Eg dansar
Ikkje fordi eg må
Ikkje fordi alle andre gjer det
Men fordi beina ynskjer det
Fordi hjarta bankar,
som ein bass i kroppen
Eg smiler
Ikkje av nervøsitet
Ikkje for å vera høflig eller grei
Eg berre smiler
Frå hjarta
Eg ler
Ler så mykje at eg grin
Ikkje for å skape god stemning
Ikkje for å prøve å muntre meg sjølv opp
Men fordi eg meiner det
Fordi latteren berre kjem
Hovudet mitt er heva
Ryggen rakare enn nokon gong
Eg latar ikkje
Eg prøver ikkje desperat å vera nokon eg ikkje er
Eg veit det no
At eg er eg
Og eg er god nok
fredag 30. august 2013
tirsdag 13. august 2013
Ein stad å høyre heime
Frå eg var rundt fem år gamal og oppover livet mitt har eg
hatt ein plass eg høyrer heime. Denne staden har fulgt meg og alltid vore der
for meg. Den gav meg min fyrste forelsking som 6åring, den gav meg tryggheit i
dei mest utrygge tider, den gav meg forbilde og den har gitt meg vener for
livet.
Mjeldalen Ungdomslag har vore min stad. Ein stad der eg har
kunne gøymt meg vekk og vore meg sjølv, når ungdomstida med jentekranglar og
utestenging stod på som verst. Staden der eg har kunne vore gal og bråkete. Der
alt har vore lov. Staden der eg fekk ansvar for fyrste gong. Der mi stemme
betydde noko. Ein stad som alltid har fått fram eit smil, uansett kor langt
nede eg har vore. Og ikkje minst: Ein stad eg har passa inn, fordi alle passar
inn.
Dette er det viktigaste og det flottaste med Mjeldalen Ungdomslag.
Det er ingen auditions, det er ingen ferdighetskrav og ingen treng ha eit
flusst av pengar for å vera med. Kanskje du berre hamna der tilfeldig fordi
venen din skulle byrja og trudde du ikkje likte å stå på scena eingong, men
enda opp med å finne din stad. Din hobby. Deg sjølv.
For ungdomslaga tilbyr ikkje "berre" kultur. Dei
tilbyr meir enn ei teaterframsyning, fine songar og ein stad å samlast.
Ungdomslaga driv nemlig med førebyggande arbeid på sitt aller beste! Som
Kulturdepartementet skriv i kulturløftet 3: "Kultur gir opplevingar,
livskvalitet og helse". Tilbod som Mjeldalen Ungdomslag og andre
ungdomslag tilbyr er ekstremt viktige. Dette er ein stad der born, kanskje for
fyrste gong, opplever mestringskjensle og rein glede for endelig å ha funne
noko dei liker å gjere. Kanskje fotball og idrett aldri har vore noko for dei.
Eller kanskje ungdomslaget kan tilby noko i tillegg til fotballtreningen. Ei
annan type trening. Trening som me treng som motstand mot det uendelige presset
på born og unge i dagens samfunn. Ungdomslaga bidrar kvar dag til ei betre
folkehelse og hindrar at nokon dett utanfor.
Dette handlar om menneske, men det handlar òg om politikk.
Sidan 2005 har regjeringa satsa sterkt på kultur og frivilligheit. Bevilgningane
har økt med 5 milliardar kroner og nærmar seg 1% av statsbudsjettet. Ein
milliard har blant anna gått til momskompensasjon til frivillige
organisasjonar. Pengar som kjem godt med i den daglege drifta av eit ungdomshus
i full aktivitet. Men dette kan endrast til hausten. Fremskrittspartiet,
samarbeidspartnaren til Høgre, har gått tydelig ut og ynskjer å kutte i
kulturstøtta og overlate sponsinga til private aktørar. Ei ordning som vil vera
umogleg for lag som Mjeldalen Ungdomslag, fordi ein rett og slett ikkje har så
store sponsorar tilgjengelig. Dette kan føre til økte kontigentar, nedkutting i
aktivitetstilboda eller ungdomshus som forfell og som igjen vil føre til at
tilgjengeligheita blir dårligare. Det fører til fleire born som aldri finn sin
stad. Som kanskje alltid kjem til å kjenne seg utanfor.
Om mindre enn ein månad er det val. Eit val som blir eit
retningsval på mange måtar, òg når det gjeld kultur og frivillig arbeid. Me må
ikkje gløyme aktivitetar som me har byrja å ta for gitt. Me må fortsetje å
kjempe kulturkampen og styrke breidda og mangfaldet i den norske kulturen. Med
ein blå valsiger i haust vil skattekutt føre til store konsekvensar for
velferdsstaten vår og kutt i støtte som sårt trengs. For det er dette som er
framtida og det er borna og ungdommane me enten fangar opp eller gløymer som
kjem til å forme framtidas Noreg. Og trygge og lukkelege born, som vil føre
landet vårt i rett retning, finn me i eit samfunn med små forskjellar og tilbod
for alle.
Stem rett 9.september!
mandag 15. juli 2013
mandag 8. juli 2013
Stemma
Kvifor går dei orda ho sa på repeat i hovudet mitt?
Ord, som er sagt for lenge sidan. År sidan.
Kvifor har orda hennar, meininga hennar, blitt sanninga?
Meiningar, som ingen lenger bryr seg om.
Kvifor bryt ikkje heile verda saman av slike ord? Slik eg gjer.
Korleis kjem folk seg vidare? Slik eg ikkje gjer.
Orda festar seg, grev seg inn til hjarta mitt. Røskar i det. Skapar sprekker som blir større og større. Dei er berre ord. Berre meiningar. Men for meg blir det sanninga. Verkelegheitsbilete som alt surrar rundt. Kva eg meinar sjølv, kva resten av verda meinar, betyr ingenting. For det er sanninga.
Eg er stygg. Eg er dum. Eg er utan vener.
Ingen treng meg. Ingen liker meg. Ingen vil vera med meg.
Eg hater deg.
Eg hater stemma di og eg er drita lei.
Drita lei orda dine, som berre gjer vondt. Som aldri oppmuntre, som alltid trekke meg ned.
Ein dag skal eg klare det. Oversjå deg, argumentere for det motsatte, bli kvitt deg.
Ein dag skal eg ikkje stoppe og høyre etter på stemma di.
For egentlig veit eg det.
At du lyg.
At du ikkje er verdt det.
At eg ikkje trur på deg.
Sånn egentlig.

