lørdag 8. desember 2012

Når eg klør

Eg har eit jævla utslett på henda. Eller eksem er det vel. Eg har hatt det i eit år og det går faen ikkje vekk. Det klør heile tida og blir tørt og ekkelt. Så ekkelt at eg ikkje vil halde deg i handa eingong.
Det jævla utslettet blir berre værre, uansett kva salvar og råd eg får av legane. Uansett om han stilige legen seier: "Bruk den og så den og så den, og sååå er du kvitt det"

Eg blir ikkje kvitt det. Det klør. Heile tida.

Eksemen minner meg om uroligheita inni meg. Det klør og klør, og forsvinn liksom aldri. Det er faktisk jævla irriterandes å klø, heile tida. Til du blir sår. Til du byrjar å blø. Til kvar einaste bevegelse gjer ilt.

Det er som om eksemen min er angsten min. Stresset mitt. Depresjonen min. Det er som om kroppen, som ellers alltid smilar, prøver å vise meg noko. Prøver å vise andre noko.

For sjølv om kroppen er roleg utvendig, så klør den innvendig. Det er berre at den ikkje visar det.

Utenom når eg klør på henda.

Du kan sjå alt då. Når eg klør.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar