onsdag 21. juli 2010

Kven utfordrar du til neste runde i stafettpinnen?

Du veit den "stafettpinne" tingen dei har bak på Bygdanytt. Der "stafettpinnen" går frå person til person i bygda, som blir intervjua om kven dei er. Det er ein god blanding av folk som har blitt intervjua allereie og ein ser tydelig kven som har morosame og artige personligheitar og kven som ikkje har det. I det siste har eg byrja å tenke: Kva dersom eg vart vald? Kva skal eg gjere eller sei for at det blir interessant å lese. Og tenk dersom eg blir ein av dei kjedelige personane, som ikkje har eit spanande og morosamt liv. Tenk dersom intervjuet blir så kjedelig at folk berre gidd å lese den siste linja: "Kven utfordrar du til neste stafettrunde? ....".

Eg håper det er fleire enn meg som tenkjer på dette, ellers så kan eg verke ein smule innbilsk. Men det er ikkje på den måten altså. Eg stressar berre litt med tanken på kva eg skulle sagt og svart på spørsmåla. Liksom. For å vera meg sjølv mest mogleg. For å få fram den eg egentlig er og ikkje minst at folk skal kjenne meg igjen og ikkje begynne å lure på om eg e ein heilt annan person enn dei kjenner.

For kven er eg? Er eg snill eller er eg irriterande? Er eg morosam, eller trur eg det berre sjølv? Er eg arbeidsom eller bestemmer eg for mykje? Er eg eit "ja-menneske", eller seier eg berre ja til det eg liker å gjere? Er eg spontan, eller tenkjer eg for mykje? Er eg lykkelig, eller deprimert? Vell. Tingen er at eg er alt dette, med forskjellige menneske. Opp gjennom åra (no verkar det som om eg er erfaren og gammal og har levd ein grusomt langt liv) har eg vorte kjend med ein god del folk. Unger, ungdommar, vaksne, godt vaksne, eldre og gamle menneske. Og eg synest det er fantastisk å kunne omgås med både folk på min egen alder og eldre og ha det like kjekt med begge grupper. (Godt eksempel: vaksenteatergruppa i Mjeldalen) Men jo meir eg tenkjer på alle dei forskjellige menneska eg kjenner, så lurar eg på om eg er forskjellige Tone`er når eg er med dei. Det er som mamma sa til ein beundrar av meg, etter han hadde sagt at eg var den mest smilande personen i bygda, og spurd om eg var lika smilande heima: "Vell. Ho må ta det ut over nokon, for å sei det slik".
Spelar eg så mange forskjellige rollar? Og kven av desse rollene er eg mest? Den smilande Kiwi-Tone utan nokon problem, eller den gretne familie-Tone som blir sur dersom ho ikkje får det som ho vil? Sjølvsagt vil eg vera den smilande Tone, men spelar eg egentlig berre eit skodespel?

Eg kjem meg ikkje vekk frå spørsmålet: Kven er eg?

6 kommentarer:

  1. Å eg har tenkt felt på den stafettpinnen eg og, så du er ikkje åleine om det! ;)

    Sånn ellers trur eg alle er "forskjellige personar", alt etter kven dei er med.. Ikkje sånn at eg likar noko når eg er med nokon og noko anna med andre, men korleis eg er, liksom. Eg er sjenert rundt enkelte, og heilt utan hemningar med andre. Nokon får meg til å le, andre ikkje. Og desse forkjellige personane vil jo sjølvsagt få forskjellig oppfattning av meg. Sånn er det berre, og eg trur det er slik med alle. Me lurar nok alle på kven me er iblandt..

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar! Supert at nåkken gidd å komma med tilbakemeldingar. Eg følar meg litt åleina her på bloggen min;)

    Og kommentaren din likte eg svært godt. Den var beroligande og forklarande. Skal lesa den om og om igjen neste gang eg får ein "kven er eg" augenblink:)

    SvarSlett
  3. Hei Tone!
    Eg og trur på det, at alle er ulike personar rundt ulike folk. Eg har fått kommentarar frå folk som opplever meg for første gong i ein anna setting enn der dei pleier å sjå meg om at dei vart heilt overraska over korleis eg oppførte meg der..Rart eigentleg. At ein kan vera so forskjellig at folk nesten ikkje kjenner ein att i andre situasjonar enn dei vande.
    Etter at eg flytta til Tyskland og snakkar mykje tysk får eg til og med kommentarar at stemma mi er annleis når eg snakkar tysk enn når eg snakkar norsk...! Eg merkar det ikkje sjølv, men er heilt sikkert noko i det. Akkuratt det skjønar eg ikkje heilt sjølv då..kvifor snakkar eg annleis på eit anna språk? Veldig rart..eller? Hm..dette er noko eg og tenkjer ein del på, du er ikkje åleine:)
    Lurar og på kortid eg skal finna ut kven eg er..:)
    Fin blogg forresten Tone!
    Eg flyttar til Bergen for eit halvt år frå september..då må me treffast! Ha kusinekveld eller noko:)

    SvarSlett
  4. Hei Annelen!
    Fyrst: Så kjekt å høyre frå deg! Alt for lenge sidan sist. Konge at du kjem heimatt og skal vera her litt. Kva skal du gjere dette halvåret? Me må treffast ja! Kusine kveld høyres veldig bra ut!

    Det er veldig merkeleg korleis me går inn i forskjellige rollar heile tida. Det gjer meg litt å tenkje over, og når eg fyrst tenkjer på det, så klarar eg ikkje å slutte. Litt artig det der med tysken. Den skjønner eg iallefall ikkje ;) Guri malla. Alt som kan tenkast øve ;)

    SvarSlett
  5. Ja, når ein først byrjar å tenka over ein ting..då ballar det fort på seg altså!

    Jess, gleder meg veldig til å vera ei stund i "gamlalandet":) Eg skal jobba som praktikant på Amnesty-kontoret i Bergen, vert spanande! Ser du og skal flytta til byen, då er det vel sannsynleg at me treff på kvarandre:)

    SvarSlett
  6. Så kjekt! Da verka veldig spennande! Amnesty og greier. Då må me arrangera nåkke så snart som mogleg :)

    SvarSlett