fredag 5. juli 2013
Kroppen
Alle fargane rundt ho
forsvinn.
All varme frå sola
flyg vekk med vinden
Hjerteslaga,
som før kjentes så sterke,
så raske, så varme.
No kan ho ikkje lenger kjenne dei.
Smila hennar,
som før berre kom,
som berre dukka opp på munnen.
Dei kjem sjeldnare no.
Dei må tvingast fram.
Tårene,
som før var gledestårer.
Dei svir. Dei er fulle av salt.
Kroppen kjennes tom.
Den kjennes forlatt.
Reist ifrå. Avvist.
Og sjølv om hjarta nektar å høyre,
sjølv om hjarta framleis vil slå,
forteller hjernen:
Kroppen har rett.
forsvinn.
All varme frå sola
flyg vekk med vinden
Hjerteslaga,
som før kjentes så sterke,
så raske, så varme.
No kan ho ikkje lenger kjenne dei.
Smila hennar,
som før berre kom,
som berre dukka opp på munnen.
Dei kjem sjeldnare no.
Dei må tvingast fram.
Tårene,
som før var gledestårer.
Dei svir. Dei er fulle av salt.
Kroppen kjennes tom.
Den kjennes forlatt.
Reist ifrå. Avvist.
Og sjølv om hjarta nektar å høyre,
sjølv om hjarta framleis vil slå,
forteller hjernen:
Kroppen har rett.
torsdag 20. juni 2013
Aleine att
No sloknar solbrannen ute.
Eldblomen bjart brenn ned.
Det mørknar alt. Du gjekk ifrå meg nyss,
og fela di tok du med.
Du spela, og under bogen
ustanseleg blomar spratt,
eg satt i eit endelaust blomeregn
- No kan eg ikkje finne dei att.
Er dei alt visne, alle?
Hell var det ikkje meg dei gjaldt?
Hell tok du dei med da du gjekk i stad?
- Helst har eg vel drøymt det, alt.
Halldis Moren Vesaas

fredag 7. juni 2013
Hjarta mitt
Det er utruleg kor mykje eit hjarte kan tåle.
Det bankar så ufatteleg sterkt, så raskt, at eg ikkje skjøner at det kan fortsette sånn utan å stoppe. Utan å få nok. Men det stoppar ikkje. Det bankar berre hardare, raskare. På veg ut av brystet.
Det er utruleg kor varmt eit hjarta kan bli.
Så fullt av kjærleik. Så fullt av begjær. Det kjennes som det skal brenne opp og bli til aske. At det vart for mykje kjærleik, for eit så lite hjarte. Men det fortsetter å brenne. Det varmar berre endå meir.
Det er utruleg kor kaldt eit hjarta kan bli.
Så kaldt at du kjenner det i resten av kroppen. Så kjenslelaus. Utan styrke til å hjelpe resten av kroppen. Det verkar som det skal forvitre. Skal knusast av kulde. Men det er der, framleis like kaldt.
Det er utruleg
at dette er mitt hjarte.
Eit hjarte, eg ikkje visste fanns.

Abonner på:
Innlegg (Atom)