onsdag 4. november 2015

Berre ein bokstav

Eg fekk A på eksamen i dag. Det er fyrste gong eg har fått A på begge eksamena og dermed A som samla karakter i eit emne. Eg har jobba, håpa og drøymt om dette lenge og i dag skjedde det. Eg enda opp med å legge ut resultatet på Instagram, for å så angre etterpå. Skamfull over mi eiga lengsel etter bekrefting frå andre, når eg sjølv eigentlig berre kjenner meg tom.

For kva er det med desse bokstavane som set verdi på oss og fortel oss kven me er. Kva betyr dei eigentlig, kva seier dei om meg og om kva eg har i vente.

Bokstaven kan ikkje garantere meg ein jobb eg trivst i, gode vener eller lukke. Den kan ikkje garantere at eg kjem til å gjere ein god jobb, at eg ikkje vil gjere feil eller kjem til å angre på val eg har tatt. Den kan ikkje ta vekk vakne netter fulle av bekymring. Kan ikkje garantere at kjærasten min ikkje døyr i morgon eller at eg ein gong i framtida vil få born. Friske born. Glade born. Den kan ikkje skåne meg for livet, med sine opp og nedturar, som ventar på meg der framme. Nei, dei kjem uansett.

Bokstaven var god denne gongen, men neste gong vil den kanskje ikkje vera like god. Eg håper eg ser det same då. At bokstaven ikkje er meg, at eg ikkje er bokstaven.

At det berre er ein bokstav.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar