søndag 18. mai 2014

Festtale/Tordentale i Lonevåg 17.mai 2014

Gratulera med dagen alle saman!

Når eg tenker på 17.mai, så dukker ei fin kjensle opp i meg. Kjensla av spenning og glede, som eg har med meg frå eg var liten. 
Eg hugsar utålmodigheita når sølja skulle på plass og gleda då mamma endelig, på fjerde forsøk, fekk den til å henge beint. 
Eg hugsar lyden frå trommene langt i det fjerne, som kom nærmare og nærmare. 
Kjensla av å ha pynta seg skikkelig, å få lov å ta på seg bunad, nett som dei vaksne. 
Eg hugse irritasjonen over at gutane i klassen aldri klarte å halda den fana beint, sånn at me kunne vinna konkurransen om å gå finast i toget.
Og eg hugsar fortvilinga når 50 lappen liksom plutselig hadde forsvunne og bunaden var full i is etter ti minutt. 

I 1870 tok Bjørnstjerne Bjørnson initiativet til det første barnetoget i Kristiania. Der fekk kun gutar vera med, jentene fekk ikkje vera med før 19 år seinare. Frå Bjørnson sitt initiativ har 17.mai dagen vokst fram til ein grunnsolid tradisjon. I andre land feirar dei nasjonaldagen sin med militærparadar, men me feirar den med barnetog. Det seier mykje om oss som nasjon. 

17.mai er barnas dag, seier mange, og eg er einig. 

Men 17.mai er meir enn barnas dag. 17.mai er sjølve symbolet og starta på demokratiet i Noreg. Før dette kunne ikkje Noregs befolkning stemme eller ha innverknad på korleis landet vårt skulle styrast. Kongen hadde all makt. Og i år er 17.mai ein ekstra stor dag, for for 200 år sidan vart grunnlova vår underskrive. Det var ei radikal og demokratisk grunnlov i 1814, men i dag 200 år etter kan me sjå at den ikkje var særleg demokratisk.

For med grunnlova i 1814 fekk kunn 14% av alle menna i Noreg stemmerett og ingen av kvinnene. Dette betyr at kun 7% av befolkninga i Noreg kunne stemme. Kvinnene vart ikkje ein gong myndige før i 1869, noko som betyr at før dette var kvinner sett på og behandla som born.  Dei hadde ingenting å sei, sjølv om det gjald deira eigne liv. Tvangsekteskap, som ein forbind med land i Midtausten i dag, var ein vanleg ting i Noreg for mindre enn 200 år sidan.
Stemmeretten vart utvida til å gjelde alle menn etter kvart og i  1913 fekk kvinner stemmerett og kunne bli valt inn på Stortinget.

Det skulle altså gå 100 år etter Grunnlova i 1814 før heile Noregs befolkning hadde stemmerett.
For dei fleste av oss er det utenkeleg å leve i eit samfunn utan demokrati og der nokon har meir rett til å stemme enn andre. Men for 100 år sidan var dette tilfelle. I Noreg. Og kva er 100 år?

I artikkel 1 i menneskerettighetene står det: Alle menneske er født frie og med same menneskeverd og menneskerettigheter. Dei er utstyr med fornuft og samvit og bør handle mot kvarandre i brorskapets ånd. 

Alle menneske er født frie. Ein stor del av Grunnlova vår handlar òg om friheit.
For verda går heldigvis framover og i dag, etter mange endringar, gjev grunnlova vår oss friheit til å vera oss sjølv. I dagens Noreg har dette blitt ein sjølvfølge og dei fleste av oss anar ikkje korleis det er å ikkje vera fri. Men i mange land, og altså ikkje lenger enn for 200 år sidan i Noreg, hadde det vore utenkeleg at eg, ei 24 år gamal jente, utan mann, skal kunne stå her på ei scene og sei meininga mi høgt ut, utan å vera redd for konsekvensane. Utan å bli såtte i fengsel for det eller bli tvungen til taushet. Og i kveld, når eg skal på fest, kan eg kysse kven eg vil, mann eller dame, og foreldra mine treng ikkje godkjenna han eller ho ein gong. Eg treng heller ikkje gå i kyrkja i dag, fordi eg sjølv vel om eg vil tru og kva eg vil tru på.

