mandag 9. september 2013

La meg få sove

La meg få ein pause 
frå hjarta sin utakt
kroppen sin uro

La meg få sove no

Utan mareritt
Utan tankar
Fullstendig ro

Alt vil vera der igjen
I morgon
Alt det som heldt meg vaken 

Men la meg sove
La meg få kvile
På mitt nyvaska laken

Denne uroa
Denne uendelige indre smerta
Kan du ta ein pause
Berre ei natt

Eg kjenner deg
så godt
Veit nøyaktiv
kva du meinar

Men kjære deg
Gje meg fred
I natt


fredag 30. august 2013

Tør du sei det høgt?

Eg dansar
Ikkje fordi eg må
Ikkje fordi alle andre gjer det
Men fordi beina ynskjer det
Fordi hjarta bankar,
som ein bass i kroppen

Eg smiler
Ikkje av nervøsitet
Ikkje for å vera høflig eller grei
Eg berre smiler
Frå hjarta

Eg ler
Ler så mykje at eg grin
Ikkje for å skape god stemning
Ikkje for å prøve å muntre meg sjølv opp
Men fordi eg meiner det
Fordi latteren berre kjem

Hovudet mitt er heva
Ryggen rakare enn nokon gong

Eg latar ikkje
Eg prøver ikkje desperat å vera nokon eg ikkje er

Eg veit det no

At eg er eg
Og eg er god nok

tirsdag 13. august 2013

Ein stad å høyre heime

Frå eg var rundt fem år gamal og oppover livet mitt har eg hatt ein plass eg høyrer heime. Denne staden har fulgt meg og alltid vore der for meg. Den gav meg min fyrste forelsking som 6åring, den gav meg tryggheit i dei mest utrygge tider, den gav meg forbilde og den har gitt meg vener for livet.

Mjeldalen Ungdomslag har vore min stad. Ein stad der eg har kunne gøymt meg vekk og vore meg sjølv, når ungdomstida med jentekranglar og utestenging stod på som verst. Staden der eg har kunne vore gal og bråkete. Der alt har vore lov. Staden der eg fekk ansvar for fyrste gong. Der mi stemme betydde noko. Ein stad som alltid har fått fram eit smil, uansett kor langt nede eg har vore. Og ikkje minst: Ein stad eg har passa inn, fordi alle passar inn.

Dette er det viktigaste og det flottaste med Mjeldalen Ungdomslag. Det er ingen auditions, det er ingen ferdighetskrav og ingen treng ha eit flusst av pengar for å vera med. Kanskje du berre hamna der tilfeldig fordi venen din skulle byrja og trudde du ikkje likte å stå på scena eingong, men enda opp med å finne din stad. Din hobby. Deg sjølv.

For ungdomslaga tilbyr ikkje "berre" kultur. Dei tilbyr meir enn ei teaterframsyning, fine songar og ein stad å samlast. Ungdomslaga driv nemlig med førebyggande arbeid på sitt aller beste! Som Kulturdepartementet skriv i kulturløftet 3: "Kultur gir opplevingar, livskvalitet og helse". Tilbod som Mjeldalen Ungdomslag og andre ungdomslag tilbyr er ekstremt viktige. Dette er ein stad der born, kanskje for fyrste gong, opplever mestringskjensle og rein glede for endelig å ha funne noko dei liker å gjere. Kanskje fotball og idrett aldri har vore noko for dei. Eller kanskje ungdomslaget kan tilby noko i tillegg til fotballtreningen. Ei annan type trening. Trening som me treng som motstand mot det uendelige presset på born og unge i dagens samfunn. Ungdomslaga bidrar kvar dag til ei betre folkehelse og hindrar at nokon dett utanfor.

Dette handlar om menneske, men det handlar òg om politikk. Sidan 2005 har regjeringa satsa sterkt på kultur og frivilligheit. Bevilgningane har økt med 5 milliardar kroner og nærmar seg 1% av statsbudsjettet. Ein milliard har blant anna gått til momskompensasjon til frivillige organisasjonar. Pengar som kjem godt med i den daglege drifta av eit ungdomshus i full aktivitet. Men dette kan endrast til hausten. Fremskrittspartiet, samarbeidspartnaren til Høgre, har gått tydelig ut og ynskjer å kutte i kulturstøtta og overlate sponsinga til private aktørar. Ei ordning som vil vera umogleg for lag som Mjeldalen Ungdomslag, fordi ein rett og slett ikkje har så store sponsorar tilgjengelig. Dette kan føre til økte kontigentar, nedkutting i aktivitetstilboda eller ungdomshus som forfell og som igjen vil føre til at tilgjengeligheita blir dårligare. Det fører til fleire born som aldri finn sin stad. Som kanskje alltid kjem til å kjenne seg utanfor.

Om mindre enn ein månad er det val. Eit val som blir eit retningsval på mange måtar, òg når det gjeld kultur og frivillig arbeid. Me må ikkje gløyme aktivitetar som me har byrja å ta for gitt. Me må fortsetje å kjempe kulturkampen og styrke breidda og mangfaldet i den norske kulturen. Med ein blå valsiger i haust vil skattekutt føre til store konsekvensar for velferdsstaten vår og kutt i støtte som sårt trengs. For det er dette som er framtida og det er borna og ungdommane me enten fangar opp eller gløymer som kjem til å forme framtidas Noreg. Og trygge og lukkelege born, som vil føre landet vårt i rett retning, finn me i eit samfunn med små forskjellar og tilbod for alle.


Stem rett 9.september!





mandag 15. juli 2013

Verda er full av urett

Fortell meg kva du ser


For eg ser menneske


Eg ser born


Eg ser håp


I Jerusalem



Foto: Tone Mjelde

mandag 8. juli 2013

Stemma

Kvifor går dei orda ho sa på repeat i hovudet mitt?
Ord, som er sagt for lenge sidan. År sidan.
Kvifor har orda hennar, meininga hennar, blitt sanninga?
Meiningar, som ingen lenger bryr seg om.

Kvifor bryt ikkje heile verda saman av slike ord? Slik eg gjer.
Korleis kjem folk seg vidare? Slik eg ikkje gjer.

Orda festar seg, grev seg inn til hjarta mitt. Røskar i det. Skapar sprekker som blir større og større. Dei er berre ord. Berre meiningar. Men for meg blir det sanninga. Verkelegheitsbilete som alt surrar rundt. Kva eg meinar sjølv, kva resten av verda meinar, betyr ingenting. For det er sanninga.

Eg er stygg. Eg er dum. Eg er utan vener.

Ingen treng meg. Ingen liker meg. Ingen vil vera med meg.

Eg hater deg.
Eg hater stemma di og eg er drita lei.
Drita lei orda dine, som berre gjer vondt. Som aldri oppmuntre, som alltid trekke meg ned.

Ein dag skal eg klare det. Oversjå deg, argumentere for det motsatte, bli kvitt deg.
Ein dag skal eg ikkje stoppe og høyre etter på stemma di.

For egentlig veit eg det.
At du lyg.
At du ikkje er verdt det.
At eg ikkje trur på deg.

Sånn egentlig.


fredag 5. juli 2013

Kroppen

Alle fargane rundt ho
forsvinn.
All varme frå sola
flyg vekk med vinden

Hjerteslaga,
som før kjentes så sterke,
så raske, så varme.
No kan ho ikkje lenger kjenne dei.

Smila hennar,
som før berre kom,
som berre dukka opp på munnen.
Dei kjem sjeldnare no.
Dei må tvingast fram.

Tårene,
som før var gledestårer.
Dei svir. Dei er fulle av salt.

Kroppen kjennes tom.
Den kjennes forlatt.
Reist ifrå. Avvist.

Og sjølv om hjarta nektar å høyre,
sjølv om hjarta framleis vil slå,
forteller hjernen:

Kroppen har rett.


torsdag 20. juni 2013

Aleine att

No sloknar solbrannen ute.
Eldblomen bjart brenn ned.
Det mørknar alt. Du gjekk ifrå meg nyss,
og fela di tok du med.

Du spela, og under bogen
ustanseleg  blomar spratt,
eg satt i eit endelaust blomeregn
- No kan eg ikkje finne dei att.

Er dei alt visne, alle?
Hell var det ikkje meg dei gjaldt?
Hell tok du dei med da du gjekk i stad?
- Helst har eg vel drøymt det, alt.

Halldis Moren Vesaas