onsdag 13. juni 2012

Dagen og natta

Det er ikkje så lurt
å sitte vaken om natta
Alt som var lyst på dagen
Blir mørkt, mørkt som natta

Det som var så berusande deilig
blir så uendelig skummelt og farlig

Det som syntest så trygt 
blir plutselig ein risikosport

Om dagen ser ein alt klart
Om natta, blir alt så uklart
Så vanskelig å sjå

Ei avgjering gjort på dagen
Blir tvilande om natta

Kva driver eg egentlig med?

Nei, det er ikkje så lurt 
å sitte vaken om natta
Plutselig kan livet snu
Det kan gå frå
lyst til mørkt
Frå vakkert til stygt
Frå godt til vondt

Berre på grunn av natta


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar