Når folk spør meg om det går bra, så får eg lyst å skrike. Skrike at nei, det går absolutt ikkje bra. Skrike at eg verkeleg har det forjævlig, sjølv om eg smilar. Eg får lyst å grine, sprutgrine til eg blir raud i ansiktet. Å hulke mens eg seier det slik det er. At det kjennes som om verda går under, at det kjennes som om eg snart dør, utan å ha fått til noko som helst. Utan eit levd liv. Eit skikkelig liv. Og at eg ikkje veit kvifor eg kjenner alt dette. At eg ikkje veit kvar eg skal gjere av meg, fordi eg ikkje veit kvifor. At eg gjerne skulle visst kvifor. Kvifor eg har det slik.
Eg seier det ikkje. Eg skrik ikkje. Hulkar ikkje heller. Eg smilar. Eg seier det går bra.
Nokre gongar, når det er umogleg å smile, blir svaret: "heilt greitt". Folk stoppar opp. Dei veit ikkje korleis dei skal reagere. Går det ikkje bra? Det blir stille. Ingen av oss veit kva meir ein skal seie. Kva som passar seg. Eg kjenner tårene kome. Det er best å bytte emnet. Vekk frå meg. Vekk frå mitt katastrofale og einsame liv. Muren kjem opp. Kanskje personen ikkje høyrde det. Det ser ikkje ut som om personen har bestemt seg for om han høyrde det eller ikkje.. Etter ei stund ristar eg berre på hovudet og seier at det går bra. Ler litt og smilar litt og spør spørsmålet tilbake, slik ein skal.
Og du svarar at du har det bra. Du smilar. Du ler. Du har det alltid bra.
Ikkje eg.
torsdag 3. mai 2012
onsdag 2. mai 2012
Å finne sin eigen sjuke meining med livet
Det er det som er målet i dette livet, er det ikkje? Å på ein eller annan måte finne ei meining eller ein grunn til å leve? Vell, eg leiter endå, men eg trur eg har leita feil. Eg trur eg har fokusert feil. Eg trur eg har tenkt feil, tenkt for mykje, tenkt for hardt. Istadenfor å leve og dermed funne meininga. Dermed funne ein grunn til å leve. For livet er jo ganske fint av og til, dersom ein ikkje fokuserer på at det kan gå gale når som helst. At døden e rett rundt hjørne liksom, og ventar på deg eller dine. Eller at du ikkje skal lykkast, bli ein tapar, ein som aldri utretter noko. Ein som ingen hugsar. At du dør aleine, utan nokon som er ekstra glad i deg, og berre deg. At du ikkje bringer dine verdiar og syn vidare til ein neste generasjon. At det sluttar med deg. At du blir ein skuffelse. Eit svart får i familien. Ein av dei som ingen tørr nevne i familiebesøket. Den personen liksom.
Dersom ein ikkje tenker på slike ting, og mange andre, så er livet ganske fint inni mellom. Ein må berre ikkje tenke.
Og så tenker eg, eg tenker alltid og no har eg tenkt noko smart, at kvifor skal ein absolutt bli noko spesielt? Når eg kjenner etter, så er det målet mitt. Å bli noko spesielt, noko ingen andre er, noko som alle hugsar, og snakkar om. Ikkje leve eit vanlig og kjedelig liv. Nei, det er for lite. Det må vera noko ekstraordinert. Kvifor det? Kvifor er eg så jævla spesiell? Det har eg også tenkt på. At eg må bli nøgd med tanken på eit normalt liv. At eg kjem til å leve som andre, normale og kjedelige folk resten av livet og at det er greit. At det er fint. At det er det som er livet. Eg må innsjå at alt eg veljer er greit. Alt er godt nok. Eg er god nok.
Då blir eg kanskje lykkelig. Kanskje.

Det kjennes slik
Eg ser rundt meg
På elendigheita,
På elendigheita,
på sorga
Eg har alt,
Eg har alt,
men kjenner meg likevel
så trist
så aleine
så trist
så aleine
Eg ser rundt meg,
på dei som verkeleg har det vondt
Samvittigheita gnager
Kvifor klager eg
på dei som verkeleg har det vondt
Samvittigheita gnager
Kvifor klager eg
Eg ser på borna
Dei grin
Dei grin
slik eit born ikkje skal grine
Eg har aldri opplevd liknande
Men kvifor grin eg også
Kvar einaste kveld
Eg har aldri opplevd liknande
Men kvifor grin eg også
Kvar einaste kveld
Eg ser på all smerta deira
og eg kjenner meg att
Men eg har ingen grunn
Eg har ikkje gått gjennom det same
og eg kjenner meg att
Men eg har ingen grunn
Eg har ikkje gått gjennom det same
Eg kjenner meg bortskjemt
For bortskjemt til å fortene kjærleik
For bortskjemt til å ha rett til å leve
For bortskjemt til å fortene kjærleik
For bortskjemt til å ha rett til å leve
Eg ser dei har det tøft
Men det einaste eg sjølv kjenner
er mi eiga smerte,
mi eiga sorg
mi eiga tristhet
Men det einaste eg sjølv kjenner
er mi eiga smerte,
mi eiga sorg
mi eiga tristhet
For sjølv om eg ikkje har opplevd
det dei har opplevd
det dei har opplevd
Så kjennes det slik...
mandag 5. mars 2012
Eg veit eg ikkje burde klage, men...
Uansett kva me seier og uansett kva som kunne vore betre, så er det bevist og blir bevist kvart einaste år: Me bur i verdas beste land. Det er likevel ikkje alle som har det så bra som oss i Noreg. Framfor vårt nye fjernsyn på minst 42 tommar, i skinnsofaen i vårt isolerte hus med popkornet på fanget, ser me daglig elendigheita som utspel seg elles i verda. Det er ikkje i form av trøyte artiklar eller i tørre aviser, men i form av levande bilete og videoar frå heile verda. Me ser blant anna guten med den oppsvulma magen, som representerer fattigdommen i Afrika. Me ser ein far, som desperat beskyttar bornet sitt frå kulene og krigane i Midtausten. Me ser hjernevaska menneske, som lever i full undertrykking i Nord Korea. Og me ser naturkatastrofane, som skyller vekk heimar, avlingar, levebrød og familiar. Elendigheita er der heile tida, som ein evig påminnar om kor forferdelig andre har det, og ikkje minst, kor ufattelig godt me har det her i vesle, men store, Noreg.
Sjølv om eg får desse bileta innprenta, som visar elendigheita og dei verkelege store problema i verda, består livet mitt av klaging. Det er snakk om veldig små problem, som på ein eller annan måte blir gjort om til store verdsproblem for meg sjølv. Mine største problem dei siste vekene har vore at eg ikkje vann 200 millionar i Viking Lotto, at nokre bussar frå Arna til Haus går heile den lange vegen om Garnes og at Kiwi har vald å slutte å selje Eldorado Tzatziki-dipp(som verkeleg, verkeleg, verkeleg var min favoritt). Eg kan ta meg sjølv i å velje bort nyheitsendinga, fordi det rett og slett blir for mange problem i tillegg til mine eigne enorme og uløyselige dilemma. Eg veit så godt at eg ikkje burde klage, men... eg gjer det likevel. Eg trur ikkje eg er den einaste som har slike store, men små problem.
Misforstå meg ikkje. For at noko skal bli betre og for at verda skal gå framover så må ein klage. Det er viktig å klage og verda hadde stått stille viss ikkje. Det eg reagerer på er vår avhengigheit av å alltid klage for oss sjølv og om våre eigne problem. Samtalen rundt middagsbordet vårt handlar om dagens forferdelige mattetime, om feil val av middagsrett eller om butikken som var utsolgt for favorittsjokoladen. Den handlar sjeldan eller aldri om den hjelpetrengande verda der ute som sårt treng ei røyst og ein klage. For kven klagar for borna som blir skutt på veg til mattetimen eller for dei som ikkje har skule i det heile tatt og dermed inga framtid? Kven klagar for for dei som alltid er svoltne og tilslutt dør av svolt? Alle av oss klagar, men kven av oss klagar for dei som verkeleg treng det?
Ein ting er sikkert og visst: Me kjem aldri til å slutte å klage. Det vil alltid vera noko å klage over og alltid noko som kan bli betre. Også i vårt eige land. Eg meiner ikkje at me burde slutte å klage, snarare tvert imot. Det eg vil fram til er at me, ein sjeldan gong ,kunne ha klaga for andre enn oss sjølve. Me kunne ha styrka den svake røysta, som kjem frå dei som verkeleg treng det. Gått ut ifrå vår eiga litle boble og sett oss rundt. På den måten kunne me gjort resten av verda til ein betre stad å leve.
tirsdag 21. februar 2012
Er det greitt med religiøse skular i Noreg?
Det har lenge pågått ein liten debatt om Danielsen Ungdomsskule på Osterøy. Nokre kjem med krasse ord, mens andre forsvarar skulen og kristendommen. Danielsen ungdomskule har vore heilt stille og verken kome med forklaringar eller forsvaringar av skulen sin og trua si. Sjølv når Bygdanytt har spurd seriøse og ukritiske spørsmål, spørsmål me alle (ikkje berre foreldre) lurar på, så er dei framleis stille. Danielsen vil unngå ein forferdelig debatt i lokal avisa, som kan såre både elevar og foreldre. Eg trur likevel det er ein sunn debatt. Ein debatt som eigentlig handlar rundt det eine spørsmålet: Er det greitt med religiøse skular i Noreg?
Sjølv om me er ein kristen stat, bestemte regjeringa i 2008 at det ikkje lenger skal vera eit fag som heiter "KRL - Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap" i grunnskulen , men "RLE - Religion, Livssyn og Etikk". Faget vart endra frå å kunn handle om kristendommen til å skulle handle om alle religionar. Det var ein presisering av at opplæringa skulle vera objektiv, kritisk og pluralistisk. At religionar og livssyn vart presentert frå læraren si personlige ståstad, som tidligare var lov, vart no ikkje godtatt. Ein sunn utvikling. For det er her det ligg. Eg har ingenting imot tru og religion i det personlige og kvardagslige plan. Me vel alle korleis me vil vera og kva me vil tru på, og alle burde bli respektert for det. Det er altså ikkje dei personlige kristne det er noko feil med. Poenget mitt er at denne personlige trua har ingenting saman med formidlinga av kunnskap å gjere. Personleg tru + kunnskapsformidling = feil!
For kva lærer elevane på denne kristne skulen, dreven av kunn kristne lærarar, ein kristen rektor og kristen administrasjon? Sjølv om Danielsen ikkje svarar, så er svaret veldig enkelt: Dei lærer om kristendommen. Eg har leita litt rundt på internett for å prøve å finne noko handfast. Det var vanskelig, men eg fann nokre vage setningar i vedtektene til Danielsen. Der står det blant anna at "Danielsen skal i all sin virksomhet søke å skape et læringsmiljø som fremmer et kristent helhetssyn på livet, forankret i troen på Gud som skaper og frelser slik dette er uttrykt i Bibelen og de evangelisk-lutherske bekjennelsesskrifter. Skolen vil i alt sitt arbeid gjøre Kristus kjent for elevene slik at Han kan bli trodd og etterfulgt". Det Danielsen seier, veldig forsiktig, er at den kristne trua er med lærarane i alt dei gjer og alt dei lærer vidare til sine elevar og at målet til skulane er at elevane skal bli kjend med Kristus og byrje å tru på han. Her finn me alle svara Bygdanytt lurer på. Lærarane har med seg den personlege trua si når dei lærar vidare til elevane om korleis verda vart skapt. Dei har den personlege trua si med seg, når dei forklarar og fortel kva ein burde tenke om homofili og seksualitet. Dei har trua på Gud og Frelsaren med seg når dei fortel om krigane i Midtausten og når dei reflekterer om kven som har rett til "det hellige landet". Alle desse spørsmåla kan eg allereie no tippe svaret på. Alle desse svara er ikkje henta frå ei objektiv lærebok, men frå Bibielen.

Me snakkar heile tida om mangfald i det norske samfunnet og i offentlig sektor. Barnehagar og barneskular får ris fordi dei har for mange kvinnelige ansatte. Det sender ut feil signal til ungane, seier mange. Kvifor godtek me då denne skulen, der det ikkje finns mangfald i det heile? Eg meiner skulen i Noreg skal vera full av mangfald. Ein skule skal reflektere samfunnet vårt og på den måten vise alle dei fine sidene med vårt fantastiske opne og demokratiske samfunn. Eg vil ha lærarar som er kristne, muslimar, humanetikarar, homofile, heterofile, ikkje etniske nordmenn, nordmenn, kvinner og menn. Men mest av alt vil eg ha lærarar som ikkje blandar trua si inn i undervisninga. Eg vil ikkje ha fadervår kvar morgon. Eg vil at elevane skal bli kjend med alle religionar, både dei me er fryktelige redde for og dei me ikkje er så redde for. Og eg vil at dei sjølv skal velje kva religion dei trur på eller ikkje trur på, og ikkje føle at dette valet er feil. Eg vil ha ungdommar som kan sjå på andre kulturar og religionar med opne auge og ikkje fulle av fordommar fordi dei ikkje har lært om verda frå ein nøytralt ståstad. Ein stad der kristendommen er det grunnleggande, det rette og der alt anna e heilt feil. Eg vil ha homoseksuelle elevar, som ikkje gøymer seg og skammar seg, men som reiser seg opp og seier: "Her er eg. Ingenting med meg er feil".
Det heile kokar ned til eit spørsmål: Er det greitt med religiøse skular i Noreg? Ein ting er sikkert. Me hadde aldri godkjent ein islamsk skule i Fotlandsvåg. Me hadde gått i protesttog frå ungdomshuset til "Jokern". Me hadde skrike "Islamisering" og nikka når Siv Jensen kom på tven. Sjølv om Danielsen er "mindre skummel" er det likevel det same. Det er begge to stadar der ungdommen lærer at bøker for over 2000 år sidan har alle dei rette svara og at ny forskning ikkje har det. Eller at nokre menneske, grunna sin legning, tru eller kjønn, har mindre verdi enn andre. Dette er livssyn og verdiar som ikkje burde vore godtatt i dagens samfunn og som absolutt ikkje høyrer heime på skular på Osterøy og elles rundt om i Noreg.
Tone Mjelde
lørdag 3. desember 2011
Sjukdom og klaging
Dersom du ikkje har fått det med deg gjennom facebook, der eg har klaga jevnlig, så har eg vore sjuk den siste veka. Kjempe kjekke greier. Så sjuk at eg faktisk måtte utsette den eine og siste eksamenen. Så den kjensla der eg går ut av eksamenslokalet med kladden i handa og kjenner juleferien kjem over meg, dukka aldri opp. I juleferien skal du ha absolutt null ting hengande øve deg. Iallefall ikkje skule ting. Dersom du gjer noko skulearbeid skal dette vera eit pluss, noko du vel og ikkje noko du må. Men neida. No veit eg ikkje kortid denne eksamenen kjem og må vera sånn halvvegs forberedt heile juleferien. Blæ. Jaja. Nok om det. Eg har fått tenkt meir på julepresanger mens eg har vore sjuk og her kjem resten av ønskelista mi:
-Klestativ. Kan vera eit sånt stort, men helst eit sånnt lite som du kan henga truse på liksom. Sånn her: (viss da fortsatt e i salg? mamma har iallefall to sånne)
- Vekkeklokke som får meg opp om morgenen. HEILT SERIØST!!! Denne mååå eg få til jul. Og det gjer ingenting om eg får fleire: http://www.enklereliv.no/productDetails.aspx?catId=141&pId=3738 . www.etenklereliv.no er heilt genialt!
- Abonnement på TV2 sumo (blitt hekta på hotel cæsar (HJELPES VANNESSA ER HEILT GAL FOR TIDA) og me har ikkje kanala)
- Denne her leppetingen. Så mange som mulig, for eg rotar dei vekk:
- Hanskar (sånne enkle. Helst barnestørrelse. Eg har lita hand:
guuud, der såg den stor ut :D
- ehm. pengar eller/og alkohol!
Takk for meg og god natt :)

fredag 25. november 2011
Takknemlig
Today its thanksgiving og sjølv om eg er litt imot amerikanske tradisjoner, så er dette ein god ein. Den e jo faktisk frå indianarane (ref: Ida si lærebok 7.klasse). Derfor tenkte eg å remsa opp ein del ting eg er takknemlig over. Å tenke over dette har fått meg til å skjønne kor utrulig godt eg har det og at eg har mykje å vera takknemlig over.
1. Eg er takknemlig over å alltid ha mat på bordet. Eg er aldri sulten (noko som vises på kroppen) og har aldri hatt for lite penger til mat. Magen min er ikke oppblåst fordi den mangler mat, men fordi den har fått for mykje. Det er eg takknemlig over.
2. Eg er takknemlig over å ha ein fantastisk familie. Den er ikkje perfekt. Den har ikkje eit perfekt hus utan støv og kranglar rundt middagsbordet. Men eg er utrulig takknemlig for å ha dei. Den kjærleiken, tryggheita og varmen som finns der er eg utrulig takknemlig for.
3. Eg er takknemlig for å ha ein fungerande kropp, som eg egentlig tar for gitt. Eg kan gjera alt, eg kan få til ka som helst (okei, Mount everest er kanskje litt for optimistisk). Eg har ingen fysiske hindringer (utan asthma og allergi). Det er eg takknemlig for!
4. Eg er takknemlig over å ha muligheten til å bli kva enn eg har lyst til. Omgivnadane mine stopper meg ikkje og det er opp til meg kor langt eg kan nå. Eg kan sjølv bestemme om eg vil bli mekanikar, frisør, professor, kiwi dama, evig student eller lege.
5. Eg er takknemlig for å ha så gode venner. Eg har alltid nokon rundt meg og nokon som bryr seg. Både store og små, i alle aldrer. Nokre som ein drikk kaffi med, nokre ein studerer med, nokre ein grin til langt på natta med og nokre som ein tar røykepause med i glasshuset og filosoferer over livet. Eg er takknemlig for alle deko.
6. Eg er takknemlig for senga mi. Den er så ufattelig GOD!
7. Eg er takknemlig for oppveksten min i Mjeldalen. Eg har kun gode minner frå den tida og båndet som vart danna mellom oss Mjeldalsjenter vil alltid vera der <3
8. Eg er takknemlig for Bergans regnjakken min (og mammo som betalte). Eg hadde ikkje overlevd utan!
9. Eg er takknemlig for å få lov å vera barneteater instruktør for mange flotte og kreative MUL-ungar.
10. Og tilslutt er eg takknemlig for velferdstaten Noreg. Eg treng ikke ha økonomiske bekymringar for val av skule eller over å ha god nok forsikring for å få best behandling på sjukehus eller behandling i det heile eller økonomisk forskjellsbehandling i andre samanhenger. Noreg er rett og slett ein flott stad å leve, der alle er like mykje verdt og alle har like rettighetar. Det er eg veldig takknemlig for!

Abonner på:
Innlegg (Atom)