søndag 17. januar 2016

Fuckings heldige svin

Lukka vår er spredt ut over Noregs land.
Eg hadde hata oss så jævlig.

Godt eg kjenner til sorga.
Angsten.
Smerta.
Det me ikkje sprer. 

Godt eg veit kven me eigentlig er.

onsdag 4. november 2015

Berre ein bokstav

Eg fekk A på eksamen i dag. Det er fyrste gong eg har fått A på begge eksamena og dermed A som samla karakter i eit emne. Eg har jobba, håpa og drøymt om dette lenge og i dag skjedde det. Eg enda opp med å legge ut resultatet på Instagram, for å så angre etterpå. Skamfull over mi eiga lengsel etter bekrefting frå andre, når eg sjølv eigentlig berre kjenner meg tom.

For kva er det med desse bokstavane som set verdi på oss og fortel oss kven me er. Kva betyr dei eigentlig, kva seier dei om meg og om kva eg har i vente.

Bokstaven kan ikkje garantere meg ein jobb eg trivst i, gode vener eller lukke. Den kan ikkje garantere at eg kjem til å gjere ein god jobb, at eg ikkje vil gjere feil eller kjem til å angre på val eg har tatt. Den kan ikkje ta vekk vakne netter fulle av bekymring. Kan ikkje garantere at kjærasten min ikkje døyr i morgon eller at eg ein gong i framtida vil få born. Friske born. Glade born. Den kan ikkje skåne meg for livet, med sine opp og nedturar, som ventar på meg der framme. Nei, dei kjem uansett.

Bokstaven var god denne gongen, men neste gong vil den kanskje ikkje vera like god. Eg håper eg ser det same då. At bokstaven ikkje er meg, at eg ikkje er bokstaven.

At det berre er ein bokstav.

fredag 23. oktober 2015

Heime igjen

Korleis kan eg sove
Når eg veit du ligg vaken i eit eller anna land

Korleis kan eg slappe av
Når du sitt livredd i ein båt over havet

Korleis kan eg smile
Når tårene pressar på hjå deg
Når du prøver så godt du kan å halde dei tilbake

Korleis kan eg ete
Når bilete av svoltne deg går på repeat i hovudet mitt

Korleis kan eg klage
Når du ser noko positivt med det meste
Når du er så takknmelig for eit lite eple

Korleis vera glad igjen
Korleis leve normalt igjen
Korleis vera her igjen

Etter å ha møtt deg


tirsdag 8. september 2015

Eg kan sjå det for meg



Det som irriterar meg mest med denne flyktningsdebatten er at dersom det hadde stått hundre flyktningar på Kvisti, som ikkje eigde nåla i veggen, som ikkje hadde ein stad å sove eller mat til barnet sitt, så hadde me aldri vore i tvil. 

Me hadde stansa bilen og byrja å ringe folk, byrja å ordne ei løysning. Mjeldalen Ungdomslag hadde latt folk få sove der midlertidig, seniorgruppa hadde samla seg og byrja å koke lapskaus, mens nokre andre hadde leika med borna. Alle i bygda hadde kome med klede dei ikkje brukar lenger og veldig mange hadde opna heimane sine. Bedt ein familie på middag, latt dei få låne eit av dei ledige romma dei har i husa sine. For dei fleste av oss har eit ledig rom. Kiwien hadde kome med frukt og drikke. Fotballklubben hadde stilt med sine lokale, delt ut fotballar til borna og musikklaget hadde starta innsamlingsaksjon, som heile bygda hadde bidratt økonomisk i. Ei krone her, og ei krone der. 

Eg kan sjå alle dei fantastiske menneska eg kjenner på Osterøy for meg; I full driv og engasjement for denne saka.

Tingen er at me aldri hadde vore i tvil om å hjelpe, for me hadde sett det med våre eigne auge. Elendigheita. Desperasjonen. Hjelpelausheita. Men ikkje minst så hadde me sett godheita i augene deira, takknemlegheita og varmen. Me hadde sett at dei faktisk er menneske, som kan gjere Osterøy til ein betre stad, berre dei får sjansen. Me hadde oppdaga at nokre av desse menneska, som me kallar flyktningar, faktisk kunne bli framtidige vennar, klassekameratar, arbeidskollegaer og naboar. Me hadde oppdaga at det går heilt fint.

Så kjære regjering, send dei til oss.


Me klarar det.

mandag 31. august 2015

Hjarta mitt på rundreise

Hjarta mitt er i eit 150 år gamalt hus, saman med ein mann som er tjue år eldre enn meg.
Eller atten då, men uansett;
Hjarta elskar han.

Det er i Middelhavet saman med eit likbleikt born, som flyt rundt saman med mor og far sin. Hjarta mitt blør, men det hjelper ingenting. Hjelper ingen.

Det er hjå systera mi og bror min, som eg vil gjere alt for. Skru tida fram, så dei sjølve kan sjå at alt ordnar seg der framme. Men oppgåva blir for mykje for eit lite hjarte.

Hjarta mitt er hjå ein palestinar i Gaza, som blir meir og meir sint fordi Israel og verda gjorde akkurat det han trudde dei kom til å gjere; ingenting. Berre denne evige fortsettinga av likegyldighet.

Hjarta mitt er langt frå likegyldig, men likevel så hjelpelaust.

Hjarta rasar forbi Sogndal, har ikkje tid til å stoppe nett no.

Bekymringfri kvardag lokker, men hjarta er på rundreise, på jakt etter elendigheit. På jakt etter oppgåver det ikkje kan løyse.

onsdag 22. juli 2015

Det skjedde vel ikkje?

Born sprong ikkje livredde
langs ein sti,
som ein gong var fyllt av kjærleik

Det skjedde vel ikkje,
at ho låg livredd
under den livlause venen sin.
Redd for å lage ein lyd,
redd for å vise at ho var i live.

Det skjedde ikkje,
at han i rein desperasjon
mista grepet i fjellveggen.
Og møtte døden der livet 
og engasjementet før vart hylla

Skjedde det?
Dei desperate telefonsamtalane
Fortvilte foreldre, som for siste gong
høyrte stemma til barnet sitt

Livredd.

Det skjedde ikkje.
Gjorde det verkeleg det?

La det ikkje skje,
at dei døydde forgjeves...



mandag 20. juli 2015

For ikkje lenge sidan

ønska eg døden velkommen.

No fryktar eg den meir enn alt

på grunn av deg.



onsdag 3. juni 2015

Min største fiende

Du har holdt meg vaken om nettene
Fått meg til å tenke på alt eg har gjort og alt eg kom til å gjere.
Så mykje dumt,
så mykje patetisk.

Du har sendt meg tankar om døden
Kasta meg inn i eit helvete
der alt det verste som kan skje, skjer.
Der alle rundt meg forsvinn.
På grunn av meg.

Du har holdt folk unna meg
Fordi du har bygd opp ein mur,
så solid at ingen har sjangs til å kome forbi.
Du har holdt dei på avstand,
av rein redsel.

Du har heile tida sagt
at eg ikkje er god nok.
At eg må vera ein annan
enn den eg er.
At eg må le lavare, trene meir,
meine noko anna.
Prøve endå litt meir.

Du er der framleis,
men eg ser deg no.

Du, angsten,
min største fiende.

onsdag 18. februar 2015

Kjære farfar

Eg trur du hadde likt kjærasten min

Han er ein sånn som
likar å snakke
som
likar å spørje

Ein som verkeleg bryr seg om
kva du seier

Eg trur du hadde likt han
Eg trur han hadde likt deg

Og eg trur at han hadde spurt deg
om alle dei tinga
som eg aldri turde spørje om

Farmor
Barndommen din
Hjarta ditt

Eg håper du liker
at han går rundt i huset ditt
Eg håper det er greit
at han søv på soverommet ditt

Han søv der saman med meg

Eg håper det er greit
at me har lyst å bu her
At det blir meg og han

Og at dine Mjelde-gener blir ført vidare
med han

For eg trur du hadde likt han.
Kjærasten min.

Eg trur du hadde likt han veldig godt.


torsdag 8. januar 2015

Før og med, deg.

Før deg, trudde eg at eg var skapt for å vera åleine. At eg trong pauser, lange stunder, dagar, for meg sjølv. Det var berre då eg kunne puste, sånn skikkelig. Slappe av. Nå kvilepuls.

Før deg, har eg aldri slappa av saman med andre. Sjølvsagt meir med nokre enn andre. Nokre nesten, men aldri heilt, heilt avslappa. Tankene automatisk stoppa før dei har blitt sagt, omformulerte.

Med deg, renn orda ut. Dei blir sjeldan stoppa. Sjeldan omformulert. Dei er heilt nakne, ofte ekle, stygge, rare. Men alltid dønn ærlige. Kanskje eg testar deg.

Du består kvar gong.

Med deg, når eg kvilepuls og makspuls. Eg treng ingen pausar frå deg. Alt eg vil er å kjenne hjarta ditt og pusten din. Høyre orda dine, kjenne handa di møte mi. Lukte blandinga av røyk og munnskyllevatn. Lukta av deg.

Med deg, er eg ikkje lenger skapt for å vera åleine.

Med deg, pustar eg.

torsdag 2. oktober 2014

Vekke frå deg

Er du klar over kor vanskelig det er å sovne når heile kroppen min lengtar.
Er på veg ut av senga, på veg på bussen.
Heim til deg.

Når hjarta bankar seg ut av brystet,
klarar ikkje banke roleg,
har gløymt kva kvilepuls er.

Korleis sovne når alle tankane eg ikkje har fortalt deg berre surrar i hovudet.
Når du ikkje er her og kan roe dei ned.

Er du klar over kor vanskeleg.
Faktisk heilt umogleg.
Det er å sovne.

Vekke frå deg

Tone Mjelde 30.10.14

søndag 28. september 2014

Unnskyld

Men eg elskar han
når han ser på meg
med sine knallblå auge

Som ser rett inn i sjela mi

Unnskyld,
men eg elskar
å ligge så nærmt han
at eg kjenner hjarta hans bankar

For meg

Unnskyld!
Eg veit ingen grunn er god nok for deg,
men du anar ikkje
kor lenge hjarta mitt har venta,
lengta.

Etter han

Alt eg kan sei er unnskyld

For at eg elskar hjarta hans,
smilet hans som smeltar kvar einaste del av meg.
Kroppen hans.
Kvart einaste ord som kjem ut mellom dei fyldige leppene hans.
Måten dei sug røyken ut av ein Malboro-sigarett.

Alt heilt perfekt

Unnskyld,
men eg klarar ikkje å la vera

Å elske han

tirsdag 26. august 2014

Kjærleik i solnedgang

Det sterkaste minne eg har frå sumarens tur til Palestina er frå ein beduinleir i ørkenen utanfor Betlehem då eg satt og såg på ei jente og far hennar. Dei hadde skimta kamelane sine kome traskande i det fjerne og far og dotter var på veg for å klargjere vasstankane. Midt i den fantastiske solnedgangen i ørkenen gjekk dei saman, hand i hand. Det er sjeldan eg har sett ein så sterk kjærleik, ikkje berre for kvarandre, men for jorda si.

Eg møtte mange menneske på Vestbreidda og vart nok ein gong minna på kva Israel sin okkupasjon gjer med palestinarane. Kor mykje den hindre dei i å leve liva sine, kor den audmjuke og diskriminere dei og kor den sakte men sikkert gjer ein Palestinsk stat umogleg. Rett etter eg kom heim frå Vestbreidda braut helvete laus i Gaza, noko som har resultert i 2034 drepne palestinarar, 1607 av desse sivile, 473 av desse born. På israelsk side har 67 personar blitt drepne, tre av desse sivile.

Etter eg kom heim har eg delt hundrevis av artiklar, jævlige bilete og intervju på facebook. Eg har diskutert med menneske og har prøvd å formulere meg utan å verka som ein palestina-aktivist som ikkje klarar å sjå den andre sida. Det er vanskeleg og eg har ofte heller vald å berre late som eg ikkje har ei meining. Eg har kjent meg hjelpelaus, trist, tom og åleine, fordi eg føler at det ikkje er vits. Mine ord forandrar ingenting. Og eg har vore sint, uendelig sint, på den handlingslamma verda og på meg sjølv.

Det er ikkje meg det er synd i. Det er ikkje eg som må oppleve dette kvar dag. Eg kan reise heim igjen, bestemme over mitt eige liv og ikkje vise ID kortet mitt fleire gongar for dagen fordi eg ser mistenkeleg ut. Eg treng ikkje stå i timeslange køar, fordi ein mur har blitt satt opp mellom arbeidsplassen og heimen min. Ikkje sjå barnet mitt bli reven i fillebitar av israelske bomber eller konstant frykte for livet mitt, innestengt av mur på alle kantar. Eg kan reise, elske og flytte kvar eg vil. Når eg, som har det så bra og som berre har vore i Palestina to gongar kan bli så sint, kor sint er palestinarane då? Når eg kjenner meg så håplaus, at ingenting hjelper, er det rart palestinarane kjenner seg enormt hjelpelause og blir desperate?  

Dei fleste gongane eg har lagt ting ut på Facebook har eg fått ingen eller liten respons. Det verkar som me (ikkje berre dei som lede landet vårt, men meg og deg) er uendelig redde for å ta eit standpunkt, vera engasjerte. Vera ho der som skrik på Facebook kvar einaste kveld. Det er meir akseptert å vera den som ikkje har peiling, som kjøper vesker til 3000 kroner og kunn hever stemma når ein katt blir dumpa i sjøen. Eg får hundre likes på eit bilete der eg nyter livet på Mallorca med ein drink i handa, men null på ein status der eg meiner bombinga av uskuldige born i Gaza må ta slutt. Det får meg til å tenke, får meg til å undre på kva samfunn me lever i.

Når eg spør palestinarane kva me i Noreg kan gjere svarar dei alltid at me kan bry oss og at me kan støtte. Ikkje vald, ikkje ekstremisme, men dei vanlege menneska som det finst flest av i Palestina. Palestinarane har sett landet sitt blitt tatt frå seg og dei kjemper med nebb og klør for det dei har igjen, som kvart einaste folk ville gjort. Som Noreg sine motstandsmenn gjorde under andre verdskrig, ein innsats og eit heltemot me i dag hyllar. Mange eg snakkar med meinar at "det kjem aldri til å bli fred der nede". Denne mentaliteten frigjer oss frå å bry oss. Jo! Det kan bli fred dersom me engasjerer oss og tek tak i uretta som skjer. Dersom partane blir tvungen til å behandle kvarandre som menneske og dersom me sluttar å tenke på eigne interesser og kva stat me tener mest på å vera "venn med". Dersom me byrjar å lese og setje oss inn i saker, ikkje berre Palestina/Israel-saka, men i alle fall noko viktigare enn at Linni eit eller anna har fått nye puppar. Dersom me bryr oss.

Etter dette innlegget har eg kanskje blitt stempla som verdas mest bitre 24 åring. Alt eg eigentleg ville sei er at verda treng stemma di, hjarta ditt og engasjementet ditt. For veit du kva? Me kan redde verda saman, hand i hand. 

