Ditt smil
Det varmer
Det når heilt inn til hjarterota
Det er varmt, men samtidig
utfordrande, tullete
Smilet ditt
Det gjer meg mo
Mo i knedna
Mo i kroppen
Eg klarar ikkje
stå i ro
Smila dine
blender meg
Gjer meg lamma og forundra
Du gjer det med meg
Ditt smil til meg
Det kan ikkje forklarast
Kan ikkje smilast vidare
Det er smilet ditt
til meg
<3
Copyright
Tone Mjelde
mandag 26. september 2011
onsdag 24. august 2011
Konsekvensar!
Hausvik FK er aktive på facebook og har no fått si eiga heimeside. Eg har sett på dette som positivt. Berre positivt, ingenting anna. Kva skal vera negativt med det? Hausvik får fleire tilhengarar, fleire folk på kampar og meir blest rundt seg. Hausvik er på veg opp og folk byrjar endelig å sjå oss!
For 15 dagar sidan lagde eg hendinga, i Hausvik FK sitt navn på facebook; "Hausvik G19-Minde". Eg skreiv at på bortekampen hadde det vore mykje drittslenging og Hausvik hadde tapt 7-1. Dei trong supporterar og all støtte dei kunne få. Eg prøvde å få flest mogleg publikum. Kommentarene kom frå Hausvik spelarane, f.eks at dett kom til å bli "hefti", "ein artig kamp", "me henter trakoren" osv. "Faens minde dritt" kom frå andre lag på Osterøy som også hadde spelt mot Minde tidligare. Eg fjerna det ikkje, tenkte ikkje at nokon andre kom til å få sjå dette... Tenkte ikkje på konsekvensane. Plutselig oppdaga Minde spelarane hendinga og då byrja dei alvorlege truslane og hetsinga å kome. Ein trussel frå ein Minde spelar var f.eks: "Nå setter pappaguttene fra seg champagnen og kler seg med våpen. Nå skal det drepes". Ein alvorlig trussel, som vart fjerna med ein gang den vart oppdaga. Sjølv om eg fjerna den, så skjønte eg ikkje at dette var alvor. Eg såg på dette som ord, ord frå ein liten pappagutt. Men dette var ein trussel. Dette var trigging, som kunne utløse ein situasjon. Jo fleire hatmeldinger og truslar som kom (som eg ikkje klarte å halde følge med og fjerne med ein gong), jo fleire publikum skulle det komme på kampen.("deltek" knappen på facebook) For det er slik me er. Me menneske. Me søker action og spenning i kvardagen, og ein fotballkamp blir plutselig litt meir spennande når det er snakk om ein liten supporter" krig "i tillegg.Ingen ekte krig, men krig i form av ord.
Halve bygda møtte opp. Eg har faktisk ikkje sett så mange vera på Haus Idrettsplass før. For ein juniorkamp. Eg var i ekstase. Hausvik juniorer vann til slutt 4-2 etter ein forrykande fotballkamp, der dei i vår tapte 7-1. Folk storma bana i glede! Kiosken hadde over 3000kr i overskudd og dagen min var heilt fantastisk. Eg og systera mi entra døra heime med "HEIA HAUSVIK" sang for mamma og pappa. Detaljer frå kampen vart forklart. Mons Helge, broren min som speler på laget, kom heim og me tok alt om igjen. TENK at me viste dei sosseta bygutta kor bra me frå Haus på Osterøy er! Eg var så stolt! Eg var så glad! Hausvik er på gang!
Der endte gleda. Fyrst blålys frå ambulansen borte i vegen og så politibilen like etter. Ka i helvette som skjer? Me var sikker på at det var keeperen til Minde som ikkje hadde tålt den siste trøkken. Eg ringte Sigve og fekk svaret. Nokre frå Osterøy hadde slått ned Minde spelarar. Det var heldigvis ingen Hausvik spelarar som var involvert. Men likavel. Nokon, nokon frå Osterøy, hadde slått ned Minde spelarar... på ein juniorkamp... på Haus Idrettsplass.... På nye Haus idrettsplass!

Eg skjøner det no. Facebook er farlig. Internett er farlig. Ting ein skriv er ikkje berre ord. Kampen vart hussa opp i skyene på facebook og spelarane var klare for "krig". Publikum var klare for "krig". Nokon, som ikkje var der for fotballen sin skyld, hadde fått dette med seg og møtte opp. Klare for krig. Krig utanfor fotballbana. Ordentlig krig.
Eg skreiv om drittslenginga i forrige kamp. Eg byrja. Eg slo ikkje hard nok ned på det som skjedde. Eg såg ikkje ringverknadane. Eg er medskyldig. Eg skjønte det ikkje.

