tirsdag 28. mai 2013

Redselen for å vera eit menneske

Eg har ikkje tal på kor mange morgonar eg har, i staden for å stått opp, bestemt meg for at det er tryggare under dyna. Under dyna er det ingen utfordringar, ingen konfrontasjonar, ingen redsel. Der er det ingen som dømmer eller ser på meg med eit blikk eg ikkje heilt klarar å tolke. Det er trygt der, men jævla einsamt. 
For sjølv om eit døgn under dyna verkar som verdas beste idè, så er det aldri det. Den øydelegger alt. Sett meg heilt tilbake og forsterkar alle dei negative tankane og redselen. Den forsterke angsten og bekrefte at eg er mislykka. At eg er ei som ikkje ein gong klarar å komme meg ut av senga.

I pinsehelja har eg holdt 17.mai tale foran heile Haus, og sunge og dansa på scena i Mjeldalen foran ein fullsatt sal. Ei utfordrande helg, men likevel ikkje ei av dei værste. For eg er litt rar sånn. For meg er det ikkje værst å stå halvnaken på ei scene i Mjeldalen eller halde 17.mai tale (sjølv om sistnemnte var heavy). Det er dei små samtalane, dei små blikka på butikken eller dei to som ser ut som dei kviskrar om meg på ein fest, som er verst. Det er å kunne sei at eg har ein dårlig dag, at eg ikkje har svaret på alt eller å vise at eg ikkje er perfekt. Å kunne vise at eg er eit menneske. Det er då eg stressar, då eg vil springe heim under dyna eller putte på min perfekte fasade. Og det er dei situasjonane er unngår.

Det er mange fordommar og mykje uvitenheit om korleis det er å ha sosial angst, for det er det dette er. Mange set angstproblem saman med latskap. Folk trur at du berre er giddalaus og løysninga er at du må skjerpe deg med ein einaste gong. Ta seg saman og kome deg ut. Det er jo så utrulig mange i verda som har det så mykje værre, som verkeleg har noko å klage over. Kva har du å klage over, du som har alt. Desse fordommane er dei me med angst er mest redd for og det er desse tankane me sjølv høyer oppe i hovudet vårt kvar einaste dag. At ein må skjerpa seg, ta seg saman. Men uansett kor mykje ein får høyre det, enten av seg sjølv eller andre, så klarar ein det ikkje. Fornuft og angst høyrer ikkje saman. Angst er følelsar og tankar som tar heilt overhand og som tar kontroll over liva våre. Som isolerer oss og som gjer oss ulykkelege. Kjensla av å vera mislykka, ein tapar, ein som ikkje eingong klarar å kome seg opp om morgonen, er enorm. Den rakke ned på sjølvbiletet vårt og verdien vår som menneske synk betraktelig.

Det er kome fram at ca. 50% av alle sjukemeldingar i 2012 vart gitt grunna "trøyttheit"/"slappheit" , noko som er ei stor auke i løpet av dei siste åra. Dette er bekymringsfullt og eg trur det visar ei utvikling i samfunnet vårt. Me legg eit enormt press på oss sjølv, brenn oss ut og går heilt til me stuper. Me er redde for å ikkje vera gode nok og å ikkje prestere godt nok, og då er det betre å bli sjukemeldt i staden for å visa svakhetstrekk på jobb eller i andre samanhengar. Dette er synd. Det er synd at samfunnet vårt og arbeidsplassane våre ikkje viser stor nok rom for "svakheit". Det er bevist at sjukemelding er verste medisin i forhold til angst/depresjon og at dette skapar isolasjon, "underdyna-mentalitet" og meir angst. Meir depresjon. Det er betyr likevel ikkje at det ikkje er nødvendig å roe ned, å finne ut av problemet. At det ikkje er nødvendig å kome til hektene igjen. For det er her arbeidsplassane og samfunnet vårt skulle vore flinkare til å gjort det mulig å få lov å finne ut av ting, samtidig som ein er i jobb - delvis eller fullt. Dett ein ut av arbeid fullstendig, er tala i seg sjølv deprimerande; Mange kjem aldri tilbake i jobb.


Livet kan vera skummelt. Ein veit aldri kva som skjer i neste augeblikk. Angst og depresjon kan skape eit veldig negativt og håplaust bilete på heile livet og ei sterk kjensle av einsemd og isolasjon. At noko som skulle vera så enkelt og kjekt, å vera med folk, blir det vanskeligaste av alt.
Heldigvis kan angst og depresjonar kurerast av meir openheit, meir eksponering, meir støtte og meir aksept. Eg har sagt det før, og eg sei det igjen: Me må bli flinkare å vera svake. Å tillata kvarandre å vera oss sjølv, med eller utan bekymringar og angst. Me må ikkje skape eit samfunn der alle må vera supermenneske for å klare å vera i jobb eller ute i samfunnet. I så fall kjem alle til å sitte med ein sjukemelding i handa tilslutt, sjølv om me eigentleg er meir enn gode nok!

For me er berre menneske. Menneske, som prøve så godt me kan.

3 kommentarer:

  1. Det er heilt fantastisk at du set lys på dette, og tør å sleppe oss som les så tett innpå deg. Du er rett og slett beundringsverdig Tone, og det håpar eg du vågar å tru på, for du er verkeleg bra! :)

    SvarSlett
  2. Fantastiske Tone som tar opp viktige ting :)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for fine kommentarar <3 <3

    SvarSlett