* Denne kronikken vart publisert i Bygdanytt fredag 22.08.14
* Tala på drepne er no 2122 palestinarar, over 500 av desse born


tirsdag 22. juli 2014

Ein tvilande ateist

Det må finnast ein gud
Sjå steinane som passar saman
som formar seg av sola
som blir til kunst
med ørkenen som museum

Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå munnen hennar
som ein gong smilte
som no er full av blod
Hennar uskuldige auge
såg blod for siste gong

Det må finnast ein gud
Sjå stjernene
som gjer himmelen om til eit maleri
Ein blir svimmel av å sjå
men klarar ikkje slutte
Klarar ikkje sjå ned

Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå handa hennar
som strekker seg mot bornet sitt
Sjå tårene på kinnet
som blandar seg med blod

Det må finnast ein gud
Sjå mauren, med fargar på ryggen
som saman med dei andre
beveger seg i eit mønster
i same rytme
mot same mål

Det kan ikkje finnast ein gud
Sjå mannen,
som målretta
kjenslelaust
løftar våpenet og skyt

Det kan ikkje ha skapt seg sjølv
Så perfekt, så feilfritt

Ein gud kan ikkje ha skapt dette
Så grusomt, så feil


Tone Mjelde 
20.07.2014


Ørken utanfor Betlehem

onsdag 9. juli 2014

Smellet

Eit fly flyg over himmelen, eg høyrer berre lyden, men veit det er der oppe ein stad. Utanfor vindauga mitt leikar tre jenter, mens dei plukkar rips frå trea i hagen. Sola varmar på kroppane deira og får det lyse håret deira til å bli endå lysare.

Eg høyrer eit smell og kikkar ut vindauga i rein refleks, før eg kjem på den planlagde sprenginga ved vatnet. Borna som var utanfor er no på veg heim igjen til huset på den andre sida av elva. Hendene deira er fulle i rips og munnen er lyseraud av safta frå ripsa. Dei går saman i sumarvarmen.

Eit fly flyg over himmelen, ho høyrer berre lyden, men veit det er der oppe ein stad. Utanfor vindauga hennar leikar borna hennar med steinar på bakken. Steinar som ein gong var nabohuset. Sola varmar kroppane deira og gjer den mørke huda deira endå mørkare. 

Ho høyrde aldri smellet før ho døydde, rakk aldri å sjå ut vindauga etter borna sine. Dei leika ved husveggen, men no ligg dei nokre meter frå mora si, med henda fulle av stein. Munnen deira er mørkeraud av blodet sitt som er det einaste som bevegar seg i kroppane deira. Dei ligg saman i sumarvarmen.



Tone Mjelde 09.07.2014
  

onsdag 18. juni 2014

Di verd

Eg veit ikkje kven du trur du er, men orda dine skadar, sårar, øydelegg.

Det må vera fuckings trist å vera deg. Ein alle tenkjer på med forrakt.
Og så skjønar du det ikkje sjølv, kor fucked up du er.

For i di verd er sånne som meg fucka.
Sånne som grin og hylar.
Sånne som er seg sjølv.

Faen.
Eg har alltid ville vore som deg; hardhuda, stolt, sikker.

Men eg er den svake,ydmyke, usikre.

Eg trudde eg endeleg hadde godtatt det.

lørdag 31. mai 2014

Sløret over auga

Folk er så forbanna lukkelege

Eg høyres bitter ut. Sjalu kanskje. Sint på andre som har det så fuckings bra.

Det er ikkje det. Eg håpar folk har det bra. Håpar folk har verdas beste kjæreste og at hjarta deira er varmt så ofte som mogleg. Men eg veit korleis det er å ikkje vera der. Korleis verda ser ut. Korleis facebook ser ut når alt er mørkt.

Når ein er deprimert, så har ein eit slør foran augene sine. Sløret ligg seg som ei hinne over auga og gjer at alle fargane ute i verda blir fargelause. Gråe. Ein ser verda gjennom dette sløret kvar einaste dag, men ser ikkje sjølv at det er eit slør der. Istadenfor trur ein at sløret har forsvunne og at ein endeleg ser verda slik den er; jævlig. Og ingenting vil gjere den jævla verda betre, så kvifor prøve.

Når ein er deprimert, så blir alt eit ork. Tanken på å gå i dusjen. På å måtte ta av deg alle kledna, ta sjampoen i håret, tørke den stygge kroppen din med handkleet. Å lage seg ei brødskive til frukost blir ein maraton-etappe, heilt utan meining. Heilt utan resultat. Kvifor ete. Kvifor puste. Kvifor leve.

Når ein er deprimert, så isolere ein seg sjølv. Å møte menneske blir det mest utslitande som fins, fordi ein i tillegg til å ha det jævlig, må skjule det. Finne fram maska med smilet klistra på. Så ein møter ikkje menneske. Ein ligg heller der i senga si og blar seg gjennom facebook. Blar seg gjennom instagram og møter verda på den måten.

Der ser ein verda og verda er alt anna enn det du er. Den er lukkeleg. Flink. Sprek. Den har ein familie. Born. Kjærast. Den har gode augeblikk og den set pris på dei. Verda der ute ser feilfri ut og den ser ut som den meiner det. At den smiler med verkeleg glede bak, utan å måtte ta på seg ei maske. Det ser ikkje ut som eit einaste menneske har ein einaste mørk tanke i seg.

Sjå kor fuckings åleine du er. Heilt, heilt åleine.

Menneska sirklar rundt deg, men dei veit ikkje, forstår ikkje, kjenner ikkje den smerta du ber på i hjarta ditt. Dei ser ikkje sløret over auga dine, høyrer ikkje tankane dine som ynskjer å slutte å tenke. Slutte å vera. For det blir ikkje betre og folk kjem aldri til å skjøne. Du viser dei ikkje, fortel dei ikkje, fordi du allereie veit at det ikkje er vits. Dei kjem til å le av deg. Fortelje deg at du må skjerpe deg. Ta deg saman. Tenke positivt.

Du veit at det vil vera dråpen.

Eg er ikkje lenger deprimert.
Eg har det faktisk fuckings bra.
Så bra at eg faktisk ikkje må skrive det på facebook.
Slik eg gjorde då eg var deprimert.

fredag 30. mai 2014

Venen min

Eg har ein venn. Han er litt som meg; opptatt av konflikten i Midtausten, glad i ostesmørbrød og er alt for aktiv på Facebook. Han er ofte våken om natta og treng to koppar med kaffi før han kan fungere. Likevel er han sjeldan gretten. Han gjer feil, akkurat som alle oss andre. Som den laurdagskvelden han tok benken utanfor butikken med seg heim, mens han smilte til overvåkingskamera som filma det heile. Hjarta hans er så ufattelig stort og det forelskar seg lettare enn noko hjarte eg nokon gong har møtt. Likevel er han redd for å sleppe nokon inn. Redd for smerta dersom dei ombestemmer seg og vil ut igjen.

Kvar morgon når han sjekker facebooken sin ligg det som oftast ei melding å ventar i inboksen hans. Den pleier som oftast å vera stygg. Den pleier som oftast å fortelje han kor patetisk og ekkel han er. Kor liten verdi han har som menneske og at han helst bør hoppe frå ei bru enn å spreie sjukdommen sin vidare i samfunnet. At dei står klar med balltreet neste gong dei ser han. Ein del vil hjelpe han. Redde han frå helvete, der sånne som han skal brenne i evigheita saman med andre syndarar. Han viser meg meldingane og så slettar han dei. Gong på gong.

Det er ikkje fordi han av og til stel benkar i fylla eller fordi han støtter palestinarane at han får desse meldingane på Facebook. Han får dei fordi hjarta hans bankar raskare når guten i kassa på Rimi smilar til han. Fordi han synst menn med hår på brystet er sexy. Fordi han meiner det er ingenting som er betre enn å ligge i armkroken til ein mann du elskar og fordi han ikkje er redd for å seie det høgt. Han får hatmeldingar fordi han er homofil.

Eg ser aldri eit utanlandsk namn når eg får sjå meldingane. Dei som sender heiter Ole, Miriam og Frode og på profilen deira har dei rørande bilete av seg sjølv med den nyfødde sonen sin. Eller eit skrytebilete frå Bergen-Voss. Avsendarane er ikkje radikale muslimar, som ynskjer Sharia-lovar i Noreg, men tilsynelatande vanlege nordmenn, som kunne vore naboen din, tanta di, klassekameraten din eller venninna di.

Det er gått 42 år sidan Noreg fjerna loven som sa at mannleg homofili var kriminelt. Homofili er framleis kriminalisert i 78 land i verda i dag, men det er ikkje berre i andre land me finn diskriminering, vald og hat mot homofile. Ei undersøking av norsk ungdom i 2007 viste at ein tredjedel av homofile og bifile jenter hadde opplevd truslar om vald. For homofile og bifile gutar sa halvparten av dei spurte at dei hadde opplevd truslar. Når det gjaldt vald så alvorleg at den ramma måtte oppsøke legehjelp sa 40% av dei homofile og 18% av dei bifile at dette hadde ramma dei. I tillegg er homofile sterkt overrepresentert når det kjem til sjølvmordstankar og det å ta sitt eige liv. Dette er Noreg.

Det er ikkje mange månader sidan Den Norske Kyrkja bestemte seg for å fortsetje å nekte å la homofile gifte seg i kyrkja. Frelsesarmeen og andre kristne organisasjonar har lov å nekte homofile menneske å arbeide for dei, berre fordi dei er homofile. Dette er diskriminering av ei kyrkje der nærare 80% av Noregs befolkning er medlem. Betyr det at nesten 80% av alle menneska i Noreg meiner at homofile sin kjærleik er mindre verd enn andre? At venen min sitt hjarte hoppar feil? Betyr det at 80% av Noregs befolkning ser på homofile som mindre verd? Eg håpar ikkje det. Eg håpar det berre er så voldsomt vanskeleg å skrive ut utmeldingsskjemaet, signere det og sende det i posten.

Me er ganske like, men venen min er ikkje som meg. Han lar seg ikkje knekke. Lar ikkje tårene kome ved frukostbordet dersom han har fått ei stygg melding på facebook. Han vil ikkje bli likt av alle. Treng faktisk ikkje at du forstår han ein gong. Det einaste han vil er å få vera seg sjølv utan all den smerta og skammen samfunnet prøver å gje han kvar dag. For det er ikkje homofili som skadar og øydelegg menneske. Det er hatet.

søndag 18. mai 2014

Festtale/Tordentale i Lonevåg 17.mai 2014

Gratulera med dagen alle saman!

Når eg tenker på 17.mai, så dukker ei fin kjensle opp i meg. Kjensla av spenning og glede, som eg har med meg frå eg var liten. 
Eg hugsar utålmodigheita når sølja skulle på plass og gleda då mamma endelig, på fjerde forsøk, fekk den til å henge beint. 
Eg hugsar lyden frå trommene langt i det fjerne, som kom nærmare og nærmare. 
Kjensla av å ha pynta seg skikkelig, å få lov å ta på seg bunad, nett som dei vaksne. 
Eg hugse irritasjonen over at gutane i klassen aldri klarte å halda den fana beint, sånn at me kunne vinna konkurransen om å gå finast i toget.
Og eg hugsar fortvilinga når 50 lappen liksom plutselig hadde forsvunne og bunaden var full i is etter ti minutt. 

I 1870 tok Bjørnstjerne Bjørnson initiativet til det første barnetoget i Kristiania. Der fekk kun gutar vera med, jentene fekk ikkje vera med før 19 år seinare. Frå Bjørnson sitt initiativ har 17.mai dagen vokst fram til ein grunnsolid tradisjon. I andre land feirar dei nasjonaldagen sin med militærparadar, men me feirar den med barnetog. Det seier mykje om oss som nasjon. 

17.mai er barnas dag, seier mange, og eg er einig. 

Men 17.mai er meir enn barnas dag. 17.mai er sjølve symbolet og starta på demokratiet i Noreg. Før dette kunne ikkje Noregs befolkning stemme eller ha innverknad på korleis landet vårt skulle styrast. Kongen hadde all makt. Og i år er 17.mai ein ekstra stor dag, for for 200 år sidan vart grunnlova vår underskrive. Det var ei radikal og demokratisk grunnlov i 1814, men i dag 200 år etter kan me sjå at den ikkje var særleg demokratisk.

For med grunnlova i 1814 fekk kunn 14% av alle menna i Noreg stemmerett og ingen av kvinnene. Dette betyr at kun 7% av befolkninga i Noreg kunne stemme. Kvinnene vart ikkje ein gong myndige før i 1869, noko som betyr at før dette var kvinner sett på og behandla som born.  Dei hadde ingenting å sei, sjølv om det gjald deira eigne liv. Tvangsekteskap, som ein forbind med land i Midtausten i dag, var ein vanleg ting i Noreg for mindre enn 200 år sidan.
Stemmeretten vart utvida til å gjelde alle menn etter kvart og i  1913 fekk kvinner stemmerett og kunne bli valt inn på Stortinget.

Det skulle altså gå 100 år etter Grunnlova i 1814 før heile Noregs befolkning hadde stemmerett.
For dei fleste av oss er det utenkeleg å leve i eit samfunn utan demokrati og der nokon har meir rett til å stemme enn andre. Men for 100 år sidan var dette tilfelle. I Noreg. Og kva er 100 år?

I artikkel 1 i menneskerettighetene står det: Alle menneske er født frie og med same menneskeverd og menneskerettigheter. Dei er utstyr med fornuft og samvit og bør handle mot kvarandre i brorskapets ånd. 

Alle menneske er født frie. Ein stor del av Grunnlova vår handlar òg om friheit.
For verda går heldigvis framover og i dag, etter mange endringar, gjev grunnlova vår oss friheit til å vera oss sjølv. I dagens Noreg har dette blitt ein sjølvfølge og dei fleste av oss anar ikkje korleis det er å ikkje vera fri. Men i mange land, og altså ikkje lenger enn for 200 år sidan i Noreg, hadde det vore utenkeleg at eg, ei 24 år gamal jente, utan mann, skal kunne stå her på ei scene og sei meininga mi høgt ut, utan å vera redd for konsekvensane. Utan å bli såtte i fengsel for det eller bli tvungen til taushet. Og i kveld, når eg skal på fest, kan eg kysse kven eg vil, mann eller dame, og foreldra mine treng ikkje godkjenna han eller ho ein gong. Eg treng heller ikkje gå i kyrkja i dag, fordi eg sjølv vel om eg vil tru og kva eg vil tru på.

For 200 år sidan var det ikkje slik i Noreg. Ein paragraf som kom med Grunnlova i 1814 var jødeparagrafen, som sa at alle jødar var nekta adgang til riket berre fordi dei var jødar. Av alle menneske i Noreg var det ein ostring som foreslo denne paragrafen, Nicolai Wergeland.  Denne paragrafen var ikkje ein feil eller ein glipp, men noko som det var stor einigheit om. Det var ein allmenn oppfatning at jødane stal arbeid, hadde feil religion, kom til landet for å ta av godene og hadde skuld i all elendigheit som skjedde. Det er skremmande å sjå liknande retorikk i debatten om innvandring i Noreg i dag. Me veit i dag at dette jødehatet førte til at 6 millionar jødar vart drepne, saman med 450 000 sigøynarar og 250 000 funksjonshemma og homofilie. 