Men no veit eg det: Facebook er farlig!
tirsdag 5. juli 2011
Eg vil leve
Eg vil leve til
Eg kjenner eg er
lei av å puste
Eg vil leve til
Eg ikkje lenger føler
At det er noko å miste
Eg vil leve til
Øyrene og augene
Har sett og høyrt det meste
Ja, eg vil leve til
Kroppen er klar
For det neste
Eg vil leve til
Verden har blitt
Ein betre stad
Til all urett
Er borte
Og eg kan seie:
”Kva var det eg sa?”
Eg vil leve til
Den dagen eg fornøyd
Kan sjå tilbake
Når eg kan
Godta alle feil og
På sjølvsikkerhet smake
Ja, Eg vil leve heilt til
Eg sjølv seier ”kutt”.
Til eg sjølv bestemmer;
No er det slutt.
Copyright
Tone Mjelde
tirsdag 19. april 2011
Påsken - Jesus, jobb og alkohol
Eg vil starte innlegget mitt med å takke Jesus, eller rettare sagt dei som oppfant Jesus. Utan dykk hadde me ikkje hatt påske eller jul eller sånne fridagar. Eg vil takka staten som ikkje gjer det dei burde gjere, næmlig å skilje seg frå kyrkja, men som fortsetter å la oss ha desse helligdagane, som gjer ufattelig bra for kropp og sjel.
For meg har påsken "alltid" betydd jobb (med overtid) og eit stort alkoholinntak etter jobb. I år har eg måtte roa meg ned og berre kunne sett på påsken som ei slags langhelg, med sålangt lite jobbing og lite alkoholinntak, men med lesing og student tankar. (Student tankar er liksom sånn: "hjelp, eg ligg langt etter", eller "hjelp eg har ei oppgåve som skal inn rett etter påsken" + + + ) Noko som er ei ny verd for meg. Eg og Carina satt faktisk, nermast heilt aleine (utanom ein nerd eller to), på HF biblioteket i nokre timar i går. Det er då ein innser at noko er hakkande gale. Det gjekk ikkje lenge før me gjekk på shopping istadenfor (med mamma si lommebok<3).
Slankekrigen ja. Den går det jo så som så med. Eg har innsett at å belønne seg sjølv med gotteri og brus kvar dag ein står tidlig opp ikkje har dei beste helsekonsekvensene. På to veker har eg gått opp 0,5 kg og kan vel egentlig sei at eg har fortent det. Ikkje har eg trent heller... Korfor? Fordi det er forferdelig forferdelig forferdelig forferdelig KJEDELIG! (Carina seier at ho fortsatt ligg på det samme (altså minus 6,0 kg) men eg trur ho ikkje).
(No begynner eg igjen:)
HERRE JEMEN! EG ER SÅ UFFATTELIG LEI SLANKEMAS OG TRENINGSMAS! Er det berre meg, eller er det berre det folk snakkar om for tida? Eg har aldri opplevd ein så hysterisk befolkning nokon gong! Neida, eg seier ikkje at eg ikkje er like hysterisk, men eg ser det iallefall sjølv og prøver å kontrollere maset mitt i motsetning til alle andre. Uansett kvar ein er så er det eit jævlig mas. Facebook e full av slanke og treningsmas ("Sliten, men god i kroppen etter ein time spinn"), dersom ein er på fest så er det berre snakk om slanking og treningsmas ("Denne ølen er det ** kallorier i. Får sjå kor mange det er i din då"), og etter ei jobbehelg på Kiwien er nesten øyrene ødelagt etter alle unnskyldningar som kunder kjem med når dei kjøpe seg ein liten sjokolade eller to. "Huff. Eg burde ikkje kjøpt dette, men eg klarer ikkje å stå imot", "Det er ikkje til meg alt sammen altså", "Hjelpe meg. Så mykje snop på ein gang. Heldigvis er det spinning på mandag".
HERREGUD! . Eg bryr meg midt opp i ræve kor mange sjokolader du et. Det er helg. Ta deg ein sjokolade for faen! Da værsta e at du e tynn som ein fyrstikk og treng ein sjokolade eller to!
Kortid vart me så jævlig redd for å vera usunne og "uperfekte"? Kortid vart det store idealet å vera lik alle andre? Det ligg faktisk ikkje for alle å trene 4 ganger i veka. Nokon burde faktisk drive tida si med noko anna, som å redde verda og sånn.
Her er reklamar frå vekas (tragiske) Se og Hør (som eg egentlig boikotter, men avogtil les gratis på jobb):

Faen heller! Ta deg ein sjokolade, nokre øl, og tenk heller på noko viktig i påsken! Og ikkje minst, som mine kollegaer på Kiwi ofte får høyre av meg: Ro deg heilt forbanna ned!

tirsdag 1. mars 2011
Depresjon og lavkarbo!
Så var denne dagen gått og eg sitt med ein kjensle av å ikkje ha gjort ein dritt, også i dag. (I tillegg brukar eg tid på å skrive eit innlegg, istadenfor å desperat lese pensum som eg burde lese for ein evighet sidan).
Egentlig burde eg vore supernøgd sidan eg faktisk fekk meg opp av senga i dag tidlig. Eller dei fleste vil ikkje kalle 8.30 tidlig eingong (dei har problem), men de ane ikkje kor mykje eg sleit med meg sjølv i dag tidlig. Eg høyres forferdelig lat ut, men eg er ikkje det. Eller jo. Kanskje eg er det, men eg vil ikkje vera det. Det er ikkje det at eg er trøytt som er problemet, å vera trøytt er litt godt egentlig. Det er psyken.
Eg skjønar ikkje på meg sjølv. Det er som om eg er to forskjellige personar, som skiftar mellom å vera overlykkelig til sjukleg deprimert. Om kvelden er, som oftast, livet bra og eg har store planar for morgondagen, veka, månaden, året og resten av livet. Ja, med unntak av angstliknande tankar om døden og "kva er meininga med livet" tårer, som eg reknar med dei fleste har i ny og ne (Iallefall eit par gongar i veka...Heilt normalt trur eg). Uansett! Når vekkerklokka ringer om morgonen ser eg ingen meining med livet, ingen grunn til å stå opp og drøymeverda verkar så ufattelig mykje betre enn verkelegheita. (Noko den som oftast også er). Motivasjonen er på bånn og sjølv om eg veit at dagen kan bli bra berre eg står opp, så vinn senga som oftast. Det hjelpe ikkje at eg satt ein laurdagskveld, søkte på "depresjon" på Google og fann ut at eg også er ein hypokondar (Burde forsåvidt skjønt det når eg spurte mamma om ho kunne kjenne på ein "kul" i brystet mitt for nokre veker sidan, og seinare på halsen etterfulgt av hudkreftundersøkning på ein føflekk.... Eg synst framleis det er ein kul på halsen forresten).
Dette valdsomme kjensleutbrotet ovenfor seier vel litt om korleis det går med slankinga: rævvaaaa dårlig! (for min del)
Carina er komen heim frå syden og jada jada. Der var ho vinnaren gitt! Ho har gått ned tilsaman 5,3 kg, mens eg har gått ned 2,6 kg. Ho har dermed vunnet kampen om å vera 5kg lettere. Då e me ferdig liksom..? Neida. Me har økt målet til 7 kg berre for å gjera meg endå meir mislykka, deprimert og desperat.
Ja, når me snakke om desperat: I dag satt eg under forelesning og kritiserte den populære lavkarbodietten ("kan ikkje skjønna at folk gidd liksom", "trur ikkje litt på at det virker")og endte opp med å gå heim og bestille ei bok som handlar om nettopp lavkarbo dietten og lavkarbo oppskrifter.
Eg e ein hyklar!

søndag 13. februar 2011
Mind your own business!
Eg har aldri vore så flink til å snakke for meg eller reagere spontant med ein god kommentar i offentligheita. Nokre av deko ristar litt på hovudet no, men det er berre fordi eg kjenner dykk alt for godt og fordi eg slappar av og dermed blir flinkare te å kome med ein slengkommentar i ny og ned. (Og forresten bussjåførsituasjonen som nokre av dykk kjenner til, men då var eg full... så den tel ikkje). Men sånn ellers så blir det mumling og halveis smiling, sjølv om eg har lyst å drepe personen. (Eg støttar ikkje vald, men du skjønar). Tenk viss eg kunne utrykke meg like sjølvsikkert og bra muntlig, som eg klarar skriftleg? Då skulle de få gjennomgå, de som alltid skal blande dykk inn i andre sitt liv og vera ein pest og ein plage!
For å gje eit eksempel skulle eg på ein aldri så liten kinotur i dag. Eg kjøpte sjølvsagt popcorn og brus, noko som er obligatorisk kinosnop. Så der stod eg med hendene fulle av popcorn og brus saman med Silje (som var utan noko snop som helst. Greit. Ein liten sjokolade, men herregud liksom) og jaggu skulle ikkje det kome ei ekkel halvegs gamal dame forbi og fortelle meg at "det er mye kalorier i den der vettu", mens ho peika på popcornen min. Kva gjorde eg? Joda, eg smilte og lo litt nervøst, mens eg egentlig hadde lyst til å skrike:
KA I HELVETTE? EG HAR GÅTT NED 2,3 KILO FAKTISK, DI GAMLE HURPE!
Kva skal denne kommentaren vera god for, kjære gamle dame? Fekk du det betre med deg sjølv eller trur du livet mitt vart så utrulig mykje betre etter den kommentaren? Trur du at eg plutselig vakna og såg ned på popcornet mitt og plutselig skjønte at: "Hey! Da e kaloriar i popcorn!" ?

