Eg byrjar å skrive, igjen. Det er måndag, den nest siste
dagen i året. Eg sitt i stova i farfar sitt steinmurhus i Mjeldalen og høyrer
på Melissa Horn. Klokka er 00:32. Innlegget mitt til Bygdanytt skulle vore sendt
for seks dagar sidan. Absolutt siste deadline er i morgon, eller i dag. Eg har
byrja å skrive for tredje gong denne månaden. Klokka er 00.33.
Jula er over. Tida då me skal vera på vårt lukkeligaste,
mest avslappa, takknemlig og glad. Me sitt oss med middagsbordet på julafta og
ventar på dette. På at alt skal bli bra. På at sorga i hjarta skal forsvinne. På
julefreden. Me ventar på at kroppen, hovudet og hjarta endeleg skal slappe av
og kjenne seg nøgd. På at verda skal verke mindre skummel, fordi ein har dei
riktige menneska rundt seg. På framtidshåpet. Me ventar på at dei mørke tankane
skal forsvinne, i alle fall for ei lita stund.
Jula mi har vore roleg. Ikkje roleg i den forstand at eg
ikkje har handla julepresangar dagen før julafta og at stovebordet ikkje har
vore overflauma av gåvepapir, teip og feilskrivne namnelappar. Det har vore
kaos, også i år. Men hjarta mitt har vore rolegare, meir nøgd, fordi det
kaotiske hovudet med sin dårlege samvittigheit og negative tankar har fått
mindre plass. Samvittigheita som fortel meg at eg burde vore lukkelegare fordi
eg har det så bra, som masar om at eg ikkje gjer nok for andre. Tankane mine
som fortel meg at eg må bake sju kakesortar som eg eigentlig ikkje liker og at
eg heller må rydde stovebordet enn å besøke vener som hjarta sårt treng.
Tidligare har eg aldri høyrt på hjarta. Hjarta mitt som
desperat har skrike om at eg går i feil retning. Som har bedt meg høyre meir på
det enn på dei evige tankane, det evige presset, om kven eg bør vera. Hjarta
har heile tida fortalt meg at eg berre må vera meg sjølv, med rotete stovebord
og mine forseinka presangutleveringar klokka tre på julafta.
I år har ting vore annleis. Hjarta mitt har latt meg få
sprenge tidskjemaet allereie på fyrste presangutleveringsbesøk. Det har sagt ja
takk til nok ein kaffikopp. Det har bestemt julepresangane heilt sjølv og ikkje
latt tankane fortelje kor idiotisk eller feil gåvene er, nok ein gong. Hjarta
mitt har latt meg få lov til å sitte saman med pappen min og sjå Harry Potter
ein laurdagskveld, i staden for å vera
på fest med ukjente. Fordi hjarta treng pappa og ikkje fleire ukjente. Tankane som
fortel at det er viktig kva dei ukjente meiner om meg, Harry Potter og pappa
har ikkje fått lov å snakke. Har blitt nekta ein replikk på hjarta sitt innlegg.
Hjarta mitt har latt meg få slappe av saman med ein ven til langt på natt,
sjølv om tankane har skrike om katastrofe fordi bidraget til avisa skal vera
inne om nokre få timar. Hjarta mitt seier at det ordnar seg, hjarta mitt seier
at det treng venen meir enn kva Bygdanytt treng eit innlegg.
Eg trur alt for mange av oss høyrer etter på desse tankane og
forvekslar dei med fornufta, men tankane dine fortel deg ofte feil ting og er
ikkje alltid så veldig fornuftige. Dei kan fortelje deg at du ikkje er verd
noko. At du ikkje fortene å ha det bra. At andre si lukke er viktigare enn di
eiga. Tankane dine kan fortelje deg at den måten andre lever livet sitt på er
riktigare enn den måten hjarta ditt skrik om inni deg. Den måten du eigentleg
vil leve, viss du berre kjenner etter. Lar du desse tankane ta overhand lenge
nok, så sitt du der med eit utslitt hjarte som bankar og pumper til ein kropp
som går ein heilt annan veg enn den burde. For sjølv om me treng fornuft, så
treng me ikkje tankar som skadar oss. Som gjer at me lever feil liv. Eit liv
som lammar oss og som gjer oss ulukkelege. Som igjen gjer at me heller ikkje
klarar å hjelpe andre eller å gjere dei tinga me ynskjer.
Hjarta ditt er heilt unikt. Det er ikkje likt naboen eller
søstera di sitt. Det fungerer på sin eigen måte. Har si eiga verd og sine eigne
ting det treng. Som alle andre hjarter, så fortene hjarta ditt å bli høyrd på
og du fortener å ha det bra. Du fortene alle fine ord du får din veg og du
fortene å tru på dei. La hjarta bli varmt og godt av dei. Du fortene å vera
forelska; å gløyme verda i nokre sekund og berre nyte den kjensla. Du fortene å
gjere akkurat det du ynskjer, sjølv om naboen ser litt rart på deg fordi hjarta
hans seier noko heilt anna. Du fortene å drite i alle tankane dine, eit lite
sekund.
Klokka er 02.02. Tankane mine har i heile desember fortalt meg kva eg burde skrive om. Har minna meg på kva som sømmer seg i avisa og
ikkje. Eg valde tilslutt å høyre på hjarta. Hjarta mitt som drit i kva som
sømmar seg. Klokka er 02.03 og det ordna seg. Det ordnar seg alltid, seier
hjarta.