Mannleg homofili var forbudt i Noreg fram til 1972. Før det kunne ein bli straffa i opptil eit års fengsel fordi ein var homofil. Det er berre 42 år sidan! I dag har homofile, bifile, lesbiske og transpersoner like rettigheiter som hetrofile. Me kan alle gifte oss og få born med kven med vil, søke på ein jobb eller gå på ein pub utan å bli nekta jobb eller adgang pga. legninga vår. Det er akkurat slik det bør vera.

Sjølv om lovane i landet vårt gjev alle like rettigheiter i dag, så ser me heile tida at me, som folk, heng etter. Då Conchita Wurst vann Eurovision Song Contest for ei veke sidan grein eg der eg satt åleine på hybelen min i Sogndal. Homofili er framleis kriminalisert i 78 land i verda. Fleire land og regionar i Sentraleuropa, blant anna i Russland, innføre no såkalla anti-propagandalover som forbyr positiv omtale av homofili. Det betyr dersom nokon heng opp eit regnbueflagg eller to menn heldt i henda, to jente kysser, rett og slett viss homofile og transpersoner lever eit vanleg liv med kjærasten sin i det offentlige blir dei arrestert. Styresmaktene på si side seier homofili er det same som pedofili og at sjukdommen kan spre seg dersom den blir sett eller nemnt. Dette resultere i at homofili og transeksualitet ikkje blir nemnd i media, på skular eller i det offentlige rom. Born lærer ingenting om det.  Samtidig blir homofile arresterte. Folk forsvinn. Folk blir banka opp, utan at nokon blir straffa for det, sjølv om alle veit kven som gjorde det. Det blir stadig blir lagt ut skrytevideoer på youtube der stolte, tydelige gjerningsmenn bankar opp homofile. I følge Amnesty International er dette hatet veksande i Europa og mange land prøvde å få Austerrike sin deltakar utvist frå Eurovision.
Då Conchita Wurst, som lever som både mann og kvinne, sanka stemmer frå heile Europa, mens ho sang om å få vera seg sjølv, sendte ho eit slag i ansiktitet på Putin, Russland og andre land som ser på homofile menneske som sjuke. Derfor grein eg. 

Jada, men dette er i Russland kan ein tenke. Og eg tenkte dette, heilt til eg tok meg ein tur inn på facebook før eg skulle legga meg. Der eg vart møtt med der var ein enorm mengde av hetsing av årets vinnar på min eigen facebook, frå eigne facebookvener.  Ein kommentar skilde seg ut: «Det hadde ikkje vore nødvendig med skuddpremie. Eg hadde skutt for moro skyld».
Eg trur ikkje den eine personen som skreiv dette hadde skutt Conchita Wurst på moro skuld. Men kva signal sender ein ut når ein skriv dette? Jo at årets vinnar er eit menneske, som er så ekkelt og patetisk, med så lite verdi at det berre kan skytast, for moro skyld. Fordi det er seg sjølv. Fordi det er tøffare enn dei fleste av oss her i salen nokon gong kjem til å vera. Kva signal sender det til den 16 år gamle guten som sit heime på rommet på Fossen og innerst inne ynskjer å vera som Conchita Wurst?  Jo, at han bør skamme seg over den han eigentlig er og at sånne som han er det lov å skade.

Ein undersøking av norsk ungdom i 2007 viste at 1/3 av homofile og bifile jenter hadde opplevd truslar om vald. For homofile og bifile gutar sa 50% at dei hadde opplevd truslar. Og når det gjald vald så alvorleg at den ramma har måtte oppsøke legehjelp seier 40% av dei homofile og 18% av dei bifile at dette har ramma dei. Dette skjer i Noreg i dag.

Me har ein enorm friheit i Noreg, men med denne friheita kjem det også eit ansvar. Ein stor del av friheita er ytringsfriheita. Retta til å sei kva ein meiner. Ytringsfriheita er viktig og har blitt eit symbol på utvikling og demokrati. Men sjølv om ytringsfriheita må beskyttast og sjølv om den er viktig, er det samtidig vår oppgåve å reagere dersom hatfulle eller diskriminerande meiningar blir fremma. Det er me som må ta avstand frå ytringar og handlingar, og reagere dersom kompisen vår på butikken eller facebook seier noko han ikkje burde sei.
Dette er ikkje alltid like lett. Det er lettare å le med, kanskje gje han ein "like" på face. Men viss me tar dette ansvaret, kvar einaste dag, kan me i framtida få eit samfunn der menneske ikkje blir diskriminert, hetsa eller utsatt for vald fordi dei er seg sjølv.

Conchita Wurst sang ikkje berre om transeksualitet og homofili, ho sang om å få vera seg sjølv, akkurat slik me vil vera. Om det er ein bonde på Njåstad eller ein fotballidiot i Haus. Om det er ein gutt som heller vil synge i kor enn å spele fotball, eller ei jente som vil gå på mekanisk istadenfor helse og sosial. Ho sang, for oss.

Demokratiet gjeld også på Osterøy. Her bur nesten 8000 menneske, der alle over 18 år kan vera med å bestemme kven som skal styra øya vår ved kommuneval. Rundt om i bygdene er det fullt av engasjement. Me kjempar for den lokale butikken og for grendaskulane våre. Uansett kva som er den beste løysninga, så ser eg på dette som eit sunnheitsteikn. Engasjement er alltid bra og ein viktig del av ytringsfriheita vår og demokratiet vårt. Miste me engasjement for korleis liva, bygda, kommunen og landet vårt skal vera, så miste me mykje.

Det kan av og til verka som om me bur i ein katastrofalt dårleg kommune utan håp. Men eg har tru på ei positiv framtid for Osterøy. Øyne er full av ressursar i form av menneske, som gjer sitt beste kvar einaste dag. Men ein av dei største utfordringa i kommunen er likevel fellesskap. Å møte framtida saman som Osterøy og ikkje som kvar enkelt bygd. Det er at på valestrand støttar bustadfelt i Haus. Det er at dei i Haus støttar utviklinga på Valestrand og kanskje til og med blir glade dersom Valestrand/Hjellvik rykker opp ein divisjon. Det er at folk frå Hamre ikkje berre kjempar for sin eigen skule, men òg for Bruvikskulen. Det er at me ikkje berre bryr oss og engasjerar oss når noko skjer med oss og vår lille bygd, men òg kva som skjer rundt oss på Osterøy. At me vil kvarandre godt og støttar alt det positive som skjer på øya.

Sjølv om kommunen har dårleg økonomi klarar Osterøy å ha eit fritidstilbod for alle ungar, ikkje berre for dei som spring raskast i klassen. Dette kan me takke frivilligheita for. I 2004 vart ordet "Dugnad" kåra til Noregs nasjonalord og dugnad er det fullt av på Osterøy. Eit eksempel er fotballbana i Haus som fekk kunstgras og vart opprusta i 2011. Arbeidarane gjorde arbeid på dugnad til ein verdi av 5 millionar kroner. Dette e enormt og det synlege resultatet visar at arbeidet vart gjort med nøyaktighet, stolthet og med kjærleik for bygda si. Slike prosjekt er synlege, med ei synleg resultat. Men dugnad og frivillighet er ikkje alltid like synleg. Det er mykje som foregår, som me nesten tek for gitt og aktivitetane er mange. Over alt på øyne er det vaffelsteikarar, loddseljarar, tidtakarar, kasserarar, teaterinstruktørar og trenarar, som gjev alt på frivillig basis. Det er ein person som tar boss-spannet til ungdomslaget ned til vegen kvar torsdagskveld. Sånt blir ikkje gjort av seg sjølv. Desse aktivitetane som frivillige organisasjonar skapar for born og unge er gull verd og er utruleg helsefremjande. Kanskje korpset vart den fyrste staden bornet opplevde mestring. Eller rein glede, for å ha funne noko det vil driva med. 

I eit samfunn der presset på barn og ungdom er enormt, kan me bidra til at borna får eit positivt sjølvbilete og ein robust sjølvtillit med seg vidare i livet. Ved å fokusere på mestring og sjølvtillitt og ikkje flest mål eller raskars 60-meter, vil borna få ein tryggheit på seg sjølv, som dei tar med seg i møtet med noko ukjent og framand. Som gjer at dei vil behandle andre menneske med respekt og likeverd i framtida.

Når barnebarna, oldebarna og tippoldebarna våre ser tilbake på dagens Noreg. Noreg i 2014. Kva ser dei då? Når det har gått 200 år til, korleis ser dei tilbake på vår tid? Kva val gjorde me og i kva retning førte me landet vårt? Det er viktig å ha med seg desse spørsmåla i alt me gjer. Når me stemmer ved eit val. Når politikarane vel å ikkje treffe Dalai Lama. Når eg skriv noko på facebook. Når kyrkja vel å fortsetje å diskriminere homofile. Når Stortinget bestemmer om me skal ha eit landbruk i heile landet eller ikkje. Når du får ein ny nabo, som kjem frå Syria.

Me trur kanskje ikkje sjølv, at me gjer den store forskjellen. Men val og ansvar me tar kvar einaste dag, forme samfunnet vårt. Nett som ein stemmeseddel ved stortingsval, som kan verke liten, men som likevel har stor betydning. Eit ord, ein handling banar veg. For me er frie menneske og me kan sjølv bestemme kva samfunn me vil leve i. Me kan sjølv føre Noreg i den retninga me vil, ved å bringa vidare gode verdiar til neste generasjon, motivera og gje sjølvtillit til borna og gjere slik at dei i framtida kan sjå tilbake på vår tid, med stolte auge.

Takk for meg!

onsdag 14. mai 2014

Okkupanten

Hey du!
Du har okkupert
hjarta mitt

Tatt deg til rette
Slått deg til ro

Du er urokkeleg
Sjølv Israel bleiknar
I forhold

Du lar ingen andre
kome inn
Du gjev ingen andre
ein sjangs

Du styrar no
heile kroppen
Frå basen din
i hjarte mitt

Ein okkupant er ofte hata
Møter ofte motstand

Men hjarta mitt
Har alltid lengta

Etter ein okkupant
Som deg


14.05.14 - Tone Mjelde