GAD!
Sånne ting som dette irritere vette av meg. No verker det som om eg er veldig fornærma og sånn, og det er eg forsåvidt også, men dette er altså meint sånn generelt sett. Kvifor har alle så ufattelige sterke meiningar om kva andre burde gjere og ikkje gjere? Eller for å sei det på ein annan måte, for eg har sterke meiningar om alle slags folk eg også, men eg prøver ikkje å påverke eller ytre min meining til den personen det gjeld (utanom denne gamle dama og eit fåtal av andre ... greit, kanskje ein god del andre). Eg trur det må enda eit eksempel til for å få fram det eg meiner:
Eg såg eit abort program eller rettare sagt eit antiabort program på tven ein kveld. (Faktisk ein laurdags kveld. FML) Det var ein dokumentar som viste alle antiabortorganisasjonane i USA. Eg trur det er rundt 600 abort klinikker i USA og samtidig 4000 hysteriske antiabortorganisasjonar. Ka skjer liksom? Desse demonstrantane eller ekstreme antiabort folka står blant anna altså utanfor ein abortklinikk frå 6 om morgonen til seint på kvelden for å stoppe dei som går inn og skal utføre ein abort. Dei stoppar dei med løgner og falske bilder berre for å overtale dei "aborttrengande" om at dei har rett. Og for all del. Kanskje dei har rett. Kanskje abort er ein forferdelig ting. Men kan ikkje dei leve med denne vissheita aleine og ikkje tru at dei har ein slags misjonerande rett til å prøve å få folk med seg på "si side", som sjølvsagt er den beste og rette sida. KVEN gav desse rett til å påtrenge si eiga tru på andre folk, berre fordi du trur at det er rett? Ååh jada. Me veit alle svaret: Gud sjølvsagt.
For når Gud seier det, så er det jo sjølvsagt riktig!

tirsdag 11. januar 2011
Like langt!
Då har det jaggu gått over 4 veker sidan eg og Carina starta slankekrigen oss i mellom, om å gå ned 5kg først. Dei to fyrste vekene gjekk det dårlig for min del, med kun -0,3 kg. Carina derimot: ned 1,3 kg.
Desse to vekene har eg sulta meg ihjel i vekene, men likevel kost meg nok i helgene (sjølv om eg åt ekle knekkebrød på jobb lørdagen, istadenfor min fantastiske ferdig pasta). Ein kan jo ikkje slutta å kosa seg. Den eine veka var jo tross alt romjul og nyttår. Men! Eg har trent! Sist veke trente eg 3 gongar på Osterøy treningssenter, der eg fekk "gratisveke" av sambuar Ida. (Eg besvimte nesten etter den eine spinningstimen og pappa, som vanlegvis ikkje blir flau over noko som helst, prøvde å snika seg ut mens eg låg halvdau øve ein spinningssykkel. Men uansett. Eg har trent).
Dette har gjort at eg har gått ned 1 kg på desse to vekene og er no nede i -1,3%. HURRA!
Carina har verken gått opp eller ned, noko som vil sei at ME ER LIKT! Let the game begin!
For dette vekttapet er det ein del eg må takka:
- Ida, for "gratiskortet" (eg tok hintet)

- Glenn Vik som på nyttårsafta (tydelig berusa) sa: "Eg ser du har gått ned 0,3 kg".
- Kristian Fjellanger, for si flotte bok: "FEIT-mitt liv som tjukkas". Den e inspirerande og god på ein rar måte! (kjøp her)
Eg må også retta ein takk til Therese, Ida, Synne og Malena som har satt viljestyrken min sterkt på prøve dei to siste dagane. Dei har vore over på spelekvelder i går og i dag, noko som tydeligvis betyr: "Me må også ete usunn mat samtidig". Mandag med pizza- og i dag med brownies laging i leiligheten. Så der satt eg med egg og knekkebrød. Gjekk heilt fint det.
Skyt meg!
Abonner på:
Innlegg (Atom)