For 200 år sidan var det ikkje slik i Noreg. Ein paragraf som kom med Grunnlova i 1814 var jødeparagrafen, som sa at alle jødar var nekta adgang til riket berre fordi dei var jødar. Av alle menneske i Noreg var det ein ostring som foreslo denne paragrafen, Nicolai Wergeland.  Denne paragrafen var ikkje ein feil eller ein glipp, men noko som det var stor einigheit om. Det var ein allmenn oppfatning at jødane stal arbeid, hadde feil religion, kom til landet for å ta av godene og hadde skuld i all elendigheit som skjedde. Det er skremmande å sjå liknande retorikk i debatten om innvandring i Noreg i dag. Me veit i dag at dette jødehatet førte til at 6 millionar jødar vart drepne, saman med 450 000 sigøynarar og 250 000 funksjonshemma og homofilie. 

Mannleg homofili var forbudt i Noreg fram til 1972. Før det kunne ein bli straffa i opptil eit års fengsel fordi ein var homofil. Det er berre 42 år sidan! I dag har homofile, bifile, lesbiske og transpersoner like rettigheiter som hetrofile. Me kan alle gifte oss og få born med kven med vil, søke på ein jobb eller gå på ein pub utan å bli nekta jobb eller adgang pga. legninga vår. Det er akkurat slik det bør vera.

Sjølv om lovane i landet vårt gjev alle like rettigheiter i dag, så ser me heile tida at me, som folk, heng etter. Då Conchita Wurst vann Eurovision Song Contest for ei veke sidan grein eg der eg satt åleine på hybelen min i Sogndal. Homofili er framleis kriminalisert i 78 land i verda. Fleire land og regionar i Sentraleuropa, blant anna i Russland, innføre no såkalla anti-propagandalover som forbyr positiv omtale av homofili. Det betyr dersom nokon heng opp eit regnbueflagg eller to menn heldt i henda, to jente kysser, rett og slett viss homofile og transpersoner lever eit vanleg liv med kjærasten sin i det offentlige blir dei arrestert. Styresmaktene på si side seier homofili er det same som pedofili og at sjukdommen kan spre seg dersom den blir sett eller nemnt. Dette resultere i at homofili og transeksualitet ikkje blir nemnd i media, på skular eller i det offentlige rom. Born lærer ingenting om det.  Samtidig blir homofile arresterte. Folk forsvinn. Folk blir banka opp, utan at nokon blir straffa for det, sjølv om alle veit kven som gjorde det. Det blir stadig blir lagt ut skrytevideoer på youtube der stolte, tydelige gjerningsmenn bankar opp homofile. I følge Amnesty International er dette hatet veksande i Europa og mange land prøvde å få Austerrike sin deltakar utvist frå Eurovision.
Då Conchita Wurst, som lever som både mann og kvinne, sanka stemmer frå heile Europa, mens ho sang om å få vera seg sjølv, sendte ho eit slag i ansiktitet på Putin, Russland og andre land som ser på homofile menneske som sjuke. Derfor grein eg. 

Jada, men dette er i Russland kan ein tenke. Og eg tenkte dette, heilt til eg tok meg ein tur inn på facebook før eg skulle legga meg. Der eg vart møtt med der var ein enorm mengde av hetsing av årets vinnar på min eigen facebook, frå eigne facebookvener.  Ein kommentar skilde seg ut: «Det hadde ikkje vore nødvendig med skuddpremie. Eg hadde skutt for moro skyld».
Eg trur ikkje den eine personen som skreiv dette hadde skutt Conchita Wurst på moro skuld. Men kva signal sender ein ut når ein skriv dette? Jo at årets vinnar er eit menneske, som er så ekkelt og patetisk, med så lite verdi at det berre kan skytast, for moro skyld. Fordi det er seg sjølv. Fordi det er tøffare enn dei fleste av oss her i salen nokon gong kjem til å vera. Kva signal sender det til den 16 år gamle guten som sit heime på rommet på Fossen og innerst inne ynskjer å vera som Conchita Wurst?  Jo, at han bør skamme seg over den han eigentlig er og at sånne som han er det lov å skade.

Ein undersøking av norsk ungdom i 2007 viste at 1/3 av homofile og bifile jenter hadde opplevd truslar om vald. For homofile og bifile gutar sa 50% at dei hadde opplevd truslar. Og når det gjald vald så alvorleg at den ramma har måtte oppsøke legehjelp seier 40% av dei homofile og 18% av dei bifile at dette har ramma dei. Dette skjer i Noreg i dag.

Me har ein enorm friheit i Noreg, men med denne friheita kjem det også eit ansvar. Ein stor del av friheita er ytringsfriheita. Retta til å sei kva ein meiner. Ytringsfriheita er viktig og har blitt eit symbol på utvikling og demokrati. Men sjølv om ytringsfriheita må beskyttast og sjølv om den er viktig, er det samtidig vår oppgåve å reagere dersom hatfulle eller diskriminerande meiningar blir fremma. Det er me som må ta avstand frå ytringar og handlingar, og reagere dersom kompisen vår på butikken eller facebook seier noko han ikkje burde sei.
Dette er ikkje alltid like lett. Det er lettare å le med, kanskje gje han ein "like" på face. Men viss me tar dette ansvaret, kvar einaste dag, kan me i framtida få eit samfunn der menneske ikkje blir diskriminert, hetsa eller utsatt for vald fordi dei er seg sjølv.

Conchita Wurst sang ikkje berre om transeksualitet og homofili, ho sang om å få vera seg sjølv, akkurat slik me vil vera. Om det er ein bonde på Njåstad eller ein fotballidiot i Haus. Om det er ein gutt som heller vil synge i kor enn å spele fotball, eller ei jente som vil gå på mekanisk istadenfor helse og sosial. Ho sang, for oss.

Demokratiet gjeld også på Osterøy. Her bur nesten 8000 menneske, der alle over 18 år kan vera med å bestemme kven som skal styra øya vår ved kommuneval. Rundt om i bygdene er det fullt av engasjement. Me kjempar for den lokale butikken og for grendaskulane våre. Uansett kva som er den beste løysninga, så ser eg på dette som eit sunnheitsteikn. Engasjement er alltid bra og ein viktig del av ytringsfriheita vår og demokratiet vårt. Miste me engasjement for korleis liva, bygda, kommunen og landet vårt skal vera, så miste me mykje.

Det kan av og til verka som om me bur i ein katastrofalt dårleg kommune utan håp. Men eg har tru på ei positiv framtid for Osterøy. Øyne er full av ressursar i form av menneske, som gjer sitt beste kvar einaste dag. Men ein av dei største utfordringa i kommunen er likevel fellesskap. Å møte framtida saman som Osterøy og ikkje som kvar enkelt bygd. Det er at på valestrand støttar bustadfelt i Haus. Det er at dei i Haus støttar utviklinga på Valestrand og kanskje til og med blir glade dersom Valestrand/Hjellvik rykker opp ein divisjon. Det er at folk frå Hamre ikkje berre kjempar for sin eigen skule, men òg for Bruvikskulen. Det er at me ikkje berre bryr oss og engasjerar oss når noko skjer med oss og vår lille bygd, men òg kva som skjer rundt oss på Osterøy. At me vil kvarandre godt og støttar alt det positive som skjer på øya.

Sjølv om kommunen har dårleg økonomi klarar Osterøy å ha eit fritidstilbod for alle ungar, ikkje berre for dei som spring raskast i klassen. Dette kan me takke frivilligheita for. I 2004 vart ordet "Dugnad" kåra til Noregs nasjonalord og dugnad er det fullt av på Osterøy. Eit eksempel er fotballbana i Haus som fekk kunstgras og vart opprusta i 2011. Arbeidarane gjorde arbeid på dugnad til ein verdi av 5 millionar kroner. Dette e enormt og det synlege resultatet visar at arbeidet vart gjort med nøyaktighet, stolthet og med kjærleik for bygda si. Slike prosjekt er synlege, med ei synleg resultat. Men dugnad og frivillighet er ikkje alltid like synleg. Det er mykje som foregår, som me nesten tek for gitt og aktivitetane er mange. Over alt på øyne er det vaffelsteikarar, loddseljarar, tidtakarar, kasserarar, teaterinstruktørar og trenarar, som gjev alt på frivillig basis. Det er ein person som tar boss-spannet til ungdomslaget ned til vegen kvar torsdagskveld. Sånt blir ikkje gjort av seg sjølv. Desse aktivitetane som frivillige organisasjonar skapar for born og unge er gull verd og er utruleg helsefremjande. Kanskje korpset vart den fyrste staden bornet opplevde mestring. Eller rein glede, for å ha funne noko det vil driva med. 

I eit samfunn der presset på barn og ungdom er enormt, kan me bidra til at borna får eit positivt sjølvbilete og ein robust sjølvtillit med seg vidare i livet. Ved å fokusere på mestring og sjølvtillitt og ikkje flest mål eller raskars 60-meter, vil borna få ein tryggheit på seg sjølv, som dei tar med seg i møtet med noko ukjent og framand. Som gjer at dei vil behandle andre menneske med respekt og likeverd i framtida.

Når barnebarna, oldebarna og tippoldebarna våre ser tilbake på dagens Noreg. Noreg i 2014. Kva ser dei då? Når det har gått 200 år til, korleis ser dei tilbake på vår tid? Kva val gjorde me og i kva retning førte me landet vårt? Det er viktig å ha med seg desse spørsmåla i alt me gjer. Når me stemmer ved eit val. Når politikarane vel å ikkje treffe Dalai Lama. Når eg skriv noko på facebook. Når kyrkja vel å fortsetje å diskriminere homofile. Når Stortinget bestemmer om me skal ha eit landbruk i heile landet eller ikkje. Når du får ein ny nabo, som kjem frå Syria.

Me trur kanskje ikkje sjølv, at me gjer den store forskjellen. Men val og ansvar me tar kvar einaste dag, forme samfunnet vårt. Nett som ein stemmeseddel ved stortingsval, som kan verke liten, men som likevel har stor betydning. Eit ord, ein handling banar veg. For me er frie menneske og me kan sjølv bestemme kva samfunn me vil leve i. Me kan sjølv føre Noreg i den retninga me vil, ved å bringa vidare gode verdiar til neste generasjon, motivera og gje sjølvtillit til borna og gjere slik at dei i framtida kan sjå tilbake på vår tid, med stolte auge.

Takk for meg!

11 kommentarer:

  1. Etter å ha lese årets 17.mai-tale på bloggen din, Tone, må eg sei at eg er djupt skuffa.
    Eg har registrert at du hadde talen på 17.mai i Haus i fjor, og at du fekk positive tilbakemeldingar på nettet.
    Årets tale,derimot, synest eg var totalt på bærtur.
    Eg hadde gleda meg til å lesa om grunnlovsjubileet, karane på Eidsvoll og ikkje minst historien bak grunnlova vår. Istaden las eg ein propaganda som messa meiningar om, og rettane til homofile.
    Denne talen hadde passa godt i amnesty international sin innsats for likestilling av homofile, ikkje på sjølve 200-års jubileet av grunnlova vår her på vesle Osterøy.
    Du skriv på Facebook at folk gjekk frå salen i protest og at det understreka verkelegheita. Vakn opp! Folk gjekk ikkje på grunn av at dei er homofobe, men fordi du ikkje ein gong kunne strekkja deg til å nemna Eidsvoll i talen din!
    Det hadde vore meir rett å snakka om dei som kom langvegsreisande til Eidsvoll for å forsegla grunnlova, dei som har bygd opp landet vårt og ikkje minst dei som har ofra livet sitt for vår fridom idag. Desse heltane burde du ha nemnt i talen din på ein slik dag.

    SvarSlett
  2. Solveig Hanstvedt19. mai 2014 kl. 00:08

    Dette var ein flott, sterk og viktig tale Tone! Verkeleg eit grunnlovsjubileum verdig. Du imponerer stort med ditt reflekterte syn på verden både før og i dag og du har eit verdiesyn som eg sei meg heilt einig i. Denne talen kan du være stolt av!

    Til deg som kommenterer før meg: at du vel å kommentere anonymt seier meir om deg enn noko anna!!! Talen har 20 avsnitt slik den er skreven her og berre 6 av dei omhandlar homofili så korleis du kan påstå at den er propaganda for homofile får meg til å lure på om du ikkje er "litt" homofob likevel. Du er sjølvsagt i din fulle rett til å meine kva du vil om talen, men anonyme meiningar synes eg feigt og vitnar om at ein person ikkje tørr å stå for det han/ho meiner.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for kommentar, Solveig! :) Utruleg kjekt å lese.

      Slett
  3. om folk vi være anonyme er vel om til kva og ein..en trenger ikke å være feig for det ..Uff uff ..alle har meninger og alle må tåle om en vil være anonym eller ikke ..Ingen er feige for det.

    SvarSlett
  4. Stakkars "anonym" som ikke fikk helteeposet fra Eidsvoll 1814 opplest for seg men måtte ta til takke med realitetsorientering av beste sort. De gjorde en grundig jobb disse som snekret grunnloven, uten tvil, men vi kan ikke suge på den karamellen i all evighet. Vi må som Tone Mjelde så utmerket sier det lære av historien ikke bare lese opp og gjenta delene som passer best.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for kommentar. Fint å sjå at nokon skjønte budskapet i talen min :) Det var akkurat dette eg ville fram til.

      Slett
  5. "Berre" 6 avsnitt om homofili... Noreg har ikkje, som Russland reglar som seier at det er forbode å vera homofil. Difor ser eg ikkje samanhengen mellom dette og 200-årsjubileet til grunnlova vår.
    Noreg har ei av dei eldste grunnlovene i verda, noko som fortel kor tidleg ute me faktisk har vore på denne fronten. På ein slik dag når ein skal markera og ikkje minst feira 200-årsjubileet som viser at me er eit demokratisk land, synest eg òg at Tone Mjelde har hatt totalt feil fokus. Dessverre.
    Fokuset burde vore ei reise gjennom tida, frå 1814 til i dag.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anonym 1 og takk for kommentar.
      Eg skjønar at du er skuffa dersom du forventa deg ein tale der eg lista opp enkelt-heltar opp gjennom åra, som dradd ut frå ein historie bok. Dette gjorde eg ikkje og det var eit bevist val. Det var ikkje for å undergrave viktigheita av heltar og kor fantastisk me har det i Noreg. Eg ville få fram at me alle saman, i demokratiet vårt, kan styre landet vårt i den retninga me ynskjer. Egentlig vera heltar kvar einaste dag. At me står framfor val kvar dag, som former liva og samfunnet vårt. Eg ville dra linjer med val som vart tatt for 200 år sidan og val som blir tatt i dag, samtidig å reflektere over korleis Noreg er om 200 år og korleis me vil sjå tilbake på Noreg i 2014.
      Eg brukte homofili i Noreg og Russland som eit eksempel på diskriminering og mangel på toleranse i samfunnet vårt. Mange andre grupper kunne vore nemd (i fjor var det innvandrarar). Budskapet blir det same: Me må ikkje la frykta og fordommane for det ukjente ta overhand i liva og samfunnet vårt, som det gjer med jevne mellomrom opp gjennom historien vår og i andre land (som eg også prøvde å vise med eksempel). Me er kanskje ueinige, men eg synst det er eit budskap som passar inn på ein slik dag.

      Slett
  6. Tones Propaganda, det ble ikkje tatt godt imot i Haus og no Lonevåg. 17 mai talarstolen er ikkje en scene for å spre sine personlige meninger og prat som kan taes andre steder med likesinna mennesker. Det var personer på 17 mai i Lonevåg som ikkje er fra Norge og hadde gledet seg til å høre om sitt nye land og historien som vi er så stolte av, dette budskapet om folka på Eidsvoll, unionsoppløsningen, Norges helter i krig og elendighet, de som bygget landet, tok vare på våre kristne verdier og vår nasjonalsang. Istedet blir man sittende å høre på en PR kåt persons meninger om dama med sjegg fra Melodi Grand Prix som sutra seg til seier, stemme hadde hun, men hva har hun med vårt land og gjøre? Kunne heller nevne at det var en osterøy gutt som representerte Norge om det måtte nevnes noe om MGP
    Dette satt en demper på vår alles 200 års dag, som ellers var en fin dag med hotdog og is, luftgever og fiskedam.
    Slutt og front dine egne meninger på nasjonaldagen vår, lei deg et lokale som alle andre og fortell det du vil til de oppmøtte.
    La oss beholde vår dag uten ekstreme meininger og propaganda.

    Takk for meg

    SvarSlett
  7. Kjære anonym.
    Om du ikkje føler du kan stå for orda dine så syns eg heller ikkje du skal publisere dei.

    Hvis jeg bare hadde valget mellom feighet og vold, ville jeg tilråde vold.
    Mahatma Gandhi

    SvarSlett
  8. 17 Mai er en dag som oftest blir brukt til å snakke om alt vi liker med Norge, hvor fantastisk fantastiske vi er og jeg elsker at Tone innimellom all den sukkersøte selvforherligelsen tør å peke fremover mot utfordringer vi står overfor og utfordringer vi kan komme til å stå overfor i fremtiden.

    Jeg må jo bare kondolere til "Anonym" som tydeligvis har fått ødelagt 200 års-jubileet sitt av en jentunge med litt bredere verdensbilde enn han/hun selv.

    SvarSlett