tirsdag 11. september 2012

Jenta på Dolly Dimples

Ho sitt å gøymer seg i ein krok på Dolly Dimples, med pizzaskalker på tallerkenen. Magen hennar er full av pizza, dipp og Solo. Det er tirsdag. Dette er tirsdagsmiddagen.

Utanfor passerer eit kjærestepar. Eit lukkeleg og forelska kjærestepar. Spreke og friske. Ikkje av den typen som går på Dolly Dimples på ein tirsdag. Ikkje den typen som sitt å gøymer seg i ein krok..
Ho kjenner seg einsam der ho sitt i hjørnet sitt. Heilt forbanna åleine. Byen der ute er så skummel og usikker. Full av farer og full av menneske. Skumle menneske. Menneske som stirre. Som dømme.

Folka strømmar forbi, som ei elv, som aldri sluttar å bruse. Fullt av forskjellige menneske. Alle unike på kvar sin måte, men samtidig så utrulig like. Fine i kleda, ordentlig og gjennomkamma hår, perfekt sminke. Frå vindauga på Dolly Dimples ser dei lukkelege ut. Sjølvsikre, heile gjengen. Utan problem. Utan angst.

Ho slapper ikkje av eit einaste sekund. Gledar seg berre til å kome heim, der ingen dømmer. Der ho kan puste, djupt inn og ut. Der ho ikkje treng halde magen inne eller rette seg opp i ryggen. Der ho ikkje tenkjer på alle dei andre. Der ho berre kan vera seg sjølv, med dyna rundt seg.

Trygt og godt...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar