lørdag 15. mars 2014
fredag 14. mars 2014
Der ingen er gode nok
Eg sitt i klasserommet og ser rundt meg. Det er fullt av
vakre, verdifulle menneske. Dei ser litt trøtte ut, men elles glade, fine og nøgde.
Det er lett for å tru at livet deira så langt har vore ein dans på roser og at
dei fleste er lukkelege, men så byrjar me å snakke og sanninga kjem fram. Sjølv
om dei fleste er over 20 år, er mange usikre, redde og av eiga meining absolutt
ikkje gode nok. Det er så mykje dei burde gjere og så mykje dei burde sagt, så
mange ting dei gjer feil og så mange ting som kunne vore betre. Vips, så var me
visst ganske like likevel.
Presset i samfunnet vårt aukar stadig og media har mykje av
skulda. Me ser dei såkalla perfekte menneska over alt og me får tips om korleis
me også kan bli så perfekte. For det er mogleg, berre du vil det og berre du
arbeidar hardt nok. Rundt oss lyser dei vakraste smila og dei tynnaste kroppane
frå plakatar og blader, som før dei gjekk i trykken har blitt retusjert på alle
tenkelige måtar. Me ser på Paradise Hotel,
der alle andre kroppar enn den tynnaste på hotellet blir hengt ut som stygge og
feite. Me les bloggar om seksten år gamle jenter som ser ut som dei skal på ball
når dei skal på skulen. Og så fotballfrua då, som spratt opp av fødesenga og
rett på tredemølla. Me møter heile tida denne sminka verda, som minnar oss på
kor usminka og uperfekte me er og korleis me eigentleg burde vera.
Eg seier ikkje at alle går i grøfta av å sjå på Paradise Hotel, men ein skal vera ganske sikker på seg sjølv for å ikkje la alt dette gå inn på seg og kven er vel det i for eksempel ungdomstida? Me hugsar vel alle korleis tida som ungdom var, med usikkerheit og utfordringane som stod i kø. Sjølv om ungdomstida heilt sikkert alltid har vore tøff, så ser me at stadig fleire og fleire ungdommar stressar seg sjuke. Helsesøstre rundt om på skulane i Noreg har fleire gongar slått alarm dei siste åra fordi dei møter rekordmange utbrente ungdommar, som gjer alt for å vera best på alle område i livet. Ein undersøking frå Sverige visar at ein av tre svenske ungdommar er konstant stressa. Ein av tre! Å leve med stress over lengre tid kan få alvorlege konsekvensar for helsa vår og er ofte ein forløpar til angst og depresjonar. Me risikerer rett og slett å miste fantastiske menneske som gjer sitt beste, men som aldri blir gode nok.
Da e viktigare no enn nokon gong at foreldre, lærarar og
andre viktige vaksne fortel born og unge at dei ideala dei ser på framsida av
eit vekeblad, med retusjerte kroppar og uhorveleg med energi ikkje er
realistiske. At den jenta som er flinkast på skulen, fordi ho ikkje gjer annan
enn å arbeide med lekser, mest sannsynleg kjem til å slite seg ut. Møte veggen
ein eller annan dag. At dei bileta og dei fantastiske liva ein ser på Facebook
ikkje representerer korleis livet eigentleg er. Born og unge treng å bli
fortalt og vist at menneske sin verdi ikkje er avhengig av kor lange bein du
har eller kva som står på vekta. Me treng fleire menneske som høgt og tydeleg hyllar
menneske i alle form og fargar, som innrømmer at dei slit med å kome seg opp om
morgonen og at fødselen var noko herk. Det er ikkje snakk om klaging. Det er
ikkje snakk om å legge ut om sine mest djuptgåande problem på butikken. Det er
snakk om å visa kvarandre at me er menneske, noko som utruleg nok har blitt
lett for å gløyme i desse dagar.
Dette er ikkje ein kritikk mot rosabloggarane eller mot
tynne kroppar. Det er ein kritikk til alle oss som godtar det, som hyller det
og som klikkar rundt på alt dette perfekte vaset og trur det er slik det må
vera. Det er ein kritikk mot at me finn oss i det, at media faktisk får lov å
bestemme at dersom du skal vera på framsida av eit blad så må bladet retusjere
deg, ikkje berre tynn, men drittynn fyrst. Eller dersom du skal vera
nyheitsankar på TV2, så må du sjå ut som ei dukke med så kvite tenn at dei
heime i stova nesten blir blenda.
For kva samfunn skaper me tilslutt, dersom målet om det
perfekte får regjere? Har me plass til personar med nedsett funksjonsevne? Har
me plass til psykiske lidingar? Har me plass til nedturar som livet byr på? Har
me plass til dei kronisk sjuke? Har me plass til menneske, med sine
menneskelege feil og manglar, som alle menneske har?
Eg vil ha eit samfunn der alle kan vera seg sjølv, utan å konstant gå rundt å tenkje at ein aldri blir god nok. Eg skulle ønske me kunne stoppe opp inni mellom og tenke at det ikkje er krise med den derre valken på magen. Eg har ein kropp som fungerar, eit hjarta som forelskar seg og ein hjerne som kan løyse mange problem. Kvar einaste dag gjer eg så godt eg kan, med det eg har. Og jaggu er det godt nok.
Jaggu, er eg god nok.
Kronikken stod på trykk i Bygdanytt 11/3-14
Kronikken stod på trykk i Bygdanytt 11/3-14
torsdag 13. mars 2014
Kvardagens sus
Eg treng ein morgon
utan mørke tankar
utan frykt og angst
Eg treng ein dag i solskinn
eller regn
utan bruk for auga i nakken
Stemma i hovudet
Eg treng ein kveld
med den kjensla
du veit den kjensla
Som fortel heile kroppen din
at alt skal gå bra
Du kan slappe av
Eg treng ingen dyr tur
Ingen store festar
Ingen lange feriar
Ingen store bryllaup
Eg treng ein kvardag
Med morgoner, med dagar, med kveldar
Med ro
utan mørke tankar
utan frykt og angst
Eg treng ein dag i solskinn
eller regn
utan bruk for auga i nakken
Stemma i hovudet
Eg treng ein kveld
med den kjensla
du veit den kjensla
Som fortel heile kroppen din
at alt skal gå bra
Du kan slappe av
Eg treng ingen dyr tur
Ingen store festar
Ingen lange feriar
Ingen store bryllaup
Eg treng ein kvardag
Med morgoner, med dagar, med kveldar
Med ro
onsdag 12. mars 2014
I live, utan å leve
Eg er redd for å aldri bli elska
Redd for å elske
Eg er redd for å bli forlatt
Redd for å forlate
Eg e redd for å vakne
Redd for å sovne
Eg er redd for å døy
Eg er redd for å leve
Redd for det meste
Redd
Redd
Redd
Redd for å elske
Eg er redd for å bli forlatt
Redd for å forlate
Eg e redd for å vakne
Redd for å sovne
Eg er redd for å døy
Eg er redd for å leve
Redd for det meste
Redd
Redd
Redd
tirsdag 25. februar 2014
Eit tre
Eit epletre i Sogndal
Står der trygt og godt
Rundt det ruvar husa
men eplehagen har bestått
Eit oliventre i Palestina
Med brannsår på sin kropp
Ingen lenger haustar
Frå treets stolte topp
Epleslang er treet
i Sogndal si største frykt
Det hender innimellom
Men oftast står det trygt
I Palestina er det annleis
Der hogges tre kvar dag
Og treets rette eigar
Bygger opp sitt nag
Kvar med lange røtter
Kvar fulle av tradisjon
Kvar med eigen herre
Som sådde dei i jord
Tone Mjelde
Står der trygt og godt
Rundt det ruvar husa
men eplehagen har bestått
Eit oliventre i Palestina
Med brannsår på sin kropp
Ingen lenger haustar
Frå treets stolte topp
Epleslang er treet
i Sogndal si største frykt
Det hender innimellom
Men oftast står det trygt
I Palestina er det annleis
Der hogges tre kvar dag
Og treets rette eigar
Bygger opp sitt nag
Kvar med lange røtter
Kvar fulle av tradisjon
Kvar med eigen herre
Som sådde dei i jord
Tone Mjelde
torsdag 30. januar 2014
Historia
I dag er det den internasjonale Holocaustdagen. 6 millionar jødar, 450 000 sigøynarar og 250 000 funksjonshemma og homofile vart drepen på nokre få år.
Me må ikkje gløyme at Noreg hadde jødeparagrafen i si grunnlov, som sa at ingen jødar fekk kome inn i Noreg. Og ikkje minst at den vanlige mannen på gata var med på den uretten som fann stad. Kor lett det er å havne i eit samfunn der me skiller menneske frå menneske og der nokre har meir verdi enn andre.
Gløymer du historia, kjem du til å oppleve den på nytt!
Me må ikkje gløyme at Noreg hadde jødeparagrafen i si grunnlov, som sa at ingen jødar fekk kome inn i Noreg. Og ikkje minst at den vanlige mannen på gata var med på den uretten som fann stad. Kor lett det er å havne i eit samfunn der me skiller menneske frå menneske og der nokre har meir verdi enn andre.
Gløymer du historia, kjem du til å oppleve den på nytt!
onsdag 22. januar 2014
Hovudet i fanget
Han spør om han kan få legge hovudet sitt i fanget hennar.
Ho har aldri hatt hovudet til ein mann på fanget før, men seier ja. Han ligg
der og ser på ho. Ser opp på ansiktet hennar, som sikkert ser rart ut frå den
vinkelen. For å ikkje snakke om polyppen i nasa, som sikkert er ganske synleg
der ifrå. Kvar skal ho sjå, når ein mann ligg i fanget hennar og ser på ho. Ser
ein tilbake? Han lukkar tilslutt augene, seier at han kunne lagt der for
alltid. At akkurat no er han heilt avslappa, som aldri før. Ho slappar ikkje
av, men det er fint likevel. Fint fordi han har det bra og av ein eller annan
grunn liker å ligge der. Liker å sjå på ansiktet hennar frå den verste vinkelen.
Ho lurer om han kjenner dei. Hjarteslaga hennar som bankar i heile kroppen. Om
han kjenner at ho skjelver, utan å sjølv skjønne kvifor. For ho er ikkje redd. Det
er berre uvant. Uvant og fint.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




