Himmelen er full av stjerner i kveld. Det føles som ein evighet sidan eg sist såg dei der oppe, på himmelen over Mjeldalen. Dei har nok vore der, men i kveld er dei så tydelige. Så fulle av meining. Så fulle av minner. Så utrulig flotte, der oppe.
På ein kveld som denne, med stjernehimmel og måneskinn i Mjeldalsvatnet, flyg tankane avgårde. Dei flyg tilbake til kvelden eg og ein nabogut låg i snøen og såg opp, på akkurat dei same stjernene. Eg hugsa han spurde meg om det fanns noko meir der ute. Som om eg visste. Som om eg hadde svar. Eg hugsa eg vart svimmel av alle tankane og på alle svara eg ikkje hadde.
Det var likevel fint, at han trudde eg hadde dei.
Tankane flyg tilbake til ørkenen i Jordan, då me låg i den raude sanden under stjernehimmelen og venta på eit stjerneskudd, som aldri kom. Tenk. At eg ser på dei same stjernene, akkurat no. Tenk at dei same stjernene viser seg i Jordan, akkurat no. Alt er så stort. Så uverkeleg.
På ein kveld som denne er kjenslene så utrulig sterke. Ein kveldstur er ikkje lenger berre ein kveldstur. Det blir ein tur i historia. Ein tur der livet og minnene du sålangt har opparbeida deg flyg forbi deg. Nokre minner sterkare enn andre. Nokre vondare enn andre. Nokre du kunne vore forutan, men som likevel har båre deg fram til denne kvelden, til denne kveldsturen.
Tårene renn ned på kinna mine, men det er ikkje av tristhet. Ikkje fordi eg er lei meg, eller skulle ynskja eg var ein annan plass.
Dei berre kjem, saman med minnene.
søndag 23. september 2012
tirsdag 11. september 2012
Jenta på Dolly Dimples
Ho sitt å gøymer seg i ein krok på Dolly Dimples, med pizzaskalker på tallerkenen. Magen hennar er full av pizza, dipp og Solo. Det er tirsdag. Dette er tirsdagsmiddagen.
Utanfor passerer eit kjærestepar. Eit lukkeleg og forelska kjærestepar. Spreke og friske. Ikkje av den typen som går på Dolly Dimples på ein tirsdag. Ikkje den typen som sitt å gøymer seg i ein krok..
Ho kjenner seg einsam der ho sitt i hjørnet sitt. Heilt forbanna åleine. Byen der ute er så skummel og usikker. Full av farer og full av menneske. Skumle menneske. Menneske som stirre. Som dømme.
Folka strømmar forbi, som ei elv, som aldri sluttar å bruse. Fullt av forskjellige menneske. Alle unike på kvar sin måte, men samtidig så utrulig like. Fine i kleda, ordentlig og gjennomkamma hår, perfekt sminke. Frå vindauga på Dolly Dimples ser dei lukkelege ut. Sjølvsikre, heile gjengen. Utan problem. Utan angst.
Ho slapper ikkje av eit einaste sekund. Gledar seg berre til å kome heim, der ingen dømmer. Der ho kan puste, djupt inn og ut. Der ho ikkje treng halde magen inne eller rette seg opp i ryggen. Der ho ikkje tenkjer på alle dei andre. Der ho berre kan vera seg sjølv, med dyna rundt seg.
Trygt og godt...

fredag 7. september 2012
Good morning... sunshine?
Når eg legg meg om kveldane, eller rett før eg sovnar, så er eg full av optimisme. Morgondagen verkar så flott liksom. Eg gledar meg til å starte den. Klarar nesten ikkje sove, fordi eg tenkjer på alt eg skal gjere. Kven eg skal møte. Kven eg skal snakke med. Morgondagen kjennes som fyrste dagen av resten av livet. Eit fantastisk liv.
Men så vaknar eg, på denne morgondagen, og alt er svart liksom. Det eg tenkte kvelden før er vekke og umulig å finne fram. Dagen verkar lang, utan noko å glede seg til. Alt for mange å møte, alt for mange å imponere. Den e skremmande, og det er mykje betre å berre sove seg gjennom den. Trygt og godt under dyna.
Kanskje eg treng nokon atmed meg i senga, som minnar meg på det eg tenkte kvelden før. (Ikkje at det er plass i 90senga eg søv i for augenblinken, men du skjønnar). Kanskje eg treng ein motivator om morningen. Ein som ikkje lar meg slå av vekkerklokka dersom eg ikkje står opp. Ein som kan fortelje meg det eg sjølv tenkar i vaken tilstand, men som eg gløymer i halvsøvne om morgonen. Ein som fortel meg om planane mine . Som minnar meg på den fantastiske framtida. Vår fantastiske framtid.
Eller kanskje eg berre treng ein hund. Som faktisk får plass i 90 senga mi.
Ja, det er det eg gjer. Eg treng ein hund faktisk!

ntååååå....
torsdag 6. september 2012
Ingenting?
Eg føler folk ser på meg med andre auge... Eg merker det overalt, og eg liker det. Det er heilt fint. For dei ser meg. Den verkelege meg. Det kan hende eg berre innbiller meg det. Kanskje fordi eg reknar med at folk veit det, har lest det, og at eg ikkje treng late som. Som om eg e perfekt. At eg ikkje treng vera andre enn meg sjølv. Tone Mjelde, med sjølvmordstankar i bagasjen... Som mange andre.
Dette "sjølvmord-hysteriet" heldt på å roe seg og kvardagen innhente meg. Det er fint, for eg vil at kvardagen skal innhente meg. Det er ikkje det at eg vil at sjølvmord-snakk skal gå over. Eg håper det aldri går over. Det er berre hysteriet liksom. Me treng ikkje hysteri. Eg treng ikkje hysteri.
Eg kjenner at eg snart er over det. Over faktumet at heile vestlandet veit om mine dystraste tankar. At folk i Oslo har lest artikkelen min. At nokon faktisk har oversatt den til engelsk på internett. Det tar litt tid, men eg er snart over det. Eg kjenner eg byrjer å tenkje på andre ting. På verda der ute liksom, og på deira problem. Sakte, men sikkert.
Det er liksom sånn at for å klare å sjå verdensproblema (dei verkelege verdensproblema) og for å kanskje kunne gjere noko med dei, så treng eg å ha kome over "sjølvmordtida mi", sjølvfokuseringa mi og mine eigne verdensproblem. Eg er snart det. Trur eg. Håpar eg. Det er ikkje at problema mine er så små, dei er meir enn nok. Dei vart nesten alt for mykje. Men eg må kome over dei. Eller gjere dei mindre.
Eg vil ikkje bruke meir energi på å tenke på unødvendige ting, som berre dreg meg ned og tære meg opp. Eg ynskjer å kunne fokusere på alle og alt det eg vil fokusere på. Massakrene i Syria, Palestinakonflikten, barneteateret i Mjeldalen, vaffelrøremangelen i Hausvik-kiosken. Sånne ting.
Men akkurat no er eg litt oppe i hovudet mitt igjen. Litt sånn at eg berre kan sitte å sjå ut vindauga og tenke. Eller berre sjå i ein vegg, og tenke. På meg sjølv, og littegrann på resten av verda, utan å gjere noko som helst. Utan å kome fram til noko etter å ha tenkt og tenkt.
Kanskje eg berre er ein tenkar. Og ein skrivar.
Og kva blir ein då liksom? Når ein blir stor altså...

mandag 3. september 2012
If I lay here
We'll do it allEverythingOn our own
We don't needAnythingOr anyone
If I lay hereIf I just lay hereWould you lie with meAnd just forget the world?
I don't quite knowHow to sayHow I feel
Those three wordsAre said too muchThey're not enough
If I lay hereIf I just lay hereWould you lie with meAnd just forget the world?
Forget what we're toldBefore we get too oldShow me a gardenThat's bursting into life
Let's waste timeChasing carsAround our heads
I need your graceTo remind meTo find my own
If I lay hereIf I just lay hereWould you lie with meAnd just forget the world?
Forget what we're toldBefore we get too oldShow me a gardenThat's bursting into life
All that I amAll that I ever wasIs here in your perfect eyesThey're all I can see
I dont know where
Confused about how as well
Just know that these things
Will never change for us at all
If I lay hereIf I just lay hereWould you lie with meAnd just forget the world?
Snow Patrol - Chasing Cars
mandag 27. august 2012
Venter på at livet skal byrje...
Det er akkurat det eg gjer for augenblinken. Altså, eg lever og alt sånn. Lever veldig bra faktisk, men eg venter. Og eg føler at eg byrjer å bli klar for det eg venter på. At eg byrjer å bli klar for livet. For det som også venter på meg. På framtida.
Når eg tenkjer meg om, så har eg kanskje alltid levd i fortida. Dvela over ting eg har gjort, noko eg har sagt, nokon eg har kyssa. Det er ikkje slik lenger. Eg veit ikkje heilt kortid det skjedde, men noko har forandra seg. Eg ser framover. Eg ser på det eg skal gjere, det eg skal sei, dei eg skal kysse. Han eg skal kysse.
Denne veka byrjer eg på skulen igjen. I ein ny klasse, med heilt nye folk, og eg gledar meg sånn. Eg kjenner at Tone, den verkelege Tone (uperfekt og sånn), kjem til å kome fram. At eg kanskje ikkje vil sitte stille i ein krok og tenke over kvar minste bevegelse eg gjer. Hate kvar minste bevegelse eg gjer. At Tone, den Tone eg er med folk eg kjenner, òg kan komme fram med folk eg ikkje kjenner. At det framande ikkje er så uhyre skummelt lenger. Berre litt.
Hausten nærmar seg, og eg kjenner at eg elsker det. At eg elsker hausten. For då startar ting igjen. Skulen, teateret, bonderomantikken på tv2. Kvardagen. Og for ein gong skuld, så gledar eg meg til kvardagen, til rutiner og like dagar. Det er lenge sidan sist. Det er lenge sidan eg gleda meg på denne måten.
Eg trong sommaren. Late dagar, med null stress. Eg trong å kome meg vekk, reise til Midtausten. Kjenne på kroppen at i helvette heller. Dette bryr eg meg om. Dette skal eg kjempe for. At det er noko å kjempe for.
Kanskje eg har funne meg sjølv i sommar. Kanskje eg har funne meg sjølv på nytt. Eller funne ut kva eg vil. At eg har blitt klar. Klar for hausten og det den inneheldt. For det hausten kan tilby. For kva livet kan tilby.

Eg berre ventar, og glede meg sånn til det startar. Til hausten er her.
onsdag 22. august 2012
Oh my good!
Herrejemen for nokre døgn!
Etter "Dønn-fuckings-lukkeleg" kronikken min kom på trykk i Bygdanytt har alt vorte snudd på hovudet. Dobbeltlivet eg har levd i alle år har vorte avslørt. Av meg sjølv. Perfekte Tone har vorte uperfekte Tone. Og herregud så deilig det er!
Det føltes som lange dagar frå eg bestemte meg å sende artikkelen, til den vart publisert, og all slags tankar dukka opp. Kanskje ingen kom til å sjå meg i augene igjen. Og herregud. Eg sku på jobb dagen etter. På styremøte same kveld. Kva kom folk til å sei? Kom dei til å sei noko i det heile? Eg sov ingenting natt til fredag.
Første meldingen kom 06.53 og etter det har det nesten ikkje vore stille på mobilen og på facebook. Responsen har vore enorm. Og enormt positiv. Eg hadde aldri i min villaste fantasi sett for meg kor stort dette kom til å bli. At reaksjonane skulle vera så sterke og mange. Alt frå klemmer på butikken, fine ord på facebook, til telefon frå TV2!
Eg har vore langt oppe. Så uendelig langt oppe. Eg har grene gledestårer i dusjen fordi eg er så uendelig glad at eg ikkje har det slik no. At eg ikkje tenker på sjølvmord. At å hoppe frå ei bru verkar heilt, heilt meiningslaust. Men samtidig så veit eg korleis dei tankane er, og kor utrulig aleine og mislykka ein føle seg. Som om alt anna enn å leve er det beste. For deg sjølv, og for alle andre. Eg veit kor langt ned eg kan kome, viss eg ikkje heile tida jobber med meg sjølv og tankane mine. Og samtidig så veit eg at nokon der ute, kanskje ikkje langt vekke frå meg, kjenner på desse tankane akkurat no. At dei føler at verda ikkje bryr seg. At ingen andre har det som deg.
Grunnen til eg sendte denne kronikken var for å prøve å bryte et dårlig mønster som eg meinar samfunnet vårt er på veg inn i. Ikkje berre på facebook (men det er der du ser det tydelig). Eg ville vise at det ligg meir bak Perfekte-Tone. At eg har nedturar, som alle andre. At me alle har nedturar. At det er normalt. Og at me må snakke om det. At alt blir betre då. Du får det betre, og samfunnet blir betre.
Så kjære deg. Kjære uperfekte deg. Vær deg sjølv. Vær deg. For du er god nok!

Abonner på:
Innlegg (Atom)