fredag 17. august 2012

Dønn-fuckings-lukkeleg

Me har alle våre opp- og nedturar her i livet, sjølv om det ikkje ser slik ut på Facebook. På Facebook er me alle glade, nøgde og lukkelege. Me har ingen problem; Borna våre er perfekte, mannen super-romantisk og huset alltid ryddig med nysteikte bollar klare på kjøkkenbenken. Dersom nokon spør oss om me har det bra, så svarar me alltid at det har me. Uansett. Alltid. Me vil ikkje vera til bry og me er redde for å innrømme det verkelege livet vårt. Me er redde for å ikkje vera perfekte. For kva naboen skal tenke. For at ryktet skal bli satt på spel. Og derfor latar me. Derfor skjuler me det eigentlige livet vårt, som er full av nedturar og triste stunder.

Denne skjulinga av vårt eigentlige liv, gjer noko med samfunnet vårt. Måten me skriv på facebook, fører til eit samfunn der alle må vera på topp heile tida, sjølv om me nokre gonger er heilt på bunn. Me skaper eit samfunn der ideala våre er superkvinna med det perfekte ekteskapet, med energi til både ungar og drøssevis av fritidsaktivitetar, samtidig som ho ser smashing bra ut. Eller supermannen, som er på treningssenteret kvar einaste ettermiddag etter ein hard dag på jobb, og som alltid kjøper roser til kona si på veg heim. Dette er ideala me skaper. Dei me heile tida konkurrerer mot og aldri klarar å nå til knedna. Fordi dei ikkje finns. Fordi dei er konstruerte, av oss sjølve. For sjølv om nokon har meir energi enn andre, og sjølv om nokon kan vera litt superwoman innimellom, så er det ingen som er lukkelige, sterke og perfekte heile tida. Tru det eller ei.

For nesten eit år sidan var eg uhyre, men godt skjult, ulukkeleg. Rett og slett deprimert. Dette passa ikkje bra med det perfekte bilete av meg sjølv, som eg alltid prøvde å vise fram. Utan svakhetstrekk, alltid på topp. Så sjølv om eg var ulukkeleg, fortsette eg derfor å vera den forbaskade smilande og utrulig lukkelege jenta utad. Eg fortsette med mine facebook-statusar, som alltid understreka kor utrulig flott eg hadde det, samtidig som eg alltid var opptatt og i farta. Det viktigaste var å vera sterk, å holde fasaden, så når nokon spurde om eg hadde det bra, smilte eg mitt største smil og sa at eg hadde det fantastisk. Seinare grein eg meg i søvn, utan å vete kvifor. Utan å vete at eg bygde ein svær mur rundt meg, som gjorde meg endå meir ulukkeleg. Ei natt eg låg vaken, slik eg ofte gjorde, bestemte eg meg for at dette ikkje kunne fortsette. Den kvelden bestilte eg min fyrste psykologtime. Etter mange, mange, mange psykologtimar har eg innsett at måten eg levde livet mitt på, med mål om å vera perfekt, har gjort meg så ufattelig ulukkeleg. For uansett kva eg gjorde, så vart eg aldri god nok. Nokon hadde alltid noko å klage på og eg kunne alltid gjera noko betre. Eg var ikkje perfekt, og eg fekk det slengt i trynet kvar einaste dag, av meg sjølv. I dag har eg endelig innsett at ingen er perfekte, at alle gjer feil og at ein ikkje alltid treng å vera "sterk". Faktisk, så er det menneskelig å vera "svak". Det er det som gjer deg til eit menneske, i staden for ein kald robot utan kjensler.

Dei dystraste tankane og tanken på sjølvmord verkar langt vekke i dag, men for mindre enn eit år sidan var dei der. Eg, ei 22 år gamal frisk jente, som alle trudde var dønn-fuckings-lukkeleg, vurderte sjølvmord. I Noreg, verdas beste land. Det er rart og vanskelig å forstå. Berre ordet sjølvmord skrik av tabu og skam. Ingen snakkar om det, media skriv ikkje om det og ingen forstår. Kvifor er det ingen som forstår? Fordi ingen snakkar. Fordi ingen snakkar om det verkelege livet. Ingen innrømmer at livet er meir enn lukkelege facebook-statusar. For å klare å forstå kvifor nokon vel å ta sjølvmord, treng me å snakke meir om liva våre, også når det ikkje går så bra. Me treng å vera svake. Å tørre å grine. Å tørre å sei at me ikkje veit alt her i verda. Rett og slett vera ærlige og å innrømme at me ikkje er dønn-fuckings-lykkelige tjuefire timar i døgnet, sju dagar i veka.  Så ærlige at me skriv eit leserbrev om eigne sjølvmordstankar, sjølv om det eigentleg er for ærlig for både media og samfunnet vårt. Samfunnet me sjølv har skapt.

Så i dag, fredag 17.august, utfordrar eg alle til å gjere samfunnet vårt litt betre. Litt enklare for oss uperfekte. Eg ber alle om å stå fram som eit godt og uperfekt eksempel og rett og slett skrive ein dønn-ærlig Facebook-status. Utan tilsminking og pynting på verkelegheita. Vær heilt ærlig, sjølv om du er dau trøtt, utan energi og ungane skrik. Drit i at du er til bry for nokon. Drit i at du øydelegg den perfekte facebook-verda.
Og dersom du er dønn-fuckings-lukkeleg i dag, (for heldigvis er me også det innimellom) så skriv om det også. Del og fortel om desse oppturane. Skriv og snakk om dei like mykje som nedturane.

For når alt kjem til alt, så er det eigentlige livet som ei berg- og dalbane; Full av opp- og nedturar


1 kommentar:

  1. Eg er so stolt av å kjenne eit so flott menneske som du er Tone. Etter ein halv dag i senga, so var eg klar til å vaska badet, handla på butikken og til slutt blei da taco til kvelds. Stor klem til mi kjære namnesøster <3

    SvarSlett