tirsdag 11. januar 2011

Like langt!

Då har det jaggu gått over 4 veker sidan eg og Carina starta slankekrigen oss i mellom, om å gå ned 5kg først. Dei to fyrste vekene gjekk det dårlig for min del, med kun -0,3 kg. Carina derimot: ned 1,3 kg.
Desse to vekene har eg sulta meg ihjel i vekene, men likevel kost meg nok i helgene (sjølv om eg åt ekle knekkebrød på jobb lørdagen, istadenfor min fantastiske ferdig pasta). Ein kan jo ikkje slutta å kosa seg. Den eine veka var jo tross alt romjul og nyttår. Men! Eg har trent! Sist veke trente eg 3 gongar på Osterøy treningssenter, der eg fekk "gratisveke" av sambuar Ida. (Eg besvimte nesten etter den eine spinningstimen og pappa, som vanlegvis ikkje blir flau over noko som helst, prøvde å snika seg ut mens eg låg halvdau øve ein spinningssykkel. Men uansett. Eg har trent).
Dette har gjort at eg har gått ned 1 kg på desse to vekene og er no nede i -1,3%. HURRA!

Carina har verken gått opp eller ned, noko som vil sei at ME ER LIKT! Let the game begin!

For dette vekttapet er det ein del eg må takka:
- Ida, for "gratiskortet" (eg tok hintet)
- Glenn Vik som på nyttårsafta (tydelig berusa) sa: "Eg ser du har gått ned 0,3 kg".
- Kristian Fjellanger, for si flotte bok: "FEIT-mitt liv som tjukkas". Den e inspirerande og god på ein rar måte! (kjøp her)

Eg må også retta ein takk til Therese, Ida, Synne og Malena som har satt viljestyrken min sterkt på prøve dei to siste dagane. Dei har vore over på spelekvelder i går og i dag, noko som tydeligvis betyr: "Me må også ete usunn mat samtidig". Mandag med pizza- og i dag med brownies laging i leiligheten. Så der satt eg med egg og knekkebrød. Gjekk heilt fint det.


Skyt meg!


3 kommentarer:

  1. Komme deg i pysjen allerede kl. 14.23?
    Chips og dipp i måro? :P

    SvarSlett
  2. Humre humre. Du er vedunderleg.

    SvarSlett
  3. Pysj all day long offcourse!

    Eller: iqen min er for liten til å fatte korleis ein endrer klokkeslettet.

    SvarSlett