mandag 5. november 2012

Lykketjuvane

I helga har eg vore på stressmestringskurs på Solstrand Hotell, saman med 10 andre flotte personar. Sjeldan har eg kjent på ei sånn rolig kjensle inni meg. Eg kan ikkje hugse sist eg sovna med eit smil om munnen på denne måten. Med ei kjensle om at alt kjem til å ordne seg.

Eg vil dele eit utdrag frå papirheftet me hadde. Ein beskrivelse av depresjon, som eg kjenner meg veldig godt igjen i:


Lykketjuvane

Depressive lidelsar er tjuvar som tar lykken frå menneske. Dei stjel sjølvtillit, energi og livslyst. Depresjon er å miste evna til å vera glad, men depresjon er også å miste evna til å føle sorg. Som opplevelse kan depresjon minne om sorg, men er verken sorg, vemod eller tristheit. Depressive lidelsar angrip sjølvbilete på ein heilt annan måte.
Depresjon er å miste delar av evna til samhørighet med andre. Det er ein djupt einsam tilstand. Depressive lidingar gjer menneske sjølvsentrerte, men ikkje egoistiske.

Depresjon er å dø av tørst, med eit vannglass foran deg.

Ein deprimert person kan lengte etter kontakt, men skyv andre frå seg og isolerar seg. Det som er så trist, er at ein også mister seg sjølv som støttespelar. Istaden får man ein kritikar inni seg som ser det negativ i alt. Når kritikaren blir for sterk er det lett å sjå på seg sjølv som verdilaus, oppfatte livet som meiningslaust og miste håpet om eit betre liv


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar