lørdag 9. januar 2010

Trening

Visste du at 73% av oss trener eller mosjonerer ein gong i veka? Herreguuud så flinke de e altså! I dei siste, hmm... 2-3 månadane har eg såvidt rørt på kroppen min. Da vil sei at eg e ein av dei 27% som ikkje trener eller mosjonerer ein gong i veka. Men dette skal sjølvsagt forrandra seg. "Nytt år og nye moglegheiter", bla bla bla... Høyrt det før ja.

Eg har kome fram til at problemet mitt e:
Kjenslane mine e som ein jojo. I da eina augenblinken e eg nermast ein treningsnarkoman som trur eg kan springe opp Mount Everest, i den andre augenblinken klarar eg såvidt å tenka på å løfte handa for å finne fjernkontrollen. Eg har rett og slett ei psykisk helse, som kan samanliknast med ein hormonell tenåring eller ei dame i overgangsalderen. Kanskje eg e værre, når eg tenke meg om.

Eg beundre folk som klarar å trene jevnlig og ikkje minst dei som faktisk har LYST å trene. For der slit eg. Den einaste sporten der eg ikkje føler at eg trenar, er fotball. Men korleis finna eit lag som ikkje er seriøse, men samtidig ikkje alt for useriøse? For. Eg vil ikkje spela kampa og stressa på med å vera god og sånn, men samtidig må jo gjengen ha lyst te å spela og møta opp når dei skal osv. Det e tross alt trening (utan at ein veit det eller tenkar på det sjølvsagt). Men herregud. Da e nok ein dårleg unskyldning.

Så problemet mitt er ikkje at eg ikkje trene. Problemet er at eg tenke for mykje på om eg vil eller ikkje vil trene. Korfor ikkje berre trene? Korleis forandra korleis ein tenker?

Ka med deg?
Kor mykje trene du? Liker du å trene? Og kva?

2 kommentarer:

  1. Nett so eg sku sagt da sjøl!! kan ikkje hugsa sist eg gjorde noko aktivt utanom å gå til og frå busstoppet... Kan ikkje sei eg lika da ;) Men no e da jo påskeferie! Då har me jo god tid å trena på.. jadå.. skjer heilt sikkert...

    SvarSlett
  2. Ja, ikkje sant. Og så går ein å tenke på da og tenke på kva ein burde og ikkje burde. Og presse deg sjølv så mykje med tankane at du blir så utslitt at du ikkje gidd å trena:P Huff huff huff;) I påsken ja. Då endre nok alt seg, skal du sjå;)

    SvarSlett