mandag 27. august 2012

Venter på at livet skal byrje...

Det er akkurat det eg gjer for augenblinken. Altså, eg lever og alt sånn. Lever veldig bra faktisk, men eg venter. Og eg føler at eg byrjer å bli klar for det eg venter på. At eg byrjer å bli klar for livet. For det som også venter på meg. På framtida. 
Når eg tenkjer meg om, så har eg kanskje alltid levd i fortida. Dvela over ting eg har gjort, noko eg har sagt, nokon eg har kyssa. Det er ikkje slik lenger. Eg veit ikkje heilt kortid det skjedde, men noko har forandra seg. Eg ser framover. Eg ser på det eg skal gjere, det eg skal sei, dei eg skal kysse. Han eg skal kysse. 
Denne veka byrjer eg på skulen igjen. I ein ny klasse, med heilt nye folk, og eg gledar meg sånn. Eg kjenner at Tone, den verkelege Tone (uperfekt og sånn), kjem til å kome fram. At eg kanskje ikkje vil sitte stille i ein krok og tenke over kvar minste bevegelse eg gjer. Hate kvar minste bevegelse eg gjer. At Tone, den Tone eg er med folk eg kjenner, òg kan komme fram med folk eg ikkje kjenner. At det framande ikkje er så uhyre skummelt lenger. Berre litt.

Hausten nærmar seg, og eg kjenner at eg elsker det. At eg elsker hausten. For då startar ting igjen. Skulen, teateret, bonderomantikken på tv2. Kvardagen. Og for ein gong skuld, så gledar eg meg til kvardagen, til rutiner og like dagar. Det er lenge sidan sist. Det er lenge sidan eg gleda meg på denne måten. 
Eg trong sommaren. Late dagar, med null stress. Eg trong å kome meg vekk, reise til Midtausten. Kjenne på kroppen at i helvette heller. Dette bryr eg meg om. Dette skal eg kjempe for. At det er noko å kjempe for.
Kanskje eg har funne meg sjølv i sommar. Kanskje eg har funne meg sjølv på nytt. Eller funne ut kva eg vil. At eg har blitt klar. Klar for hausten og det den inneheldt. For det hausten kan tilby. For kva livet kan tilby.

Eg berre ventar, og glede meg sånn til det startar. Til hausten er her. 


2 kommentarer:

  1. Du skriv så fint Tone:) Ikkje vær redd for å være den du er, den morsomme Tone eg kjenner. Håper fremtiden har med seg mykje godt til deg. Det fortjener du.
    Glad i deg min venn.
    Fra Siren

    SvarSlett
  2. Tusen takk <3 Gla i deg og. Klem

    SvarSlett