lørdag 1. desember 2012

Draumen

Det var vel heller meir tanken på å berre forsvinne som frista mest. Å berre kunne synke inn i ei draumeverd der alt var fint, der alt kom til å ordne seg. Der dei unødvendige, dystre tankane ikkje fanns. Ho elska å sove. Kunne ha sove heile dagen. Unngått tankane og berre drøymt. Søvnen var som dop for ho, det var den flukta frå verkelegheita som ho trong. Avslappinga ho desperat lengta etter.

For i vaken tilstand slappa ho aldri av. Det var så mykje å tenkje på. Enten på noko ho hadde gjort gale eller på noko ho mest sannsynlig kom til å gjera gale. På fortida og framtida. På kven ho var, på kva som var meininga med livet og kvifor ho i det heile tatt var i livet.  Evige dystre tankar ho måtte kjempe seg gjennom kvar einaste dag, kvar einaste time, kvart minutt og kvart einaste forbanna sekund. Dei balla på seg og tilslutt var alt mørkt. Mørkt som ein vinterkveld utan stjernene og månen. Som ein tunell utan lys, utan ende. 

Ho sov heller. I draumane var det lys og håp. I alle fall meir enn i verkelegheita.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar