onsdag 25. juli 2012

Ansiktet ditt

Ansiktet ditt
Det er som klistra
på augene mine

Du smilar
Du smilar lurt

Ansiktet ditt
Eg ser det alltid

Du ser tilbake
Du ser på meg

Ansiktet ditt
Ditt fantastiske ansikt
Det er med meg
Over alt

Kvar enn eg går
eller kven eg møter

Du er der
Du går ingen veg

Ansiktet ditt
Det trøystar meg
Når eg skulle ynskje
Når eg alltid ynskjer

At eg var med deg



søndag 22. juli 2012

På kanten

Eg står her
på kanten av stupet

Sjølv om tryggheita
Livet med beina på bakken
er bak meg

Så vil eg hoppe

Sjølv om fornufta er der
Sjølv om alt er lagt til rette
og planlagt

 Så vil eg hoppe

Eg vil ikkje snu meg
Eg vil ikkje høyre
For eg ser framtida
der nede

Der nede i mørket

Mørket er skummelt
Utan ein einaste garanti
Men det overvelder meg
av kjensler
av kjærleik

Noko eg aldri før har kjent

Eg står her på kanten
av stupet
Og eg veit
at valet må tas

 Eg vel
og hoppar ned

 I mørket

lørdag 16. juni 2012

Sommarferie i Israel/Palestina

Flybilletter er bestilt og jaggu reiser eg i morgon kveld. Då starter reisa saman med Silje, mot det hellige landet. Landet der fiender lever side om side, i ein spent kvardag. Landet der ulike folkeslag og religioner lever fredelig, som naboar. Landet der tradisjon møter modernitet. Det unge landet, med sin tunge historie. Der grunnane til konflikt er mange. Israel. Ei av røttene til mange av konfliktene i Midtausten.

Følg med på bloggen vår:

http://toneogsiljepaatur.blogspot.no/

onsdag 13. juni 2012

Learning to live



I keep my head on straight
And my eyes wide open
I try to move forward
Wishing and hoping
I took a hold of myself
In the middle of November
Don’t you look back now
Is all I can remember

I feel like I’m leaving
Like I’m leaving home
Like the clouds are parting, and I’m not alone

I’m learning to live
Living to learn
Starting to sing my song
Right, or wrong
Breaking away
Setting me free
Free to be, my own me
I’m learning to live

I got my vanity crisis
From my beautiful mother
I’m not gonna go there
I’m anything other
Take another deep breath now
It’s just one more hurdle
I’m breaking this line
Before it comes full circle

I feel like I’m leaving
Like I’m leaving home
Like the clouds are parting, and I’m not alone

I’m learning to live
Living to learn
Starting to sing my song
Right, or wrong
Breaking away
Setting me free
Free to be, my own me

I found a place, where I can lay my shit down
Somewhere that I can finally be myself - be myself

I’m learning to live
Living to learn
Starting to sing my song
Right, or wrong
Breaking away
Setting me free
Free to be, my own me

I’m learning to live
(Living to learn)
(Starting to sing my song) living to learn
(Right, or wrong)
I’m breaking away
Setting me free
Free to be, my own me
I’m learning to live


Beth Hart

Dagen og natta

Det er ikkje så lurt
å sitte vaken om natta
Alt som var lyst på dagen
Blir mørkt, mørkt som natta

Det som var så berusande deilig
blir så uendelig skummelt og farlig

Det som syntest så trygt 
blir plutselig ein risikosport

Om dagen ser ein alt klart
Om natta, blir alt så uklart
Så vanskelig å sjå

Ei avgjering gjort på dagen
Blir tvilande om natta

Kva driver eg egentlig med?

Nei, det er ikkje så lurt 
å sitte vaken om natta
Plutselig kan livet snu
Det kan gå frå
lyst til mørkt
Frå vakkert til stygt
Frå godt til vondt

Berre på grunn av natta


fredag 8. juni 2012

Kortid, visst ikkje no?

Eit fabelaktig dikt av Linda Fosse! 
Kanskje fordi eg er akkurat der for tida. Det er på tide å leve draumen folkens:

onsdag 6. juni 2012

Natta

Kvifor er verda
så uendelig stille
Utanom fuglane
Dei syng

Til og med om natta

Kvifor er verda
så uendelig stille
når eg treng ein lyd
når eg treng ei rørsle

Midt på natta

Kvifor er verda
så uendelig stille
når den ellers bråkar
når den alltid bråkar
ellers

Men ikkje om natta

Kvifor er verda
så uendelig stille
når eg sitt her
åleine

Om natta