Eg har kome inn på barnevernpedagoglinja i Sogndal.
Eg er dritredd.
onsdag 22. mai 2013
fredag 17. mai 2013
17.mai tale
Kjære alle saman
Men med denne friheita vår kjem det eit ansvar. For når me
sjølv kan velje, sjølv kan bestemme kva me vil gjere med liva våre, så har me
også eit ansvar for å gjere rett, føre landet vårt, livet vårt i rett retning. Og
ikkje minst: Eit ansvar i å passe på at andre ikkje brukar friheita si til å
gjere noko vondt for andre.
I eit samfunn der presset på unge og ungdom er enormt, kan me bidra til at borna får eit positivt sjølvbilete og ein robust sjølvtillit med seg vidare i livet. Dei får ein tryggheit på seg sjølv, som dei tar med seg i møtet med noko ukjent og framand.
Gratulera med dagen!
I dag feirer me Noregs nasjonaldag 17.mai. For mange av oss
er dette blitt ein dag der me kan ete så mykje is me vil, drikke cola etter ein
fuktig fest i går eller få teste om bunaden framleis passar. Men for 199 år
sidan, i 1814, signerte riksforsamlinga på Eidsvoll grunnlova vår. Ei grunnlov som har vorte endra opp gjennom åra, forbetra og utvikla i tråd med samfunnet vårt.
Ein viktig del av grunnlova er friheit. Friheit for enkeltmenneske, friheit til å tru på kva gud du vil, eller ingen gud om du vil, friheit til å elske kven du vil, friheit til å sei kva du meiner, friheit til å vera deg sjølv - ta eigne val og ha eigne meiningar.
I dagens Noreg er me så heldige at dette er blitt ei sjølvfølge. Dei fleste av oss anar ikkje korleis det er å ikkje vera fri. Og i mange land er det uttenkeleg at eg, ei 23 år gamal jente, utan mann, skal kunne stå her på ein talarstol å sei meininga mi høgt ut, utan å vera redd for konsekvensane. Utan å bli såtte i fengel for det eller bli tvungen til taushet. Og i kveld kan eg kysse kven eg vil, mann eller dame, og foreldra mine treng ikkje godkjenna han eller ho eingong. Eg treng heller ikkje gå i kyrkja på søndag, fordi eg sjølv vel om eg vil tru og kva eg vil tru på.

Ein del av friheita vår er ytringfriheita. Retta til å sei
kva ein meiner. Ytringsfriheita er viktig og ha blitt eit symbol på utvikling
og demokrati. Men sjølv om ytringsfriheita er viktig, så er det samtidig vår
oppgåve å reagere dersom hatfulle eller diskriminerande meiningar blir fremma.
Det er me som må ta avstand og reagera dersom kompisen vår seier noko han ikkje
burde sei. Dette er ikkje alltid like lett, men viss me tar dette ansvaret kan
me unngå å leve i eit samfunn der "homse" blir brukt som skjellsord.
Eller i verste fall, der nokre blir utsatt for vald pga. legninga deira,
meininga si, trua si eller hudfargen sin.
Feiringa av nasjonaldagen i Noreg er unik og me feirar den
med barnetog istadenfor militærparadar, som mange andre land. Denne flotte og
fredelige måten å feira nasjonaldagen vår viser Noreg på sitt aller beste. Men den
siste månaden har nok ein gong flaggdebatten kome på bane igjen, som den gjer
kvart år på denne tida. Dette året vart debatten utløyst etter at små born
hadde laga sine eigne flagg, med det norske flagget på eine sida og eit anna
land sitt flagg, der foreldra eller dei sjølv kom ifrå, på den andre sida. Uskyldig
og eit stort teikn på friheit. Altså ein av dei store grunnane til me feirar
17.mai. Å kunne sei kva ein meine, tru på det ein vil, og ha same rettigheiter som
alle andre, uansett kvar ein kjem ifrå.
Når eg les og høyrer alle motstandarane til desse små flagga, så spør eg meg sjølv: Kva er det me er så redde for? Kva er det med desse borna og desse flagga som gjer oss så utrulig redde?
Når eg les og høyrer alle motstandarane til desse små flagga, så spør eg meg sjølv: Kva er det me er så redde for? Kva er det med desse borna og desse flagga som gjer oss så utrulig redde?
Eg trur redsel er rota til mykje vondt. Redsel hemmer deg.
For eksempel sånn som i dag, så hadde eg ikkje stått her og halde 17.mai tale,
sjølv om eg har veldig lyst, viss eg lot redselen ta øvehand. Redsel for kva
andre vil tenke om meg, redselen for kva som kan gå galt. Men redsel ramme og
eit samfunn og den er rota til fordommar, altså forhandsdømming av
menneskegrupper, basert på etnisk bakgrunn, kjønn, sosial klasse, alder,
religion, seksualitet eller funksjonshemming. Og redsel og fordommar blir skapt
av manglande kunnskap og av manglande trygghet i oss sjølv og Noreg som nasjon.
Denne redselen er livsfarlig, den true samfunnet vårt. Dersom denne
framandfrykta tar overhånd vil den hemme oss som samfunn og som vil gjera Noreg
til noko heilt anna enn alt det fine me feirer i dag.
Me ser det i debatten om Rom-folket, der Per Sandberg frå Frp
hadde ein uttalelse om at me burde stoppe romfolket med grensa, grunna deira
etnisitet. Fordi dei mest sannsynleg, fordi dei er Rom-folk, kom til å gjere
lovbrudd og ikkje bidra positivt i Noreg. Dette er rasisme og dette er
meiningar me må slå ned på. Det var slike meiningar som spira opp på 1800-1900
talet og som tilslutt utløyste nazismen og andre verdskrig. Noreg har hatt
jødeparagrafen i si grunnlov, opp til fleire gongar. Den stoppa alle jøder i å
kome inn i landet. Jødar som berre stal arbeidet til nordmenn og som dyrka feil
religion. Det er skremmande å sjå liknande retorikk i dagens debattar om
innvandrarar. Det er skummelt å sjå fordommane og alle som allereie har bestemt
seg for at dei er "sånn og sånn". Er det eit slikt samfunn me vil ha?
Då eg var i Israel i sumar, fekk eg sjå eit samfunn som nærmast
er bygd opp på mistenksomheit og redsel. Noko som er ganske forståelsesfullt og
ein naturleg reaksjon etter all sjølvmordsbombing og terror som landet har
opplevd. Den enklaste løysninga vart brukt. Å bygge ein mur, der den skumle
folkegruppa vart stengt inne. Å installere metalldetektorar på kvar kino, kvart
kjøpesenter, kvar butikk. Å setje ut fullt av vepna soldatar i gatene. Å
arrestere alle som ser mistenkelege ut. Dei som ser Arabiske ut.
Terrorisme og vald må sjølvsagt slås hardt ned på. Det er
heilt uakseptabelt og ingen fortene å bli utsatt for noko slik, men blir me
kvitt terrorisme med å stenge alle skumle mennesker ute? Blir me kvitt
terrorisme med meir mistenkeliggjering? Med meir vald? Det minner meg om då eg
jobba frivillig i ein barnehage i Sør Afrika. Barnehagetanta skulle straffe
borna og tok ein og ein fram for å slå dei hardt på kinnet. Då me spurde kvifor
dei vart straffa og kvifor ho slo, så sa ho: Fordi dei slo kvarandre og det er
ikkje lov.
Det gjer inga meining. Alt som skjer er at ein skapar ein ond sirkel.
Det gjer inga meining. Alt som skjer er at ein skapar ein ond sirkel.
Eg har sett korleis palestinarar blir behandla i Israel og
desse menneska som blir mistenkeliggjort og ydmyka kvar dag, berre pga. av
etnisiteta si, blir sakte men sikkert terroristar. Dei får ei kjensle av
håplaushet, av urettferdigheit og utestenging. Og avstandane mellom folket blir
større. Ingen har noko med kvarandre å gjere. Og frykta veks. Og redslen bind
seg fast i samfunnet, som noko naturleg. Sjølvmordsbombinga har minska med
muren, men hatet, redselen og ekstremismen har økt. Eit hat og ein ekstremisme
som kjem til å eksplodere ein dag. Dette samfunnet utan samhandling, dialog
eller tillitt skapar splid, krig og terrorime. Istadenfor felleskap, fred og
kjærleik. Me må ikkje vera redd for det ukjente, me må ikkje stenge ute det
ukjente, men gjere stikk motsatt. Møte det framande, prøve å forstå deira
situasjon og ynskje dei velkommen inn.
Som Audun Lysbakken skreiv i ein kronikk i går: Det er fullt
mulig å vera glad i landet sitt og samtidig vera glad i andre.
Eg hyv med Israel/Palestina situasjonen i dei fleste
samanlikningar eg tar. Heldigvis kan me nevne eit flusst ulikheitar mellom
deira situasjon og vår situasjon i Noreg. Eg veit at me er flinke å ynskje folk
velkommen og eg veit at me er flinke til å inkludere og ta vare på kvarandre i
bygda vår.
Haus er ei bygd fullt av enorme ressursar. Ikkje i form av
olje, gass eller gull, men i form av menneske fulle av engasjement. Fotballbana
er i bruk kvar dag, med eit flusst av trenarar, vaffelsteikarar og supportarar på
kvart lag. Ungdomshuset har ikkje ein einaste kveld eller fleire rom ledig, Musikklaget
speler og stiller opp på alle arrangement, Speidarane styrer på med kano og
bålbrenning både her og der, og så mykje mykje meir. Haus har blitt ei bygd der
det er eit tilbod for alle. Ikkje berre for borna som spring raskast i klassen.
For det er lett for å bli resultatfokusert. Eg kjenner det
sjølv, som teaterinstruktør for 4.-7.klasse i Mjeldalen. Det er lett for å
fokusere på heilt feil ting. Nemlig at alt skal vera perfekt, at ungane skal
gjere alt riktig og at resultatet er viktigast. Alt dette er heilt på tryne og
heldigvis så forsvinn desse perfeksjonist-tankane vekk med ein gong eg ser
gleda og mestringskjensla i borna. Born som kanskje slit på skulen eller i
andre samanhenger og som på teateret kjenner mestring for fyrste gong. Eller rein
glede over å ha funne noko som dei vil driva med. Når eg ser utviklinga hjå
bornet, Ikkje berre på scena, men som person, at sjølvtillitta veks sakte men
sikkert. Så er det det som betyr noko.
Eg trur dette er det viktigaste oss vaksne som er rundt born kan gjere. Skape sjølvtillitt og fokusere på gleda og mestringskjensle, istadenfor flest mål, flest knytte knutar eller den reinaste og klaraste songstemma.
Eg trur dette er det viktigaste oss vaksne som er rundt born kan gjere. Skape sjølvtillitt og fokusere på gleda og mestringskjensle, istadenfor flest mål, flest knytte knutar eller den reinaste og klaraste songstemma.
I eit samfunn der presset på unge og ungdom er enormt, kan me bidra til at borna får eit positivt sjølvbilete og ein robust sjølvtillit med seg vidare i livet. Dei får ein tryggheit på seg sjølv, som dei tar med seg i møtet med noko ukjent og framand.
Og dette gjer trenarar, instruktørar, lærarar, foreldre og andre
vaksenpersonar i Haus kvar einaste dag. Fotballklubben fokuserer på at alle er
velkommen og at alle skal få spela, samtidig som speidaren, skulemusikken,
ridesenteret på rolland og ungdomslaget gjer alle ein mulighet til å finne noko
dei likar. Det er fantastisk!
Dei fleste her er vel enige med meg om at Haus er den flottaste bygda på Osterøy, men det betyr likevel ikkje at dei andre bygdane på Osterøy e så mykje verre. Eg har tru på ei positiv framtid for Osterøy, både som samfunn og som kommune. Full av flotte ungar, ungdom, vaksne og eldre. Men ei av dei største utfordringa i kommunen er felleskap. Å møte framtida saman som Osterøy og ikkje som kvar enkelt bygd. Det er at på valestrand støttar boligfelt her på Åsheim. Det er at me i Haus støttar utviklinga på Valestrand og kanskje til og med blir glade dersom Valestrand/Hjellvik rykker opp ein divisjon. Det er at folk frå Hamre ikkje berre kjempar for sin eigen skule, men òg for Bruvikskulen. Det er at me ikkje berre bryr oss når noko skjer med oss og vår lille bygd, men òg kva som skjer rundt oss på Osterøy. At me vil kvarandre godt og støttar alt det positive som skjer på øya.

I den store samanhengen er me berre menneske, som lever våre
eigne liv. Med ungar, tidsklemma og svarte kunstgrasknottar over heile
badegolvet. Me trur kanskje ikkje sjølv, at me gjer den store forskjellen. Men val og ansvar me tar kvar einaste dag, forme
samfunnet vårt. Nett som ein stemmeseddel ved stortingsval, som kan verke
liten, men som likevel har stor betydning. Eit ord, ein handling banar veg. For
me er frie menneske og me kan sjølv bestemme kva samfunn me vil leve i. Me kan
sjølv velje å setje fokus på dei rette tinga, velje å bringe vidare gode
verdiar til neste generasjon, motivere og gje sjølvtillit til borna og renske
ut all redsel og fordommar for det ukjente.
Og det er dette me bør fokusere på.
Og det er dette som avgjer Noregs fremtid.
Ikkje eit utenlandsk flagg i eit 17.mai tog.
Og det er dette som avgjer Noregs fremtid.
Ikkje eit utenlandsk flagg i eit 17.mai tog.
torsdag 16. mai 2013
When I need you
But when I need you
You're almost here
And I know that's
Not enough
And when I'm with you
I'm close to tears
'Cause you're only almost here
You're almost here
And I know that's
Not enough
And when I'm with you
I'm close to tears
'Cause you're only almost here
fredag 5. april 2013
Det oooordner seeeeg
Av ein eller annan grunn har eg, når det kjem til praktiske ting, blitt ein "det ordnar seg" person. På alle andre stadar i livet er eg det stikk motsatt. Tenker katastrofe og "DET ORDNAR SEG IKKJE" på det meste, men akkurat med sånne ting som plutselig har dukka opp no når eg bur for meg sjølv, så gjeld det ikkje. Det er kanskje at eg ikkje slappar av andre stadar, så eg tar all avslappinga på dette punktet. Men det skapar problem og uforutsette kostnadar.
Dette gjeld for eksempel rekningar. Eg sleng dei i haugen og tenkar: "Jada, det ordnar seg", heilt til eg får ein purring og eg tenkar: "Kva, ordnar det seg ikkje?". Eg hyv den i same bunken og tenkjer: "Det ordnar seg", heilt til inkassovarselet kjem og eg innser at eg må betale 200 kroner meir grunna latskap og "det ordnar seg" tenkinga mi.
Dette gjeld parkeringsplassar. Det er ein halvtime igjen av betalingstida, men eg tenker "Det ordnar seg" og betaler ikkje på automaten. Heilt til eg kjem tilbake og det ligg ein jævla gul lapp på ruta. Eg hyv den i rekningbunken og tenker "Det ordnar seeeg". Og så... (ja, du skjønar regla).
Dette gjeld avlysning av timar som ikkje passar. Psykologtime (jævla dyrt), tannlege time (jævla dyrt), møte om ny jobb (kunne fått peng). Eg får innkallinga og tenker: "Den timen passar ikkje, men det ordnaaaar seeeg". Heilt til eg får rekning, hyv den i rekningbunken, og ja. Du skjønar regla.
KVA SKJER MED MEG LIKSOM?
KOR MYKJE PENGAR BRUKER EG PÅ DENNE DRITT-TANKEN?
TONE - DET ORDNAR SEG IKKJE!
DU MÅ GJERE DET SJØLV!
DET ER INGEN SOM GJER DET FOR DEG.
DU BUR ÅLEINE.
DU BUR ÅLEINE NO

tirsdag 26. mars 2013
Du får ikkje leve lenger
Eg fann eit dikt eg skreiv då eg var rundt 18-19 år. Eg har omformulert meg litt og endra det til nynorsk. (offcourse). Hadde tydeligvis ei bokmål-periode i diktinga mi.
Diktet kjem iallefall frå ei tid då den harde verkelegheita var så hard som den kunne vera. Då urettferdigheita råda og håpet svann.
Du får ikkje leve lenger
Du har fått nok
solnedgongar.
Har nokon bestemt.
Sjølv om du synst
kvar einaste ein er forskjellig
Du har fått nok
kjæreleik.
Har nokon bestemt.
Sjølv om du treng det sårt.
Du har fått nok
tid.
Har nokon bestemt.
Sjølv om tida renn ut
Sjølv om den ikkje strekk til
Du har fått ditt liv
og det endar her
Sjølv om det einaste
du ynskjer er
livet
Dommen er satt
Valet er ikkje ditt
Du får ikkje leve lenger
TM 2008

mandag 18. mars 2013
Deg
Eg vil berre ligge her
Ligge her,
til eg ser deg igjen
Eg vil berre sitte her,
Sitte her,
til du kjem inn døra
Eg vil berre draume,
draume om deg,
til eg er med deg igjen
Eg vil berre vente
Vente her
Vente på deg
Ligge her,
til eg ser deg igjen
Eg vil berre sitte her,
Sitte her,
til du kjem inn døra
Eg vil berre draume,
draume om deg,
til eg er med deg igjen
Eg vil berre vente
Vente her
Vente på deg
fredag 8. mars 2013
Kjære farfar
Du har vore gamal så lenge eg har kjent deg, du var 70 år då eg vart fødd.
Likevel så var du aldri gamal til sinns eller kropp. Du sykla til butikken,
hadde moderne meiningar og ynskja deg mobiltelefon. Du var alltid opptatt med
eit eller anna prosjekt. Du var ein liten Petter Smart, som såg oppfinningar
overalt.
Huset ditt var alltid opent for oss som ville kome på besøk.
Uansett om me kom frå alta, oslo eller nabohuset. Me var alltid velkommen,
uansett om me berre ville ha sjokolade og brus eller fordi me trong
overnatting. Du kom i alle bursdagsbesøk og innleda diskusjonar med alle om
alt. Din kunnskap kunne ingen slå. Men du var aldri den som hang i fortida. Du
var ikkje den typen som meinte at "alt var betre før". Du var glad i
utvikling. Glad i teknologi og du meinte verda utvikla seg til det betre. Du
har aldri vore ein farfar som blanda seg bort i livet me har levd med inngrodde
meiningar. Du har godtatt oss som me er og det me har gjort.
Kjære farfar.
Du skulle liksom alltid vera her. Du skulle ikkje forsvinna frå oss. Du skulle
ikkje dø. Det er rart. Det er uvant og det er trist. Familien sin bauta har
gått bort og me står igjen utan heilt å fatte det. For sjølv om du var heile 94
år, så skulle du no iallefall bli 100.Kjære farfar
Men Kjære farfar
Det er eg som skal takke deg. For det fyrste: Takke deg for livet. For utan deg
så ville eg faktisk ikkje vore her i dag. Og det e eg som skal takke deg for den flottaste tanto og dei flottaste onklane ein nåken gong kunne fått. Fulle av godheit og omtenksomheit. Og da e eg
som skal takka deg for verdens beste pappa. Ein pappa som alltid stiller opp og som
alltid bryr seg. Da veit eg han har etter deg.
Me er utrulig stolte
av deg. Alt du har gjort. Alt du har fått til. Alt du har bidratt med. Og ikkje
minst: måten du har takla livet på,
uansett kor mange utfordringar du har fått. Du har ikkje sett vitsen av å dvela
med fortida eller dei vanskelege tinga.
Me lover at me skal ta deg, det du har gjort, og korleis du har vore med oss vidare i liva våre. At me skal føre engasjementet og godheita di vidare.
Me lover at me skal ta deg, det du har gjort, og korleis du har vore med oss vidare i liva våre. At me skal føre engasjementet og godheita di vidare.
Og me vil aldri gløyma deg. Men me vil alltid sakna deg.
Kvil i fred, kjære farfar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)