss ut og går heilt til me stuper. Me er redde for å ikkje vera gode nok og å ikkje prestere godt nok, og då er det betre å bli sjukemeldt i staden for å visa svakhetstrekk på jobb eller i andre samanhengar. Dette er synd. Det er synd at samfunnet vårt og arbeidsplassane våre ikkje viser stor nok rom for "svakheit". Det er bevist at sjukemelding er verste medisin i forhold til angst/depresjon og at dette skapar isolasjon, "underdyna-mentalitet" og meir angst. Meir depresjon. Det er betyr likevel ikkje at det ikkje er nødvendig å roe ned, å finne ut av problemet. At det ikkje er nødvendig å kome til hektene igjen. For det er her arbeidsplassane og samfunnet vårt skulle vore flinkare til å gjort det mulig å få lov å finne ut av ting, samtidig som ein er i jobb - delvis eller fullt. Dett ein ut av arbeid fullstendig, er tala i seg sjølv deprimerande; Mange kjem aldri tilbake i jobb.


Livet kan vera skummelt. Ein veit aldri kva som skjer i neste augeblikk. Angst og depresjon kan skape eit veldig negativt og håplaust bilete på heile livet og ei sterk kjensle av einsemd og isolasjon. At noko som skulle vera så enkelt og kjekt, å vera med folk, blir det vanskeligaste av alt.
Heldigvis kan angst og depresjonar kurerast av meir openheit, meir eksponering, meir støtte og meir aksept. Eg har sagt det før, og eg sei det igjen: Me må bli flinkare å vera svake. Å tillata kvarandre å vera oss sjølv, med eller utan bekymringar og angst. Me må ikkje skape eit samfunn der alle må vera supermenneske for å klare å vera i jobb eller ute i samfunnet. I så fall kjem alle til å sitte med ein sjukemelding i handa tilslutt, sjølv om me eigentleg er meir enn gode nok!

For me er berre menneske. Menneske, som prøve så godt me kan.

onsdag 22. mai 2013